onsdag 6. oktober 2010

Fråsegn til Regional plan for vindkraft

Eg ser at fråsegna mi til Regional plan for vindkraft er offentleggjord på Askvoll kommune si
postliste. Eg publiserer den såleis i sin heilskap her på bloggen, sidan den inneheld beskrivingar av turstiar o.a. til analyseområda.
Fråsegna er basert på eigne erfaringar og observasjonar, og står for eiga rekning. 

Vi ser Eitrenipa og Øvre Fossedalen i tidleg sommarsol.

Vindkraftplanen inneheld mange paradoks. Sitat ”Regional plan for vindkraft vert å leggje til grunn for fylkeskommunal verksemd og er retningsgjevande både for kommunal og statleg planlegging og verksemd i fylket. Planen vil vere eit viktig grunnlag for NVE si handsaming av enkeltprosjekt. Samtidig seier planen at dei fleste lokalitetane er ufullstendig kartlagde. Etter å ha studert planen nærare tykkjest det som om fagfolk ikkje har vitja somme av dei nemnde fjellområda i det heile teke. Dette vil med andre ord seie at skulle planen bli godteken slik den no ligg føre, er det på sviktande grunnlag. Ja, nærast i form av synsing i politisk ånd.

Når ein i tillegg ser at mykje av konfliktpotensialet knytt til dei ulike fagtema er sett til lågt, når områda er mangelfullt undersøkte eller ikkje undersøkte i det heile, er planen misvisande. Og som retningsgjevande middel for vidare vindkraftsatsing, er dette altfor dårleg!

LITEN TILLIT

Prosessen rundt ”Regional plan for vindkraft”, har skapt manglande tillit til dette arbeidet. Planen som no ligg ute til høyring vart først handsama i Fylkesutvalet 09.03.2010, lagd fram av ei breitt samansett prosjektgruppa, og utsett. Deretter vart den handsama i Fylkesutvalet 28.04.10. I møtet 28.04.2010 vart det gjort omfattande endringar i konfliktvurderingane. Fylkesutvalet tok i stor grad omsyn til Vindkraftforum Sogn og Fjordane sitt innspel i brev av 25.04.2010. Mange område vart på dette grunnlag klassifiserte ned til å ha mindre konfliktpotensiale enn kva faglege råd tilsa. Dette er kritikkverdig.

Det smakar i tillegg særs dårleg at fleire av fylkespolitikarane som har handsama ”Regional plan for vindkraft” har dobbeltroller i Vindkraftforum og i energiselskap.

NY RAUDLISTE

I kontakt med NOF (Norsk Ornitologisk Foreining) får ein opplyst av det vil føreligge ny raudliste for fugl hausten 2010. Den eksisterande lista frå 2006 er pr i dag ikkje utfyllande. Fleire artar som ikkje Vindkraftplanen tek omsyn til, vil kome til på den nye lista som utsette eller truga. Difor bør godkjenninga av planen utsetjast til etter at den nye raudlista kjem til i haust.

ASKVOLL

Våtmark/ferskvatn/fjell er spesielt lite undersøkte i kommunen. Når det gjeld hekkelokalitetar for kollisjonsutsette raudlistefugl seier Vindkraftplanen: ”Det er relativt mange hekkeplassar for kollisjonsutsette raudlista fugleartar, særleg i vest, men også i fjellet heilt i aust” . Likevel er fjella Moldura, Hekkelfjellet, Indrevågefjellet, Portafjellet, Gjelsvikefjellet og Eitrenipa klassifiserte til å ha lite konfliktpotensiale til dette. Det verkar besynderleg. Og i utgangspunktet sjølvsagt for lågt rangert. Når ein så kan gå ut i frå at den nye raudlista inneheld fleire nye fugleartar enn den gamle, blir dette ekstra gale.

Som lokalkjend i fjellheimen i Askvoll og medlem av NOF i mange år, har eg fått utarbeidd eiga artsliste for fugl i kommunen. Lista er å finne på NOF S&FJ og kommunevise artslister (lista er ikkje uttømmande). Dei siste åra er òg observasjonar lagt inn  på artsobservasjoner.no.

BIOLOGISK MANGFALD

Miljøfaglig Utredning A/S har i grove trekk kartlagt det biologiske mangfaldet i kommunen etter synfaringar i 2003. Men med avgrensa midlar er det ikkje gjennomført ei systematisk kartlegging av naturtypar eller område. Når det gjeld rangering av ulike funn, er desse gjennomgåande sett på som lokalt viktige/viktige og veldig mange særs viktige. Rapporten konkluderer med at det er enkelt å finne viktige lokalitetar for biologisk mangfald, og at det er store naturverdiar knytt til kulturlandskap, skog og rasmark/berg. M.a. bør ein systematiske kartlegge kystblåstjerne, karplanter, sopp, rik edellauvskog, lind, alm, gammal lauvskog, lavlandsmyrar og rikmyrar etc. etc ”Nye kartlegginger bør derfor prioriteres høyt. Inntil slike er foretatt, bør kommunen være varsom med å tilltate potensielt skadelige naturinngrep uten forutgående kartlegginger”.

Elles er det å påpeike at rapporten til Miljøfaglig Utredning i 2004 ikkje omhandlar fugl eller karplanter i det heile teke.

GEOLOGI

Som vi veit er berggrunnsgeologien i Askvoll kommune landskjend og veldig variert. Mellom Stongfjorden og Dalsfjorden finn ein grunnfjellsbergartar. Og vi har Håsteins- og Kvamshestens devonfelt som er ei veksling av fossilførande konglomerat og sandstein. Mellom Gjelsvika og Løvika finn vi dei eldste bergartane som eklogitt og amfibolitt intrudert i granitt. Vi har grønstein og grønskifer, og kalkstein m.a på Brurastakken. Det alpine fjellandskapet går fleire stadar heilt frå høgfjellet til fjorden.



LOKALITETAR I VINDKRAFTPLANEN

MOLDURA/HEKKELFJELLET

kan sjåast på som ein lokalitet. Moldura med sine 837 moh er det høgste fjellet på Askvollhalvøya vest om Eitrenipa.



Utsikt frå Moldura til Lutelandet, Askvoll, Atløynipa og Alden. Foto 26/09-10.

Utsikt frå Moldura mot Alden, Tvibyrgje, Heggøy, Smelvær og Staveneset. Nyksvatna t.h. 26/9-10

Moldura er truleg det fjellområdet i kommunen som har størst populasjon av fjellrype og lirype. Her er også stadbunden orrfugl i bjørkebeltet både på sør- og nordsida. På nord- og vestsida er det faste hekkeplassar for heilo. Steinskvett finn du sporadisk i heile lokaliteten. Likeeins rovfuglar som fjellvåk, dvergfalk, tårnfalk og kongeørn. Her er òg observert grønstilk og raudstilk på nordsida i Fanafjell-området. Alle desse observasjonane er loggført på artsobservasjoner.

1 orrhane, eit tjuetals fjellryper, 1 raudstilk, 4 snøsporvar, 1 kongeørn og mange heipiplerker, vart observert seinast 26/9-10. Det kan òg nemnast at i same lokalitet vart det observert ”ein sverm” med alaskasnipe på trekk hausten for to år sidan (truleg frå Øst-Sibir). Mange andre fugleartar trekker òg gjennom området frå aust til kysten, artar som sniper, spover, ender, lom og gjess. Desse fugletypane er veldig utsette for kollisjonar med vindturbinar og (nye) kraftleidningar. Smålomen overvintrar på kysten og ”sjekkar” ofte snø- og isforholda lenger aust med overflygingar om våren. Her er dessutan aukande populasjonar av havørn som òg er særs utsette for kollisjonar med turbinar og kraftleidningar jmfr. Smøla og fugletap. Sjølv om arten er teken ut av raudlista, har ein eit internasjonalt ansvar for å ta vare på havørna.

Etter underteikna sitt syn er det difor feil å klassifisere nemnde lokalitet som lite utsett for kollisjonar med raudlista fugleartar og annan fugl. Det er faktisk i heilt andre enden av skalaen….

LANDBRUK

Når det gjeld landbruk er Moldura/Hekkelfjellet igjen rangert til å ha lite konfliktpotensiale. Etter kva ein kjenner til er det (minst) 4 besetningar med sau gåande her, der 2 er frå Stongfjorden-sida. På sørsida er det utmarksbeite for storfe på Hålandstølen og Vikastølen. Om ein reknar hjortejakta inn under landbruk blir denne sjølvsagt også påvirka av ei eventuell utbyggjing der viltet finn nye trekkruter og store område blir bandlagde for jakt og ferdsel.

I Svelia rett aust for Hekkelfjellet er det stort, inngjerda utmarksbeite for vèr og storfe for heile kommunen og nabokommunen Fjaler. Besetningane her vil bli sterkt uroa av sprengningar, helikoptertrafikk o.a ved etablering av industriområde for vindkraft i nærleiken.

Igjen er konfliktpotensialet for lokaliteten sett altfor lågt.

Sauesanking ved Moldura 26/09-10. Blåfjellsåta i Holmedal i bakgrunnen.

Sauesanking ved Moldura 26/9-10

FRILUFTSLIV

Felles for alle fjella som er tekne med i Vindkraftplanen i Askvoll, er at dei inngår som postar i den årlege fjelltrimmen. Fjella har truleg eit par tusen registrerte namn kvar sesong. Postane blir rullert kvart år, og same fjella kjem igjen i 7-årsbolkar.

For Moldura sin del går det merka sti frå vassverket i Holmedal, forbi austsida av Nyksvatnet og opp sørvestsida. Det er òg sti frå Hålandsstølen og opp same vegen. I tillegg er det sti opp frå Størdal, frå Stafsnes og aust i frå Hekkelfjellområdet. Desse stiane er mykje nytta, både for tilkomst til småviltjakt, bærplukking og anna friluftsliv. Siklabergvatna og Langevatnet er gode fiskevatn.

Det går i tillegg merka DNT-rute frå Stongfjorden, opp Gjerdedalen og austover. Denne passerer kanten på Hekkelfjellet på nordsida. Moldura er ofte nytta som turmål av Indre Sunnfjord Turlag.

At Moldura/Hekkelfjellet er plassert under lite konfliktpotensiale knytt til friluftsliv er ei gåte!

Utsikt mot Moldura/Fanafjellet frå ruta forbi Hekkelfjellet

KULTURMINNE

Sitat frå planen: ”Det må elles påpeikast at det ikkje er gjennomført noko systematisk registrering av kulturminne. Det samanhengande fjellområda har potensiale for aktivitetsstader og buplassar frå steinalder i tillegg til spor av utmarksressursar”. Likevel har planen, som skal vere retningsgjevande, plassert Moldura/Hekkelfjellet som å ha lite konfliktpotensiale ikring temaet.

Som vi veit er Hålandsstølen på sørsida av Moldura og vestsida av Hekkelfjellet teken inn under Verneplan for bygg i høgste verneklasse (A).


LANDSKAP/INON

Lokaliteten er plassert i middels kategori under begge kriteria. Dette tykkjest òg for lågt. Det er få inngrepsfrie område igjen på Askvoll-halvøya. Området ved Moldura/Hekkelfjellet er eitt av dei siste. Eit industriområde her vil utarme heile kommunen.

I landskapsmessig samanheng er det klårt at vindturbinar vil ha enorme konsekvensar reint estetisk. Dei vil få ei svær influensona. Moldura er særs synbar frå alle himmelretningar pga høgda i forhold til nærliggjande toppar. Det er god innsikt hit frå skipsleia. I tillegg ser du fjellet frå Holmedal og Askvoll. Turbinane vil dessutan bli synbare frå Stongfjorden- sida i nord. Under visse vilkår vil ein òg få refleksblink og skuggekasteffektar frå turbinane på nordsida av fjorden på Yndestad og vestover mot Mjåset.

Utsyn frå oppstigninga til Moldura frå Størdalen. Stavenesodden og Mjåset i bakgrunnen.

BIOLOGISK MANGFALD

Heller ikkje under dette temaet blir fjella i området sett til gode. Igjen klassifisert til å ha lite konfliktpotensiale. Men korleis ein kan kome til denne konklusjonen når det ikkje er føreteke dokumenterte undersøkingar av godkjent personell, spesielt i fjella, kan ein berre lure på.

Frå oppstigninga på DNT-løypa gjennom Gjerdedalen i Stongfjorden til nemnde område, er det mykje gamalskog med urskogpreg. I ospeskogen her er det registrert den raudlista kvitryggspetten i tillegg til mykje spanande mose, lav og sopp. Gjerdedalen er rik på kantarellar og steinsopp og mange plukkar sopp her. Det vil undre ein mykje om det ikkje kan registrerast fleire raudlista artar her.

SAMLA

Akkumulert sett kjem Moldura/Hekkelfjellet ut med lite konfliktpotensiale i ”Regional plan for Vindkraft”. For oss som kjenner området, er dette ikkje berre misvisande, det er ei direkte hån mot dette fantastiske fjellområdet.

Utsyn frå Siklabergvatna ved Hekkelfjellet til Moldura.


TOREHEIA

Fjellet på 713 moh er det høgste på nordsida av Stongfjorden, og grensar til Førdefjorden/Stavfjorden i nord, og til Stavenesodden i vest. Busetnaden på Stavestranda ligg nord om fjellet. Som tabell 3.4.2 seier, ligg Toreheia innanfor eit INON-område som strekkjer seg frå fjord til fjell. Det har som einaste område i kommuen, utanom Atløy, fått klassifisert konfliktnivået til stort innanfor dette temaet. Nyleg fekk ein grunneigar avslag frå Fylkesmannen om å sette opp jakthytte på vestsida ved Krikavatnet pga av nemnde årsak.

FUGL

I forhold til dette temaet er det å legge merke til at avstanden til Moldura/Hekkelfjellet er kort i luftavstand. Det er difor truleg at fleire av rovfuglartane på sørsida av Stongfjorden også jaktar i Toreheia-traktene og omvendt. Det same må kunne seiast om områda i aust rundt Indrevågefjellet/Gjelsvikefjellet og til søraust ved Portafjellet. Det nye her er at kongeørn er observert fleire gonger.

I tillegg til observasjonar av dei same artane som nemnt under Moldura/Hekkelfjellet, kan ein slå fast at heilo hekkar over store område mot vest til Blåfjellet/Skylefjellet og til Toreheia og aust til Ytrevågefjellet. Ved sjølvsyn var det sett ein stor flokk snørsporv (sjeldan på våre traktar) i våren 2010. Desse er registrert på artsobservasjonar.no. Truleg trekker dessutan store mengder kollisjonsutsett fugl over fjella her frå aust.

Toreheia har fått middels konfliktpotensiale når det gjeld hekkelokalitetar for kollisjonsutsett raudlistefugl. Det burde vere stort.

Snøsporv på Toreheia våren 2010

LANDSKAP

Det er sjølvsagt stort influensområde ikring Toreheia sidan det er høgste fjellet på halvøya. Området er særs ope i alle himmelretningar. Og frå toppen ser du til Florø, Nordfjord, Ålfoten, inn Førdefjorden, fjella i aust og sør. Vindturbinar vil såleis vere synlege frå lange avstandar i same kva retning vi snakkar om. Det vil totalt bryte med det opne og relativt slake toppartiet her.

Svanøy som ligg i Førdefjorden rett nord om fjellet vil truleg oppleve både refleksblink, skyggekast og mekanisk- og pulserande støy frå vindturbinane. Det same på Stavestranda. Ny infrastruktur som vegar og kraftlinjer vil sjølvsagt også redusere dette unike kystlandskapet totalt i verdi. Området grensar dessutan opp til Staveneset med alle sine kulturminner.

FRILUFTSLIV

Toreheia var post på fjelltrimmen 2009/10. Posten har i dette tidsrommet vore besøkt i eit antal på fleire hundre. Det er gode og merka stiar frå Yndestad/Krikavatnet og opp. Og frå austsida på Osland. INON-området er dessutan nytta heile året rundt, også til skiutfart. Igjen seier Vindkraftplanen at det er lite konfliktpotensiale til friluftslivet. Dette er nok ein gong positivt feil, og for lite vektlagt.

Toreheia og området ikring er det viktigaste utfartsområdet for folk i Stongfjorden, og elles turistar, hytteeeigarar og andre, både i og utanfor kommunen. Det kan òg nemnast at DNT har hatt årlege turar til denne toppen frå Grimelia i vest til Osland i aust (eller omvendt).

På skitur til Toreheia vinteren 2010. Foto rett vest for toppen. Vi ser mot Alden og Stavenesodden.

SAMLA

Toreheia kjem ut med karakteren middels konfliktpotensiale og får same score som Atløy (18). Etter alle sole merker burde dette vore oppjustert til (særs)stort. For ordens skuld kjem Steinheia ut med scoren 14 og stort konfliktpotensiale…!?


INDREVÅGEFJELLET/PORTAFJELLET

Desse to fjella eller fjellpartia ligg kloss opp i ein annan, berre skilde av det djupe dalsøkket, Norddalen som går aust/vest frå Skjerlia. Fjella er dei høgste rett aust for Stongfjorden.

LANDSKAP/INON

Vindturbinar vil ikkje berre vere synlege frå bygda, men òg frå FV609. Og sjølvsagt frå andre toppar i aust. Også DNT-hytta Nipebu, og merka stiar omkring området, vil ha influenssone til ei utbygging på Portafjellet. Begge fjellpartia ligg innanfor ei samanhangande bot av INON område i Askvoll. Fjella ligg langt frå eksisterande infrastruktur som vegar og kraftlinjer. Utbyggingar her vil difor skjere langt inn i urørt natur. Det er dessutan bratt opp frå alle retningar til desse fjella. Vegar og kraftliner vil skjemme totalt.

I denne samanheng bør konfliktnivået aukast opp frå middels til stort.

Utsikt frå Indrevågefjellet til Portafjellet (N&S)

KULTURMINNE

Som før er konfliktpotensialet til kulturminne automatisk sett til lite, sjølv om området ikkje er undersøkt av fagfolk. Eit slikt utgangspunkt blir feil. I Porten er det restar av gamle steinmurar.

LANDBRUK

Konfliktpotensialet til landbruk er òg sett til lite. Det er relativt store besetningar av sau og geit i dette området. Spesielt på vestsida av Indrevågefjellet mot Osland. På austsida mot Skjerlia er det store besetningar av geit . Området ved Indrevågefjellet grensar òg mot Flokeneset og busetnaden her. I Svelia, ikkje langt frå Portafjellet, er det inngjerda store beiteområde for vèr og storfe, som kan bli påverka av støy og sprengningar (sjå punkt Moldura/Hekkelfjellet).

FRILUFTSLIV

Indrevågefjellet, Middagsnipa (nabofjellet) og Stordalsfjellet (nabofjellet til Portafjellet) inngår i fjelltrimmen. Området og fleire av fjella her, er difor hyppig nytta som turmål. Til Indrevågefjellet og Middagsnipa går det merka sti frå FV609 og Osland. Det går òg merka sti aust frå Skjerlia. Til Portafjellet og Stordalsfjellet går det merka sti frå Oslandsbotnen til Botnastølen og opp austover. Denne ruta er òg fin å nytte som tilkomst til DNT-hytta Nipebu, sjølv om stien ikkje er DNT-merka. Det går òg sti vidare austover til Stordalen og Stordalsvatnet. Og som vi ser er heile dette ubrotne INON-område unikt i sin samanheng. Indrevågefjellet og Portafjellet ligg såleis innanfor Fylkesdelplan for regionalt viktig friluftsområde.

Området rett vest for Portafjellet er mykje nytta til bærplukking. Spesielt dalen ned mot Botnastølen. Skuleklassar og barnehagen i Stongfjorden nyttar dessutan stølen her rett vest for Portafjellet til ekskursjonar, og vatnet til fisking. Konfliktpotensialet for friluftsliv er difor stort.

Utsikt vestover frå Portafjellet, Vi ser Skålefjellet, Stavenesodden, Stongfjorden og Toreheia t.h.

Portafjellet frå oppstigninga til Vardeheia. Portavatnet t.h. og vidare mot Nipebu. Stien går opp Portaskaret t.v og i framkant på fjellet og søraust- over.

BIOLOGISK MANGFALD

I planen er konfliktpotensialet sett til lite, sjølv om det ikkje er undersøkt. Området er rikt på lirype og fjellrype. Rett nok litt varierande frå år til år. Denne er kollisjonsutsett for vindturbinar og kraftleidningar. I liene er det orrfugl. Denne er stadbunden, og særs utsett for kollisjonar med vindturbinar. Her er hekkande heilo, og det er observert hekkande snøsporv. Også hekkande raudstik er å finne. I tillegg er det fleire par hekkande steinskvett , som truleg kjem på den nye raudlista i haust. Ved Botnastølen er det strandsnipe og fossekall. Begge i sterk tilbakegang, og også truleg på den nye raudlista som kjem i haust. Som før nemnt under punkt Toreheia er det rovfugl som nyttar alle nærliggjande fjell til næringssøk, så også her. Industriområda har dessutan negativ effekt på næringsdyr til rovfugl. Tårnfalken hekkar ved Portafjellet. I Flokenesmarka rett nord om var det tidleg vår 2009 høyrt hubro frå lyttepost i regi av NOF.

Indrevågefjellet/Portafjellet og området her er dessutan trekkområde for fleire par hekkande smålom ved Nipebu-/Stordalstraktene . Fuglane trekker som før nemnt til kysten om hausten saman med andre vadefuglar. Desse er særs kollisjonsutsette for vindturbinar og nye kraftleidningar. Konfliktpotensialet på Indrevågefjellet/Portafjellet når det gjeld biologisk mangfald er difor sett for lågt.

SAMLA

Desse fjella har fått scoren 12 og middels potensiale for konfliktar med omgjevnadane. Det er for lågt. Det skulle vore stort.



EITRENIPA

Fjellet er det det høgste på Askvollhalvøya med sine 856 moh. Det har ei karakteristisk form, og er lett gjenkjenneleg frå alle himmelretningar. Du ser fjellet fint heilt nord frå Florøtraktene. Og frå Dalsfjord-sida. Etter underteikna sitt syn har dette fjellet totalt sett den beste utsikta over Askvollhalvøya.

Eitrenipa sett frå utløpet av Leknesvatna

Av ein eller annan grunn har Indrevågefjellet, Portafjellet og Eitrenipa fått akkurat same klassifiseringa på alle analyseområda, og like låg score. Dette virkar snodig. Eller kanskje er det ein viss porsjon synsing med i biletet…!?

LANDSKAP/INON

Som sagt vil ei utbyggjing av vindturbinar på Eitrenipa ha eit enormt stort influensområde. Turbinane vil vere synlege både frå Førdefjordsida og heilt til Florø. Samtidig har Dalsfjordsida og Dale òg innsyn til Eitrenipa. Også frå Blegja/Synste Stauren/Blåegga i aust vil vindturbinar prege utsikta vestover mot horisonten og havet. Og sjølvsagt også frå fjella i vest, som alle har innsyn til Eitrenipa. Fjellet er også synleg frå FV609.

Eitrenipa ligg djupt inne i INON-landskap med lange avstandar til infrastruktur som kraftleidningar og veg. Ei eventuell utbyggjing vil skape djupe spor og sår i landskapet. Ikkje minst pga høgda fjellet ligg over havet.

I landskapssamanheng vil dette difor ha stort potensiale for konflikt.

Frå Blegja ser vi Eitrenipa midt i bildet, i tillegg til fleire av dei andre analysetoppane i vest

KULTURMINNE

Som med dei andre fjella er dette heller ikkje undersøkt , og har fått karakteren lite konfliktfylt.

Som vi veit ligg dei gamle grunnane og steinmurane igjen på Leknesstølane rett under Eitrenipa. Desse har stort potensiale for å bli tekne hand om på ein god måte. Og er eit flott minne om tidlegare stølsdrift.

Ved det nærliggjande Krokavatnet vart det i si tid funne ei gamal steinøks under ein stor hellar som det var sagt stamma frå steinalderen. Det seiest at det har budd folk her i uminnelege tider. Influenssona til Eitrenipa omfattar dette området òg.

Stien som går sør/nord vest om Eitrenipa, var i eldre tider den mest nytta ferdavegen frå Dalsfjorden til Førdefjord- sida då den låg lågast i lendetsør/nord. Den har òg kortast avstand til folket mellom fjordane. Her ligg m.a. fleire store steinhellarar som var nytta til oppbevaringsstad av utmarkshøy om vinteren for folket i Øvre Fossedalen, og bruket på Krokvasstølen.

Desse stølane er i dag godt ivaretekne. Kva kulturminne som elles er knytt til desse bruka og utmarka bør undersøkjast. Konfliktpotensialet for kulturminne er difor svært stort og ikkje lite

LANDBRUK

Det går (minst) 2 besetningar med sau ved Eitrenipa. Den eine heimehøyrande på Laukeland ved Dalsfjorden, og den andre er frå Kvammen ved Førdefjorden. Gjelsvikestølen og Selvikestølen i nord ligg òg i influenssona. Her går det òg sau. Stølane er mykje nytta i høve friluftsliv, hjortejakt, bærplukking, fiske etc.

Soloppgang ved Eitrenipa. Vi ser Svanøy, Kinn, Reksta, Skorpa og Storebatalden.

FRILUFTSLIV

Ein vil påpeike at Eitrenipa er eit særs populært fjell for turgåing m.a. for si flotte utsikt. Fjellet er også nytta som post på fjelltrimmen. Det går merka sti frå Markavatnet langs nordsida av Leknesvatna og opp skaret på nordvest-sida. I tillegg går den merka DNT-ruta frå Nipebu til Massbu opp Eitreskaret rett på sørsida av fjellet. Frå denne går òg den merka avstikkaren opp skaret på sørsida . Dette er òg stien som folk frå Dalsfjord-sida nyttar. Frå toppen av Eitreskaret, rett aust for toppen, går den vardemerka vegen vidare austover Blåegga til Blegja. Området er fantastisk i tursamanheng og ligg innanfor Fylkesdelsplanen for viktige friluftsområde!

Ein vil dessutan påpeike at Leknesvatna, Krokavatnet, Tobbedalsvatnet, som ligg kloss opp i Eitrenipa, er gode fiskevatn og blir nytta i friluft samanheng. Eitrenipa burde difor vore flytta opp på stort konfliktpotensiale vedr. Friluftsliv.

BIOLOGISK MANGFALD

Som med 6 av dei 9 andre analyseområda er Eitrenipa sett opp til å ha lite konfliktpotensiale når det gjeld biologisk mangfald, trass i manglande undersøkingar.

Leknesvatna har årlege innslag av smålom. For eit par år sidan hekka her storlom (det er ikkje stadfesta hekking i fjor eller i år). Begge raudlista på den gamle lista. Elles samsvarar fuglelivet mykje med kva ein finn litt lenger vest. Og kollisjonsfaren med turbinar og nye kreftleidningar er stor, også når det kjem til trekkande vadefuglar o.a.

Elles er her bra innslag med stadbunden hare på og ved Eitrenipa. Det sørvende Eitreskaret med sine fjelloverheng, har potensiale for mange spanande artar pga av si gode solinnstrøyming og vatn frå fjellet.

Vi ser frå Eitrenipa, Fossedalshengenipa i midten fremst og i horisonten mot høgre: Dokka, Moldura, Skålefjellet,og Toreheia I framkant Krokavatnet og i midten bak Langevatnet ved Nipebu. Stordalen og Portafjellet/Indrevågefjellet mot høgre.

SAMLA

Frå middels score på 12 burde Eitrenipa ha vore flytta opp på ei ganske anna vurdering. Konfliktpotensialet bør minst vere stort.


GENERELT

INON

8 av 9 analyseområde i Askvoll ligg innanfor INON-område. Det er eit nasjonalt mål å sikre at dei attverande naturområda med urørt preg blir tekne vare på. I følgje ”Retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg”, er det svært stort konfliktpotensiale knytt til etablering av vindkraftanlegg i:

• INON-områder som går ubrote frå fjord til fjell

• INON-områder i regionar som har svært lite igjen av slike

Som vi ser av Direktoratet for naturforvaltning sine INON-kart minkar desse områda med stor fart i fylket og i Askvoll. Det er særs viktig at desse restane blir tekne vare på. Spesielt når områda er kombinert med andre viktige miljøkvalitetar som t.d. biologisk mangfald og friluftsliv.

Haustmotiv ved Krikavatnet rett vest av Toreheia.

NY INFRASTRUKTUR

Ein direkte konsekvens av ovannemnde, er at ved ei eventuell etablering av industriområde for vindkraft i kommunen, må det byggjast ut nye tilkomstvegar, tilslutningsnett og kraftoverføringsnett.

Tregrensa er som vi veit særs låg ved kysten, og det meste av ny infrastruktur vil måtte gå i urørt landskap over tregrensa og mykje i alpinprega fjellandskap. Dette vil skape irreversible inngrep og djupe sår i naturen.

Det er òg å nemne at analyseområde er dei høgaste toppane i kommunen, frå 663 – 856 moh. Den visuelle dominanssona vil såleis bli svært stor ved ei utbyggjing.

RISIKI

Alle analyseområda i Askvoll ligg innanfor sona på 35 km til flyplassane i Florø og Førde. Det er svært stort konfliktpotensiale knytt til vindkraftanlegg som ligg :

• i nærleiken av flyplasssar, spesielt i nærleiken av dei større flyplassane, der utbygging av vindkraft inneber ein risiko for flytryggleiken

• der vindkraftutbygging vil påvirke radaranlegg

• der vindkraftutbygging vil påvirke navigasjonsanlegg

• der vindkraftutbygging vil påvirke kommunikasjonsanlegg

Det er dessutan forbunde med fare å opphalde seg/gå tur i industriområde for vindturbinar m.a. på grunn av mogeleg iskast.

UREINING

Anleggsarbeid med sprengingar, masseforflytting, massedeponering og etablering av vegar og interne vegar kan forureine brønnar med knust fjell, stein, sand, humus og finmateriale av betong. Fundamentering kan dessutan punktere aurheller og påverke grunnvatnet. (Botnastølsvatnet i samanheng med Stongstølsvatnet er drikkevasskjelde i Stongfjorden. I tillegg er her mange private brønnar). Nitrogentilførsel pga av sprengingar kan dessutan bli ført med nedstrøms elvar, i tillegg til skadelege gifter som injeksjonskjemikaliar og betongherdarar. Avløp frå sanitæranlegg og søl av drivstoff og olje påverkar miljøet og kan òg skade vasskjelder.

ABEIDSPLASSAR

Det er få arbeidsplassar på slike vindkraftanlegg etter anleggsperioden. Turbinane er nærast vedlikehaldsfrie i si levetid på ca 20 år. Styring og overvaking av produksjon og drift er integrert i sentrale driftssentralar. Kompetansen på vindkraftutbyggingar er ikkje lokalt forankre.

INNSYN

Ein kan nemne at alle dei undersøkte lokalitetane i Askvoll har visuelt innsyn til kvarandre. Også til det politisk vedtekne industriområdet for vindturbinar på Lutelandet. Den visuelle dominanssona til turbinane vil dessutan gjelde frå skipsleia.

TURISME

Det er fleire utleigehytter i områda, i tillegg til sjølveigar hytter. Spesielt hjortejakta har dei seinare åra initiert utkome og auka aktivitet i bygdelaga. Bandlegging av areal og bygging av ny infrastruktur i høve industriområda, vil påverke jakt og ferdsel i negativ lei. Hjorten finn seg òg nye trekkruter ved ei eventuell utbyggjing. Lyssetting av turbinane pga innflygingskorridor til flyplassar, vil òg virke inn på dyreliv/hjortejakt/estetikk. Det er dessutan utstrekt bruk av fjellområda i turistsamanheng. Framtidig satsing på turisme bør oppmuntrast og vektleggast i staden for å bandlegge areal og øyde natur ved vindkraft.

FUGLELIV

• Vindturbinar er rekna til å ha eit influensområde på 2 kilometer for stadbundne rovfuglar.

• Amerikanske styresmakter har føreslege ei buffersone opp mot 4,8 kilometer for bygningar og konstruksjonar rundt hekkande rovfuglartar.

• Nye kraftleidningar – nye dødsårsaker

• Rovfugl sensitive for støy i hekketida

• Habitatforringelse/arealtap

• Negativ påverknad på byttedyr

• Ungfugl spesielt utsette for kollisjonar med turbinar/kraftleidningar

• Områda er trekk-korridorar for tusental av fugl på trekk

• Jmfr. Bernkonvensjonen liste 1 og 2 og Bonnkonvensjonen om trekkande artar og enkeltbestandar av fugl.

DIVERSE

Ein er elles oppteken av negative konsekvensar av industriområde for vindturbinar som skuggekast, refleksblink, støy, ureining og utbygging av strandsona (djupvasskaiar). Dessutan stråling frå nye kraftleidningar.

TURISME

Askvoll kommune har stort potensiale for auka satsing på turisme. Som fleire rapportar peikar på har kommunen eit særs variert landskap frå sørboreal til alpin vegetasjon, frå marine grenser ved havet til høgfjell og spanande uutforska ferskvasslokalitetar. Også når det gjeld båtliv, kulturminne, geologi og fugleliv er kommunen spanande jmfr. Fuglereservat og senteret for sjøfugl på Værlandet. Det er difor særs mange kvalitetar å byggje vidare på i turistsamanheng. Kvalitetar som blir skadelidande av nye industriområde for vindturbinar.

FRILUFTSLIV

Miljøpolitikken vår skal byggje på føre-var prinsippet som seier at tvilen skal kome naturen til gode. Ålmenta si tilgang til naturopplevingar er utgangspunkt for mange si naturglede og miljøengasjement. Friluftsliv er kjelde til livskvalitet, rekreasjon og betre folkehelse. Det er såleis viktig å sikre allemannsretten til fjella og friluftsområda.

Familietur på Eitrenipa.

Alle foto: Gustav Skaar Sign: Gustav Skaar

3 kommentarer:

Barwitzki sa...

Jeg har hap det er mye mye med kollektivt ansvar for naturens undre i Vestlandet. Hva fortapte er ikke for fa igjen. Mange vindkraftverk!
Hvem gagner det? Jeg tenker pa deg
pa dere - med onsker for mye styrke
Viola. Unnskyld norsk min er ikke sa
god, jeg laerner enda.

Unknown sa...

Takk for din kommentar Viola. Du har selvsagt helt rett. Vi skal kjempe for naturen i Stongfjorden og alle fjellene du liker så godt. Håper dere kommer neste sommer...!

Hils Ben og alle de andre

AG sa...

Godt jobba:)