tirsdag 5. oktober 2010

Haustleg på Nuten

Ekstratur på Siktanuten

Eg køyrde Marie til båten til Bergen i ettermiddag, og tak samstundes ein tur på Nuten. Eg fann ut at eg ikkje kunne sitte på rumpa heilt fram til helga. Men no tek eg sikkert eit par fjell til denne veka. Det er jo flotte meldingar frå torsdag av.

Eg slo av ein prat med både Vebjørn og Gunnar kvar for seg. Førstnemnde på veg ned og sistnemnde på veg opp. Let seg ikkje skremme av litt regn og skodde dei karane heller. Elles er det jo fantastisk temperaturar om dagen. Og kjem det ein godvèrsperiode til no, så er det nesten for godt til å vere sant.... 

Ingen kommentarer: