lørdag 8. januar 2011

Tøff tur i rennefòk

Middagsnipa i dag

Eg måtte gjennom eit infernalsk slit for å komme meg opp fjellet til under Indrevågefjellet i dag tidleg. At det låg mykje snø, var jo lett å sjå frå fylkesvegen. Men at det var fòke til noko så grådig i deler av ruta opp, var verre å få med seg nede i frå. Midt i brattaste delen ved Skoraholten, gjekk fonnene meg til livet. Eg stod plutseleg bom fast og hadde ikkje sjanse å komme meg vidare opp. Eg måtte difor eit stykke ned igjen for å finne ein ny trassè opp. Det var eit blodslit. Og to gonger heldt eg på å gå rett ned igjen. Men å gi opp to fjell på to turar - der gjekk grensa...! Eit par slurkar med XL-1, ein pust i bakken og ein alvorleg prat med meg sjølv, hjelpte godt på. Så jammen kom eg meg opp det brattaste partiet og forbi hamrane òg.

For dei som stussar på at eg ikkje brukar ski, så er det fordi første delen av turen opp er veldig bratt og i ulendt terreng. Eg har difor funne det mest føremålstenleg å bruke trugar lenger oppe i staden for å bere skia her nede. 

Rennefòket og kulingen møtte meg på kanten av fjellet...

Midt oppe i fjellet var snøen fòken meir nord/sør. Litt fastare var han i konsistensen òg. For å trakke minst mogeleg gjennom yta, gjekk eg over einerkavar der dei stakk opp. Og over ein og annan bergknatt. Så nådde eg endeleg opp på kanten av fjellet. Men her fekk eg andre utfordringar å hanskast med - søraustvinden og rennefòket. Eg fekk heile drevet og kulingen midt i fleisen. Det hjelpte likevel godt på å får på seg brillene. Så var det på med trugane, og den vidare oppstigninga til Indrevågefjellet. Å snu var ikkje noko alternativ. 

Turen vidare opp, aust av Indrevågefjellet og til Middagsnipa, gjekk heilt fint. Her er det trass alt litt meir kuppert enn lenger nede. Landskapet var dekka av is, skare, snaublesne rabbar og fòksnø. Jerna under trugane kom godt med.... Vèret var stadig ei utfordring. Eg måtte dekke til all bar hud i ansiktet.

 Fòksnø og is på ruta austover mot Middagsnipa

Eg fekk skifta på meg skikkelege klede inne på toppen. Så såg eg det tjukna til frå sør og vest. Nye snøbyger var på gong. Med den sterke vinden i tillegg, var det i grunn berre å pile seg ned igjen same vegen før sikta forsvann. Eg gjekk difor raskt vest til Indrevågefjellet igjen. Her stod rennefòket som ein kvit vegg rundt fjellet. Og litt lenger nede fauk snøen noko grassat rundt øyra på meg. I tillegg til at dei første snøfnugga traff meg vassrett i ryggen. Eg gjekk fram på kanten igjen, og fekk av meg trugane før nedstigninga. Deretter fort ned igjen fjellet, stort sett ved å følgje spora frå turen opp. Over Vågeskardet var det godt å ta på seg trugane igjen.

Tøff tur dette. Og ikkje så reint lite slit å nå toppen i dag....

Fra Middagsnipa 080111

Utsikt mot Portafjellet og Vardenova frå toppen på Middagsnipa.

Ingen kommentarer: