lørdag 11. september 2010

Frisk væte 2

 Atløynipa og Alden frå Dokka i fjor haust

Seinare på dagen i dag hadde eg eit ærend til Askvoll. Eg tok sjølvsagt med meg Siktanuten i same rennet når eg var der nede. Det var minst like vått som på morgonen. Det er sjølvsagt på langt nær like lett å springe i væte med fjellsko som på tørt underlag med joggesko. Så etter å ha gått fort opp, kjende eg det då eg sprang ned igjen. Men det gjer no berre ekstra godt etterpå...:-) 

2 kommentarer:

Linda Merethe sa...

Du får virkeleg med deg mange flotte fjellturer der ute....men passe deg no når hjortejakta begynner, så sant du ikkje sjølv jakter da :)

Unknown sa...

Takk for det. Nei jaktar gjer eg ikkje. Eg likar hjorten og rypa best i live. Dei gir meg ei mykje større naturoppleving då enn når dei ligg der daue og blodige...

Hjortejegerar er eg slett ikkje redd. Eg syng og plystrar ekstra i fjellet framover no...:-)