onsdag 17. november 2010

Blytungt på Svarthamrane

 Ved varden
 Mot Holmedal og Dokka
 Mot Blegja i aust
Mot Stongfjorden og Florø
Foto frå Svarthamrane i kveld ca 18.45

Endeleg klaffa det med ein fjelltur igjen. Fleire dagar sidan sist. Dårleg vèr og familiære ting har heldt meg i ro. Men no var livet på rompa begynt å gå ut over humøret. Og rastløysa etterkvart merkbar. Eg prioriterte difor høgt ein tur på Svarthamrane etter arbeid i dag. 

I hadde nok i bakhovudet at det kunne bli hardt. Men at det vart reine manndomsprøve hadde eg ikkje tenkt. For du verda kor snø det låg opp i høgda. Eg stod til låra mange gonger. Det verste var likevel at skaren ikkje heldt. Den tanken streifa meg nok på førehand, men i tillegg til all snøen, vart det beintøft. Å gje opp er likevel sjeldan eit alternativ. Så òg i dag. Men eg måtte ta telling fleire gonger oppe i brattaste skaret. 

Kvelden var likevel fantastisk. Og i toppen på skaret kvapp eg regelrett til då eg såg opp frå lyskjegla på hovudlykta, og rett inn i ein fantastisk lysande måne midt imot. Han kom så brått til syne for meg at eg nesten vart blenda. Månen hadde vore skjult heile vegen opp frå Gjerdedalen. Godt i skjul bak Skålefjellet. Det var ei merkeleg oppleving, det tiendedels sekundet eg ikkje skjønte kva det var....

På toppen knipsa eg nokre bilder med sein lukketid. Månen gav nok lys. Men ein sur austavind fekk meg der i frå etter nokre få minuttar. Og eg måtte gje på ned igjen for å finne varme igjen. 

Olaug lurte forståeleg nok på om det måtte til ein redningsaksjon i kveld. Eg brukte mykje lenger tid enn vanleg. Om ikkje det fullt var ein time, så var det ikkje langt i frå. Tøff og flott tur...

Ingen kommentarer: