søndag 23. januar 2011

Dårleg søndagsvèr

Fossedalshengenipa 8/10-10

Så fekk vi diverre nok ein søndag med elendig turvèr. Tjukk skodde heilt ned i fjorden. Yr i lufta. Og sjølv om eg hadde ein god joggetur i går, var det på igjen med joggeskorna i dag. 

Eg tok turen utover i retning Staveneset. På veg utover traff eg Dag Tore i bilen innover. Og etter at eg hadde snudd ute ved Underset, var han komen ut igjen på Mjåset, og i gang med å rake lauv på plenen. Så vi slo av ein liten prat. 

Artig var det òg å sjå sjeviot-sauene på bøane... Men saueskiten i vegen var no kanskje so som so... Ja, for det var nesten litt vår i lufta. Og då eg passerte fellesfjøsen, forsterka berre den gode fjøslukta denne kjensla. Vår i januar? Nei, det er sjølvsagt for tidleg. Men rart med det.... Etter kulde, is og snø i desember, og fleire varmegrader, lysare i vèret og ingen snø no, er det nesten som ein tjuvstart på våren her. Dette seier eg sjølvsagt for å terge dei som har busett seg lenger inne i landet, og som slit med mykje snø... For ingenting er som kysten veit du - på alle måtar!

Elles er det no tydeleg at føtene mine slett ikkje er vane med denne asfalt-springinga. I ettermiddag er lår og legger blytunge. Det er no greitt nok. Det går fort over. Eg er mykje meir redd for knærne, men dei er heilt fine førebels. 

No håpar eg inderleg på litt godvèr igjen så eg kjem meg opp att i høgda. Får satse på ein god hovudlykt-tur i veka som kjem...

2 kommentarer:

Odin Hestholm sa...

Kajakk Gustav! Kajakk!

Unknown sa...

Kajakk er sikkert bra Odin. For dei som kan bruke den. Eg prøvde ein gong på Haugland, men då kvelva eg og heldt på å drukne....:-)

Som du har forstått liker eg meg dessutan best di høgre eg kjem over vassflata... Og i kajakk får ein vel så mykje musklar på overkroppen at dei blir tunge å dra med seg opp i høgda...:-))