lørdag 20. november 2010

Krevjande vintertur

Dalsfjorden frå Heileberget i dag

Eg avtalte med Agnar i går at vi tok ein tur i lag på Heileberget på nordsida av Dalsfjorden. Så han kom frå Førde og henta meg heime i Stongfjorden klokka 08, og saman køyrde vi til Rivedal. 

Vi gjekk opp vegen til demma, hoppa over elva, og forserte opp bakkane på Hundeheia. Laussnøen kom fort på oss. Og vi sakk gjennom eit tynt lag med skare. Heldigvis tok vi med oss trugane. Vi gjekk likevel opp heile heia her vest, og opp det bratte skaret, utan. Ei spak novembersol stod opp i sør ved Guddalsfjella då vi kom opp under skaret. Fin velkomst for dagen. 

 Agnar på Hundeheia i dag tidleg

Vi klatra opp skaret heilt oppe under fjellet, sidan det ikkje låg snø her, og kom oss greitt opp på toppen. Praktfull utsikt til Rivedal og Straumsnes. Og Agnar kunne kry stadfeste at han såg gamlehuset til foreldra på hi sida av fjorden.  

Så bar det vidare innover fjellet mot Driveknolten. Det er langt inn hit. Spesielt med stadvis djup snø å ta seg fram i. Men her var trugane til god hjelp. Vi kom oss såleis greitt inn under Driveknolten. Her fann vi oss litt næring og drikke frå sekken. Energidrikken min var allereie ei halvfrosa issørpe. Temmeleg kald å svelgje sjølvsagt... Deretter klauv vi opp på den synste toppen på Driveknolten. Utsøkt utsikt til mellom anna Dalsfjorden, Øyna, Dale og Eikenes. 

 Nesten framme på Fløien. Dale t.h.

Det baud på litt problem å kome seg ned på austsida her. Bratt utfor. Men vi fann ei skår som vi glei ned med trugane på. Det neste stykket innover var fjellet meir blese av, så her sette vi frå oss trugane og heldt fram til fots. 

Agnar hadde lufta tanken om å gje seg ved Driveknolten. Og her litt lenger aust hadde han bestemt seg for at det var nok. Han skulle heim igjen òg sa han. Fornuftig tanke. Vi hadde allereie gått i tre timar. Tre stive timar for å seie det på den måten. Så brått var han ikkje å rikke meir. Han ville ta ein pause og ete, så kunne eg halde fram og ta han igjen ut igjen. Vel, som sagt så gjort. Eg ville inn på trimposten. 


Eg merka fort at det var ein aldri så liten tabbe at eg sette igjen trugane lenger vest på fjellet. For no var det blitt ganske djup snø igjen. For dei som er litt kjende her oppe, så er det eit ganske langt stykke frå Driveknolten og inn på Fløien. Når det i tillegg låg så mykje snø, vart det tungt ja... Men eg beit det i meg. Opp hammar og ned hammar, så det same igjen, og igjen. Heldigvis er eg i bra form, for elles hadde eg ikkje kome meg inn der i dag. Men det gjekk ganske greitt likevel. Eg toppa ut ganske nøyaktig klokka 12. 3,5 tøffe timar etter at vi starta frå Rivedal. Litt sedvanleg fotografering måtte sjølvsagt til. 

Vel framme på Fløien i dag. Dalsfjorden mot Bygstad t.h.

Eg tok meg ikkje så mange minuttane pause før eg gjekk ut att same vegen. Vi hadde avtalt at Agnar skulle bie på til eg tok han igjen. Men ganske kjapt fekk eg ein telefon om at han var begynt å gå ned ved Driveknolten mot Atlevatnet der vi ville ta returen. Det var sjølvsagt kaldt å sitte lenge i ro i desse barske omgjevnadene. Eg sjølv gjekk i bra fart utover igjen, fann att trugane etterkvart, og følgde spora til Agnar nedover. Og tok han att vest i bakkane mot Atlevatnet.  

Det låg ein god del meir snø her på nordsida av Heileberget enn opp på og lenger vest. Glad var vi iallefall for trugane. Noko anna hadde rett og slett ikkje gått. For det var null underlag for laussnøen. Det vart difor eit tøft løp ut igjen til vestenden av Atlevatnet. Vi skifta litt på å gå først då det var litt lettare å gå bak. Og etter litt om og men kom vi oss ned til fossen under utløpet av vatnet. Her følgde vi eit hjortetrakk eit stykke, før vi tok av oss trugane og heldt fram til fots ned Vagstaddalen.  

 To lett slitne karar i Rivedal igjen

Det krevde sin mann turen i dag. For å bruke det uttrykket. 6,5 tøffe timar. Så dagen gjekk med. Rart å tenke på kor årstidene skiftar. Mange av turane på Driveknolten hitt året gjekk i joggesko og shorts. Beinflaug Heileberget. Men det er jo sjølvsagt dette som er sjarmen med fjellivet. Hadde vore kjedeleg hvis vèr, vind og årstider ikkje skifta litt...!

Takk for turen Agnar! Som vanleg var det ei flott stund...!

Fra Heileberget 201110

Ingen kommentarer: