søndag 15. august 2010

Nydeleg søndagstur

 I dag: Klassisk utsikt frå Blegja og inn Førdefjørden mot Naustdal

Eg var veldig spent om skodda frå i går kveld var letta i dag tidleg, så eg gløtte på gardina på soverommet i 5.30 tida. Skodda såg ut til å vere vekke! Men om det var overskya eller klårt, såg eg ikkje. Eg la meg til att og slumra av ein times tid til. Då var det ikkje tvil lenger. Det vart Blegja-tur igjen, noko mindre var ikkje aktuelt... 

Eg fekk i meg havregrynsgrauten og smurde meg nokre skiver. Frå Rørvika, opp og ned igjen, treng eg ikkje mat. Men i dag ville eg gå ut att Blåegga til Eitrenipa med retur ved Leknesvatna til Markavatnet. Og då blir turen raskt 3-4 timar lenger (for min del). Då treng eg påfyll av næring. I Rørvka var eg ei stund etter klokka 08. Der stod det allereie to bilar...den eine såg eg var Vigdis sin. Ja, ja eg var litt seint ute i dag så...


Det låg noko skodde lenger oppe i fjellet. Den såg eg ville forsvinne når sola fekk litt tak. Fjorden låg blikkstille og spegla seg i morgonsola. Og det var ikkje ei sky på himmelen. 

 Ein flott morgon i Rørvika. Toppen av Blegja i skodde.

Eg la rolig i veg første stykket. Fint å komme i gong på ein grei måte når ein har to timars bratt oppstigning, og ein lang dags gonge i stein framfor seg. Men det tok ikkje mange minuttane før sveitten rann denne fantastiske morgonen. 


Vigdis og to andre gjekk litt lenger oppe i der såg eg. Eg gav på litt og tok dei igjen. Og sidan gjekk Vigdis og eg ilag oppover i greitt tempo. Ruta er såpass innarbeidd at eg no finn greitt same "stien" gjennom urane. Det synest eg er ein fordel. Eg sparer tid, og veit kva som skal til av energi...


Men eg må seie eg kvapp godt i ura nett under salen mellom Rørviknipa og topplatået. Ein skugge fauk ut ved sida av meg, og framfor føtene mine, ein skugge som ikkje skulle vere der, og jammen var det ikkje ein hare, her i steinura på over 1200 moh. Og han vart ståande akkurat så lenge at eg greidde å knipse han på nokre meters avstand. 

Ein hare sprang opp rett framfor føtene mine oppe i ura...

Vi toppa enkelt ut. Flott og klår utsikt og nesten heilt vindstille. Heilt unødvendig med anna klede enn ei kortebukse for min del. Vi knipsa nokre bilder, før eg tok ned på sørsida og Vigdis forsvann ned same vegen vi kom opp. 

 Utsikt mot Litlehesten og Kvamshesten frå sørsida av Blegja

Det gjekk enkelt ned den bratte skåra på sørsida. Tørr og fin stein. Og klatra så opp hamrane mot Synste Stauren og tok nokre bilder og ein snutt her òg. Så var det til på den lange steinmarsjen utover Blåegga. Opp og ned forkastningar, høgdedrag og fjell. Egentleg er turen ut Blåegga ei psykisk prøve. Eitrenipa virkar så nær, men det går likevel så smått. I luftlinje er det ikkje langt, men over hamrar, staup og sva tek det si tid. 

 Det er mange idylliske smådammar langs Blåegga

Slike dagar som i dag, varmt, fint og godt, er det her ein for alvor merkar kor viktig det er med drikke på ein slik 7-8 timars tur. Kroppen min iallefall skrik etter væske. Eg er altfor lite flink til å få i meg slikt før eg blir tørst. Men heldigvis hadde eg med meg  XL1 - det gir nye krefter. 

Eg skremde opp eit kull med rypeungar som kakla og skvatt i alle retningar, men elles var det ikkje liv å sjå utover. Eitrenipa nådde eg noko før klokka 14. Men no måtte eg ha næring . Godt var det då med nokre blingsar med brunost. Det er fjellmat. Og så noko salt fårepølse. Det var då Olaug ringde og fortalde ho var på toppen av Fossedalshengenipa. Då hadde ho fiksa det slik som vi snakka om heime før eg gjekk. At ho venta på meg i Skjerlia. 

 Godt med ein matbit i sola på Eitrenipa

Turen ned frå Eitrenipa gjekk den vanlege ruta til Leknesvatna, over brua, og ut på nordsida til lagunane og fossen. Eg knipsa sjølvsagt nokre bilder undervegs i det fantastiske landskapet som er her oppe (som no står i fare for å bli bygt ut). Og eg vart vel ikkje særleg overraska over at det var eit par som hadde slått opp telt ovanfor fossen ved ein av lagunane og elva frå vatnet. Idyllisk! Fantastisk utsikt. Nydeleg og bada. Fin fisk er her òg. Ei perle..

Teltliv ved lagunane og elva frå Leknesvatna

Eg kom meg ned over hamrane, og småsprang vidare ned dalen langs elva til stien frå Nipebu og til Markavatnet. Olaug venta som avtalt ho. Fantastisk fin søndagstur i desse fjella som eg likar så godt...


Fra Blegja 150810





Ingen kommentarer: