søndag 10. oktober 2010

Sesongstart...

Storehesten i morgonskodde frå sørsida av Blegja 
i dag tidleg klokka 10.20, 10/10-10
(Hadde eg tenkt på det skulle eg vore der 10 minutt før...:))

Det var dagen for utlegging av dei nye fjelltrimpostane i dag. Eg valde likevel klassikaren min frå Rørvika til Blegja og Synste Stauren, vidare vestover Blåeggga til Eitrenipa og Skjerlia. Dette er ein av dei finaste turane eg veit her ute. Ikkje minst når det gjeld utsikt. Men sjølvsagt er turen litt krevjande. I dag brukte eg vel 7 timar, inkludert ein drøs i lyngen på Eitrenipa. Blegja er fast trimpost kvar sesong...

Eg køyrde rundt via Førde i går kveld etter laget til Mildrid (bloggen i går). Og med turen i dag i tankane då eg la meg, var eg oppe igjen kl. 5.30. Det var no sjølsagt vel tidleg, for det var ei god stund til det lysna av dag. Eg var likevel svolten etter alle søtekakene kvelden før, så det var berre å komme seg opp og i gong. 

Då var det inn igjen same vegen som kvelden før. Eg var på plass i Rørvika før 7.30. Eg måtte ha hjelp av innelyset på bilen for å sjå og feste gamasjane. Men berre nokre minuttar seinare var det lys nok til å gå. Så då var det berre å ta bakkane fatt. 

Skodda låg ganske så tjukk då eg begynte stigninga oppover. Men litt lenger oppe i bakkane kom eg over skoddelaget, og her var det retteleg fint. Artig å sjå ned igjen i Rørvika, eller retningen mot Rørvika, for fjorden låg dekt av eit lòk med skodde. 

 Skodde i Rørvika i dag tidleg
(litt feil innstilling på kameraet)

Lauva på trea skein i knall gult. Tida før lauva fell, er fantastisk flott. Vi har difor vore heldige som fekk denne flotte solskinnshelga. For snart forsvinn alle desse fantastiske fargane. Naturen spelte opp til sin lysorgie denne helga. Eg blir audmjuk, glad og melankolsk av alt det perfekte som er å sjå, som no legg seg til ro, før neste blømingstid. Eitt år er omme, men samtidig startar eit nytt på sett og vis.... Det er som vi går i eitt - åra, epokane, naturen, fjelltrimmen og eg...  Kjensla av å gå i eitt med omgjevnadane er noko eg set pris på. Det har religiøse overtonar...

 Utsikt mot vest under Rørviknipa

Som vanleg fekk eg trekken oppe under Rørviknipa. Det slær aldri feil, same kva retning vinden kjem frå. Og sidan eg var tidleg ute, var den ekstra kvass i kantane. Eg hadde likevel utrusta meg godt i dag, og visste kva som måtte til. Vindtett og ull er dei sjølvsagde stikkorda nesten for ei kvar årstid i fjellet, men du merkar dette ekstra framover no. Bølgjene på det vesle Nipevatnet gjekk faktisk kvite. Det er sjeldan eg ser. Men ikkje nok med det - då eg heldt fram vidare oppover urane mot aust, dreiv skodda i vill fart gjennom "salen" frå nord mellom Rørviknipa og Blegja. Jaha, det var ikkje heilt som berekna... 

Eg blanda meg som vanleg noko XL-1 i den vesle elva som kjem ned frå sørsida av Nipa, fekk i meg nokre gode slurkar, og tok til på siste etappen. Skodda som fauk forbi hadde lagt igjen væte i urane på det siste partiet mot toppen, og det var blitt skikkeleg glatt. Eit par glipptak og ei oppskrapa hand fekk meg på allerten. Men toppa likevel fint ut i skoddehavet kl 9.30. Raskt og greitt. 

 Ikkje mykje å sjå på Blegja i dag tidleg. Her frå toppen.

Det som ikkje var så greitt, var at bilda frå toppen uteblei. Oversiktsbilder kunne eg berre gløyme. Så eg skifta ei ulltrøye og ei hue, fekk på meg hanskane og traska sør igjen over det skoddelagde topplatået mot skåra ned mot Dalsfjordsida.

Rett før den bratte nedstigninga vart skodda glimtvis lettare. Den segla forbi som slør av spøkelser. Og her vart det nokre flotte syn mot Storehesten i aust (hovudbildet) og vestover mot Synste Stauren, fjella og vatna i vest. 

Eg klatra ned skåra, over slukta mellom Blegja og Synste Stauren og opp igjen på toppen. Eg har funne ei god skår heilt på nordsida og opp over kanten som er god å følgje. Den er litt vanskeleg å sjå nedanifrå, så eg sette opp eit par vardar som eg trur skal vere greie å få auge på. Litt klatring er det likevel. Vèl oppe på Synste Stauren var all skodde borte frå både Blegja og Storehesten. Hadde eg vore berre ein halvtimes tid seinare der oppe, hadde det nok blitt oversiktsbilder, men då hadde eg gått glipp av den spektakulære skodda. Eg er ikkje i tvil om kva som var det viktigaste for meg...:-) 

 Utsikt mot Blåvatnet og Kvanndalsvatnet frå sørsida av Blegja

Eg heldt fram vidare vestover Blåegga. Den vanlege ruta. Ei og anna fjellrype segla forbi på kvite vengjer. Du ser kor meir smekre og mindre dei er i kroppen enn lirypa. Og så held dei ikkje slik leik når dei flyg opp... Ein sverm med gråtrast flaug òg forbi. Om ikkje dei akkurat er på trekk, mange overvintrar på dei Britiske øyer og i vesteuropa, så er dei på næringssøk. Det er vel helst bær av alle slag det går i. No er det nok stort sett hagebær som er att, men nokre vasne blåbær er vel å finne endå. 

Eg toppa fint ut Eitrenipa, og fekk i meg noko mat i den stille solhellinga på sørvestsida. Det var perfekt. Utsikt som ein konge til ei rad med kjende fjell og vatn i vest. Sola varma i lyngen, og eg slumra nesten av der eg låg. I ei lukkekjensle av å vere heldig, åleine med eigne tankar, i eitt med mitt eige liv.... Pompøst? Kanskje det, men likevel....

Eitrenipa frå under steinen på Blåegga

Eg hadde likevel eit problem av det meir verdslege slaget. Bilen stod i Rørvika, eg var på veg i Skjerlia, Olaug på veg på Jamneheiane med Connie, og eg stod utan transport. Eit par forsøk på å få nokon til å hente meg vart skivebom... Eg har ein gong gått frå Skjerlia til Rørvika etter nøyaktig denne turen, og det seier eg - aldri meir. Eg veit ikkje kor langt det er -  eit titals kilometer - minst - på asfalt med fjellsko etter ein lang dag i fjellet. Nei, det måtte vel finnast nokon å sitte på med. 

Eg traske meg ned til Leknesvatna. Her sat det ein familie ved utløpet av elva mellom dei to vatna. Eg gjorde meg til kjenne, men fann ut at eg ikkje ville forstyrre familieidyllen, og heldt fram opp på nordsida av vatna og vidare vestover. 

 Tilbakeblikk mot Blegja og Synste Stauren. 
Austra enden av Leknesvatna i midten, Eitrenipa opp mot høgre.

Midt inne på høgda nord for det vestre vatnet høyrer eg brått stemmer. Her var det visst fleire som var ute i det flotte haustvèret, og der dukka jammen Steinar B opp med kona og dotter si. Det var eit hyggeleg møte. Så vi vart preikande der nokre minuttar om laust og fast. Om kona som hadde vore på Blegja hi veka, og  om gamle ferieminner i det fri. Steinar har ein klingande latter, er alltid blid og sosial, og er primus motor i alt dugnadsarbeid i Kvammen. Han er som mor mi brukar å seie, ein gasta kar... 

 Steinar R med familie på nordsida av Leknesvatna.
Blegja og Eitrenipa bak.

Eg var likevel på motsett kurs, dei ville ha seg ein kaffitår ved elva lenger inne, så eg heldt fram vidare ned til utløpet av vatnet mot dalen til Grunnevatnet og Markavatnet. Eg tok meg ein liten tur bort til sjølve elveutløpet og tok nokre bilder. Akkurat her er ein av dei finaste plassane eg veit i Askvoll-fjella. Perfekt utsikt austover til Eitrenipa. Elva renn i fleire etasjar ned i lagunar av forskjellig høgde og vidare utfor fossen mot vest. Her er det i tillegg panoramautsikt til Skjerlia, havet og øyane ved Florøkanten. Og sjølvsagt vil SFE ha kraftutbyggjing her. Ja, er det ikkje likt seg, mammon og money counts, og få ser verdiar som ikkje har med klingande mynt å gjere... vel, vel, varsom no Gustav, ikkje hiss deg opp - hugs blodtrykket...

 Utløpet av Leknesvatna i vest

Som så mange gonger før då eg har stått billaus ein eller annan plass, kom mi fru meg til unnsetning. Så òg i dag, for etter at eg fekk ein SMS om å ringe, viste det seg at jentene var komne ned igjen frå fjellet dei, og Olaug var på veg heim. Jippi, tenkte eg, Lucky You, bye bye ømme tær og vassblemmer frå "kondenserte" fjellsko på asfalt. Eg plystra med meg sjølv siste biten langs elva, og til Markavatnet og parkeringsplassen. Kjempetur igjen. Ein av mange.... Og i morgon er det ein ny dag, og eg har vintermerking på gang....:-)) 



Ingen kommentarer: