lørdag 28. august 2010

To turar - to fjell

Fargane endrar seg i fjellet no. Her frå Smørskornova i ettermiddag.
Vi ser mot Rivedal, Straumsnes og Dalsfjorden.

Det silregna i Skjerlia i dag tidleg. Og det var faktisk ikkje meir enn 9 grader i Stongfjorden då eg reiste der i frå. Hustrig med andre ord. Eg hadde vaska opp utekleda mine, og sett dei inn med ny impregnering, så regnet prella berre av jakka og buksa. Det er eit godt stimuli det når vèret er litt ryskje. I tilegg til at det regna, var det særs blautt og gjørmete i stien. Godt med plankane over myra då. Eg hadde teke på meg dei nye Scarpa Ladakh skorna der eg hadde lagt på to lag impregnering, og det gjorde susen. Skorna var knusktørre då eg kom heim igjen. Veldig bra! 

Toppa fint ut der oppe etter ein times tid. Skodda kom og gjekk oppe på toppen, men då eg returnerte stakk forsyne meg sola gjennom sky- og skoddelaget, og eg heiv like godt av meg alt på overkroppen. Litt obs må ein vere ned skråberga då det er så gjennomvått som no. 

Då eg kom heim igjen gjekk Olaug med Anne på Siktanuten. Eg var svolten og laga meg nokre blingsar i tilegg til eit par krus kaffi. Slappa av med dagens Firda ei stund, før eg køyrde til Rivedal og tok Smørskornova òg. 

No var vèret endå betre. Litt sol inn i mellom og lite vind, så eg gjekk opp i berre kortbuksa. Same vegen som i går kveld. 

I dag vart eg nærast omringa av sauer med gult merke oppe i lia under toppen. Det er her desse sauene har gått i heile sommer. Og etter å ha vore opp på toppen, og på veg ned igjen, var det tydeleg at dei hadde mest lyst å vere med meg til bygds. Kanskje dei kjenner det på seg at tida snart er her? Eit par stykke av dei måtte eg nærast springe i frå då dei ville vere med meg ned igjen. Lenger nede, og spesielt på hi sida av elva nedom demma, står det no ein heil flokk og trykkjer på grinda og vil heim òg.... (Det er sikkert heimebøen og mjøl som freistar...) Og nedom Hundeheia går det òg mange som har trekt ned frå fjellet. No er det vel sanking neste helg, så det er greitt å sleppe og springe så langt etter dei. 

To flotte turar var då i boks. I kveld må det til litt ekstra næring...:-)


Fra Fossedalshengenipa_Smørskornova 280810

Ingen kommentarer: