torsdag 5. august 2010

Sommarregn

Frå ruta Fanafjellet/Smørskornova. 
Vi ser Dokka t.v. og Moldura. Foto 23/7

Eg tok turen til Rivedal igjen i ettermiddag for ein tur på Smørskornova. På veg nedover i bilen såg eg det tjukna til sør i Sogn. Og himmelen vart meir og meir fiolett. Så det var nok ei flo i emning. 

På parkeringsplassen i Rivedal fann eg ut at eg ikkje ville ta sjansen på å bere med meg noko elektronikk oppover. Eg hadde berre shortsen med meg... Og det var ei rett avgjerd. For berre halveges opp vegen til demninga, slo første toreslaget bak meg. Så eitt til. Og ikkje mange minuttane seinare kjende eg dei første dråpane på den nakne ryggen... Her var det berre ein ting å gjere - gje på med det eg hadde. 

Eg småsprang over myra og tok til på dei bratte bakkane. Men det regna berre meir og meir, og til slutt pøsa det ned. Det var no det. Er ein først våt,så er ein våt. Og som sagt - litt sommarregn dør ingen av... Det som var litt verre var at det brått bles opp ein vind som kjendest 10 grader kaldare ut enn før. Kald vind på våt hud utan isolasjon, er ikkje noko særlege greier...

Men litt flaks skal ein no ha. For oppe i den siste bratte stigninga slutta det å regne. Eg såg Straumsneset og Rivedal fri for byger. Så var det nettopp berre ei flo. Frisk til sinns nådde eg toppen. Kikka meg litt om på det kjende landskapet før eg sette ned att same vegen. 

Eg var litt forsiktig i den våte vegetasjonen nede i bratta, men sprang likevel ned, og over heile myra og vegen til bilen. Steik det svei, og gjorde godt. For så raskt har eg aldri komme meg ned igjen frå Smørskorniva... Det var nemleg ei ny byge på gang borte i fjella i Sogn...

Ingen kommentarer: