tirsdag 18. januar 2011

Kapittel 2

Frå Heileberget ser vi godt ned til Dale. Toppen oppe t.v. Foto 21/11-10.

Eg tok meg ein ny joggetur i ettermiddag. Og sidan det var slaps som var begynt å fryse på oppover mot Osland, tok eg turen langs fjorden til Størdal. Kanskje kan jogginga hjelpe til med å halde forma vedlike? Likevel er det på alle måtar mykje meir interessant å komme seg opp i høgda. Det blir stakkato og nesten litt kjedeleg å springe på asfalt. Ikkje er det same fysiske utfoldelsen heller som å komme seg opp på toppane. 

Vel, vel i nøden spiser som kjent fanden fluer, og det lysnar for kvar dag no. I morgon er det i tillegg meldt fint vèr, så kanskje, kanskje....:-)

3 kommentarer:

AG sa...

Eg vakna med lunger som skreik etter luft,og halsen var sår, som skulle eg vore på fest i går.
Nei, her måtte noko gjerast før sykja sette seg fast.
Skogstur var svaret eg kom på i farten, og etter frukost, og luft frå ei flaske eg sette i veg.
Opp langs vegen til Håvard det bar, over elva og opp første bakken, eg kjende at dette gjekk bra eg var eg noke til kar.
I andre bakken så starta lungene å pipe, no var det tungt og svetten den silte.
Då eg starta på tredje bakken spytta eg blod og snørret rann i strie straumar.
Kroppen skreik stopp, eg vil ikkje meir.
Men no var eg kommen i stimen og tenkte eg gir ikkje opp før målet er nådd, men frukosten ville opp.
Eg runda kanten på toppen av skaret , med snø langt opp på leggen eg snubla i veg.
No vart eg på ny noko til kar, for utfor og ned imot kloppa det bar.
Eg nerma meg stølen, eg sprang det eg kunne.
Over elva det bar på ny, og enda ein bakke imot meg sto.
Eg tenkte at dette er slett ikkje bra, kanskje eg kjem til å sprenge meg no.
Men sakte og sikkert eg oppover rennde og lungene kjenndes ut som om dei vart sprengde.
På toppen eg såg ut imot vatnet og viste at no er det snart ende.
Ned og over demningen det bar og etter dette det berre asfalt var.
På veg ned mot bygda eg Reidun treffte og saman mot bygda vi stemnde.
Då eg seinare i dusjen sto, kjende eg at turen ikkje hjelpte det spor, for halsen var fortsatt like sår og lungene svei som før.
Men i morgon er det igjen ein ny dag og då skal eg legge meg på sofaen og sjå kor det går.

Unknown sa...

Gud nå meg til tur du har hatt i dag då... Eg veit ikkje heilt om eg skal le eller grine...! Og kva som har skjedd i ørska, er ikkje heilt godt å vite heller. Litt ironi og litt fleip i tillegg? Men du har no trass alt greidd å rekonstruere turen, delvis på rim, så det tyder no bra! Du er no ikkje døyande då...:-)

Sykja har vi hatt her òg. Av sorten ein skal vere varsam med detaljar om. Kan sjå ut som eg har sleppt unna - til denne tid. Spyla systemet med 5 liter vatn i går...:-)

AG sa...

Det gjekk bra men var hart når det sto på og det er ikkje tull.
Problemet er at det er lenge mellom kvar gang eg er sjuk og då har det hjelpt med ei skikkeleg utblåsing, men eg kjenner det riv og slit nedanfor snippen i dag og så det hjalp ikkje.