søndag 20. juni 2010

Meir ryper og meir fjell

Fin morgon ved Øyravatnet i dag
Eitrenipa speglar seg i morgonsola

Eg slit med ein liten forkjølese om dagen, og var rimeleg tett både her og der då eg vakna i dag tidleg. Eg slo difor frå meg nokon lenger tur og valde å gå på Fossedalshengenipa. Otrivin og ein solid porsjon havregrynsgraut, gjorde at morgonen letna. Ute var det praktfullt, men kaldt. Det tek alltid ei stund ut på morgonen før nordavinden frisknar på, så desse tidlege timane må nyttast. 

Det var stilt og fint i Skjerlia òg. Agnar sin bil stod der. Dei var på Nipebu hadde eg fått melding om. Men eg tok ikkje turen utom der i dag. Det fekk halde med bilder. Eg gjekk friskt på oppover og løyste sveitten ganske raskt. Gjekk plankane over kanten på myra. Og jammen trur eg ikkje det gjekk raskare over der no. Slapp bløyta. Flotte greier. 

Opp gjennom ura og bakkane under Krokavatnet var sola endå ikkje komen. Så nordatrekken kjendest ekstra godt her. Rett ovanfor vatnet var solinnstrøyminga frå aust herlig. Veldig fint. Her er det òg så praktfull utsikt mot Krokavatnet, Eitrenipa og Kringla. Litt lenger oppe dukkar òg Blegja og Storehesten opp i aust. 

Eg trudde nesten ikkje det var sant då to ryper skvatt opp framfor føtene mine i dag òg. Svært så dårlege som dei spelte. Og trur du ikkje, av alle ting, at det skvatt kjuklingar rundt meg i alle retningar i dag òg. Aldeles rart at eg skulle oppleve slikt to dagar på rad, når det går årevis mellom ei slik hending til vanleg. No var ikkje rypeforeldra fullt så nærgåande som i går, dei svirra rundt eit stykke unna, men eg fekk inn eit bilda av to av nøsta der i lyngen...

Rypekjuklingar i lyngen i dag òg...

Eg kom meg likevel raskt der i frå. Ville ikkje forstyrre unødig. Får berre håpe kullet får leve opp... Vi treng jo ikkje akkurat skyte ned desse flotte fuglane. Så lite som det er blitt av dei...

På toppen var det friskt. Nordavinden var i gang allereie. Skikkeleg kald i kantane. Klokka var akkurat passert 9. Lufta var fantastisk klår. Og Langevatnet og resten av eldoradoet av tjern, pyttar og vatn vestover låg krystallklåre og blå i morgonlufta. Eg sette meg i skjul for vinden nedom varden mot sør og speida mot Dalsfjorden, Fossedalsvatnet og dei kjende fjella i aust. Ikkje ein lyd, blått og klårt. Berre hjartet dunka. Alt dette ville ligge på same måten når det var slutta å slå òg. Var eg ein del av alt saman då...?

Utsikt mot sør frå Fossedalshengenipa
Øvre Fossedalen i nedste venstre kant med Kringla og Laukelandshesten.
Fossedalsvatnet, Dalsfjorden og Sætenes t.h.

Filosoferinga vart avløyst av nordavinden. Eg hadde fått sett heim, både i bokstaveleg forstand og i ei endeleg tyding, og sprang ned igjen den tørre konglomorat-ryggen på fjellet. Forbi skråberga og ned bakkane mot Krokavatnet. Vidare ned urane og over brua i ura. Over myra har det ikkje lete seg gjort å springe før - iallefall ikkje for meg, men no var denne heilt perfekt å springa over ved hjelp av plankane vi har lagt ut... Det gjekk som eit skudd forbi, og vidare til Markavatnet og bilen. 

No følte eg vel ikkje akkurat at eg hadde døden i helane ned igjen, ikkje så å forstå, men jammen gjekk det fort i dag. Og klokka var ikkje meir enn 9.45 då eg køyrde der i frå...

Heime igjen lurte Olaug på kor tid eg hadde gått. Dei søv somregel når eg fær på morgonutflukter. Eg fekk så i meg litt mat og kaffi, og slappa av litt på altanen, før eg køyrde til Askvoll og tok med meg Siktanuten òg. Like greitt når eg var i gang ein tidleg søndag. 

Det som er flott opp på fjellet her, er å berre gje på oppover og springe ned igjen. Med joggesko og lette klede. Her er god sti, sjølv om enkelte plassar er litt våte. Men det er rett og slett for kaldt til å gå i shorts endå. Litt småforkjøla, er det sikkert greitt å late vere av den grunn òg. Eg snakka såvidt med Svein F med det same der nede. Han hadde vore opp. Han var einig at vi etterkvart burde fått litt farge på stankelbeina...:-) 

Turen på Siktanuten er vel egentleg ikkje så mykje å seie om. Det var akkurat som i går. Klår luft og god sikt til havs. Blått i blått. Der hav og himmel møtest. Der augene finn ro. Der du flyt inn i eitt med horisonten. Der draumar og liv vert laga...

Eg sprang så like til bilen igjen så sveitten sila... Dagens trim var over...


Fra Fossedalshengenipa_Siktanuten 200610
Eitrenipa i motsol ved Krokavatnet

Ingen kommentarer: