lørdag 5. juni 2010

Rikeleg med snø på Blegja

Flott ved Førdefjorden, Kvammen og Vevring i dag tidleg

Meldingane for dagen var pefekte. Morgonen gav heller ikkje bod om noko anna. Men sidan eg hadde teke på meg oppdrag som barnevakt for dei to yngste barnebarna mine i helga, vart det ikkje langtur. Eg bestemte meg likevel for ein tur på Blegja i det flotte vèret og med retur same vegen. 

Eg begynte å gå i eit fantastisk solskinn i Rørvika i halv 8 tida. Fjorden låg blikkstille. Dei snøkledde toppane der oppe spegla seg i morgonsola mot ein knallblå himmel. Rørvikelva fossa nedover den grønkledde dalsida. Perfekt førsommar ved fjorden. Det var berre å starte klatringa opp dei bratte bakkane. 

Som vanleg gjekk det fint og greitt oppover. Fin indre dialog. Positivt fokus. Ja, eg lo litt med meg sjølv, då sveitten sila etter ein halvtimes tid, og eg kjende eg var komen godt i gang...  Motoren funka.

Oppe under Rørviknipa låg første snøen. Ikkje så hard som eg hadde tenkt. Eg seig litt gjennom. Men i traversen mot sør var ranane frie for snø, så eg skifta litt på kvar eg gjekk. Nipevatnet var framleis delvis islagt. Eg runda heilt nede ved vatnet og tok opp ura der i staden for å klatre over. Og så var det dei snødekte urane oppover. I den brattaste delen mot toppen, fann eg det tryggast å ta på stegjerna. Her var det hardt, sidan sola ikkje hadde fått tak endå. Og opp og over sjølve skavlen, låg det endå så mykje snø at steinane i ura ikkje stakk fram. Og unnasols som dette er, så var det sjølvsagt hardt her og. Men etter at stegjerna kom på, gjekk det lett opp og over kanten til toppen. 

Kjempeutsikt i alle himmelretningar. Nesten heilt blikkstille og sol frå skyfri himmel. Gjekk det an å ha det flottare? Og klokka var ikkje meir enn 10...! Snøen hadde minka ganske mykje sidan sist. Eller det vil seie rundt varden iallefall. For no var det berre stein igjen av den og ikkje is og snø. Så boka eg la ut i oktober i fjor gjekk an å fiske fram. Litt rekneskapsføring måtte til frå turane tidlegare i vår...:-)

Etter litt fotografering og opptak av ein snutt, gjekk eg ned igjen same vegen. Returen er vel ikkje så mykje å seie om anna enn at den gjekk flott. Kjekt å sigle litt på føtene i øverste delen der snøen var hard. Og så traff eg på eit snøsporvpar nede i ura (sjå foto). Veldig kjekt å sjå denne ganske sjeldne fuglen, og registrere at dei har reir her på våre kantar òg. Elles gjekk det radig til fjorden igjen... Fantastisk flott tur!

Fra Blegja 050610

Ingen kommentarer: