søndag 30. januar 2011

Tjuvstart på friarferd

Januarsol ved Blåfjellsåta i går

Ho var tidleg ute på friarferd, padda, som låg flatklemd i asfalten nedanfor demma i dag. I sitt tidlege forsøk på å bringe genene sine vidare, låg ho der med magen ut gjennom munnen. Ho hadde kvekka for siste gong. Vel, visse andre var òg tidleg ute i so måte. Og enkelte har vel av og til følt seg som ei sundetrakka ausa, men framleis med målet intakt. No skal eg ikkje dra dei parallellane for langt. Padda sitt forsøk derimot gjekk iallefall skeis. Trøsta får vere at ho sikkert var fylt av amorøse kjensler i sine siste leveminuttar. Og det er no noko det òg. Likevel var ho vel temmeleg døgnvill, eller års-vill, kan vi seie. Kanskje ikkje så rart heller. Vinteren var jo i november og desember, og no i månadsskiftet til februar er det nesten vår. All snø er borte og det er fleire varmegrader i lufta. Hormonane kan jo boble over av mindre...

No hadde vel padda ikkje særleg naud der i sitt endelikt for eit tidleg vårnummer. Døden kom nok som lyn frå klår himmel. Andre med sundetrakka restar frå kjenslelivet, får no lime i hop att flisene, krumme nakken, og sjå seg vidare i livet. Det fine soleis er jo at den nye dagen bringer nye høve for å lukkast. Og tap blir ofte til siger ved neste korsveg..... Det gjeld å sjå framover. For livet er ferskvare...!

Vel, nok om det. Eg kom meg ikkje på fjellet igjen i dag. For etter at meldingane sa storm ved Stad med regn og sluddbyger, forsvann liksom noko av lysta. Og når i tillegg skodda låg i Skålefjellet og Portafjellet, slo eg det heile i frå meg. Eg går ikkje når eg ikkje har lyst. Så enkelt er det. Og når kjensla ikkje er der, så er det betre å bruke energien på noko ein får noko att for i staden for å søle vekk energien på det som er dødfødt.... Eg knytte difor på meg joggeskorna og sprang til Osland og heim igjen. Friskt og godt. Så slik vart den søndagsturen. Kanskje like greitt. Den gode kjensla frå turen i går sit framleis i kroppen. Eg trur eg sug på den karamellen litt lenger. So då so...:-)

Ingen kommentarer: