tirsdag 6. juli 2010

God sommar

Motiv mot Førdefjorden frå ryggen på Fossedalshengenipa i dag tidleg

I morgon reiser Olaug, Peter og eg til Bergen, overnattar der hos Arnt og Kirsten, og reiser vidare til Tyrkia torsdags-morgonen. Marie blir heime og passar hus og heim. Eg tok difor med meg eit par fjell i dag. Som farvel...

Eg reiste først i Skjerlia og gjekk på Fossedalshengenipa. Regnbygene kom og gjekk på morgonen. Men av ein eller annan grunn gav det seg akkurat då eg knytte fjellskoa der oppe. Og meir regn vart det ikkje. Heldig! 

Ved Øyravatnet åt  to store andefamiliar frukost på bøen mellom vegen og vatnet. Men dei fekk raskt farten på seg og pila mot vatnet då eg stoppa og knipsa eit par bilder. Stokkendene er av grasand-typen og det var jo tydeleg å sjå... Flott syn dette!

  Ein stokkandfamile beitar på bøen ved Øyravatnet

Det var veldig vått i terrenget oppover. Det sitla og rann overalt. Jammen måtte det ha regna ganske bra i løpet av natta. Plankane over myra ved Grunnevatnet gjorde si tèn. Det var raskt gjort å springe over. Skodda kom og gjekk oppe mot toppen. Når i tillegg sola gløtte litt gjennom òg, gav det ganske flott lys mot Kringla og Eitrenipa. 

Sola bryt gjennom skoddelaget ved Kringla

Steinryggen av konglomerat var glatt i dag. Tydeleg at Scarpa-skoa treng pensjonerast til hausten. Og ned igjen følte eg meg på glattisen. Det var med naud og neppe eg ikkje ramla på rumpa fleire gonger på steinen. Og den er som kjendt ikkje særleg god å lande på.  På heile sørsida av fjellet var det ingenting å sjå. Her låg skodda tjukk. Eg gjekk heilt bort på kanten av nordsida rett nedanfor toppen. Der er det luftig og fin sikt ned til Nipevatnet. 

Nipevatnet frå nordsida av Fossedalshengenipa

Det gjekk radig ned igjen, og eg var heime igjen i Stongfjorden i 10.30 tida. 

Eg tok meg eit par skiver og ein kopp kaffi og køyrde deretter til Askvoll og gjekk på Siktanuten. Geitene til Onar møtte meg i Eidsfjorden. Dei hadde det lite travelt, og såg ut til å nyte dagen. Vèret var no blitt mykje betre og sola skein. Eg gjekk berre i bar overkropp og ei joggebukse.

Geitene i Eidsfjorden

Det er fint opp gjennom Askdalen. Og reint idyllisk langs Prestelva. Vasstanden i elva her varierer mykje, og fell raskt opp og ned etter nedbørsintensiteten. I dag var det meir vatn i ho. Det gjer seg. Sikkert for småkjøa òg. I det siste har det nesten berre vore stilleståande pyttar igjen. 

Idyllisk ved Prestelva i Askdalen

Eg tok att tre voksne damer oppe i bakkane. Praten var lett å høyre. Sauene beita fredeleg i bakkane oppover. Det var fleire av dei heilt oppe på toppen òg. Verkeleg fint var det blitt no. Sola skein og det var vindstille. Alden, Heggøyna og Smelværet braut horisonten der ute i vest. Vakkert i sommarlyset. Eit snev av sommar iallefall...

Fin utsikt mot Alden frå Siktanuten

Eg sprang så ned bakkane og gjekk på rumpa i den bratte og gjørmete moldstien nedom toppen. (Nett som i går). Slo av eit par ord med damene lenger nede, før eg heldt fram resten av stien ned dalen til bilen igjen. 

Så nemnt i går blir det no ein liten pause frå fjella her ute. Kanskje oppdaterer eg bloggen frå Tyrkia ein gong eller to, men reknar med overføring av bilete frå mobilen er svindyrt. Så vi får sjå. 

God sommar til alle som kikkar innom turbloggen min. Det blir hyppige oppdateringar seinare, så følg med...


Fra Fossedalshengenipa_Siktanuten 060710

Stien mot Askdalen

1 kommentar:

AG sa...

God tur til varmare strøk, reknar med att du finn ein topp å nyte utsikta frå.