søndag 12. september 2010

Tunge føter

 MMS frå Smørskornova i dag tidleg

Meldingane for dagen i dag var så dårlege at eg la kameraet igjen heime. Det var litt dumt. For då eg kom til Rivedal kikka sola fram og det skein retteleg flott opp. Eg hadde nesten sola med meg heile vegen opp på Smørskornova. Med skiftande lys, fiolett himmel i sør og skoddedottar i fjella var det fine motiv rundt omkring. Eg hadde med meg mobilen og knipsa nokre bilder frå toppen. Men det blir ikkje heilt same kvaliteten som med kameraet.

Når det gjeld mobil har eg gått tilbake til ein Sony Ericsson som tåler vatn og støt. Eg ødela så mange dyre touchtelefonar at det har eg kutta ut. Bildemessig er den likevel ikkje noko å skryte av...

Elles gjekk det tungt i dag. Det var søkkvått over myra og oppover. Eg var dessutan blytung i føtene. Den vanlege gutsen og responsen mangla. Kanskje like greitt å ta det med ro resten av dagen....:-)

Fra Smørskornova 120910

1 kommentar:

Linda Merethe sa...

Det er lov å ta det litt easy, vet du....
Bildene er ikkje dei verste eg har sett, teke med mobil...
Kjekt er det å følge med bloggen din, for det er jammen mange flotte turer du teke :)

Linda