tirsdag 15. juni 2010

Klår nordaluft

Mot Osland og Skålefjellet på bilde 1
og Yndestad på bilde 2.
Foto frå bakkane nedom Fanafjellet i ettermiddag

Det vart ein rask ein på Fanafjellet igjen i ettermiddag i den klåre og kalde nordavinden. Akkurat ruta opp frå Stafsnes ligg midt i bana for vind frå denne retningen, så oppom bjørkebeltet blir det fort kaldt slike dagar. Og framleis er det i grunn greitt å ha med seg hue sjølv om sola skin frå skyfri himmel. 

Eg tenkte på det i dag då eg høyrde om rim på bakken rundt om i fylket at molteblomstrane sikkert ikkje hadde hatt det godt i natt. Men dei eg veit om stod like fint i dag som før. Så kanskje det ikkje har vore frost her ute ved kysten, iallefall nedom høgste fjellet. 

Elles går sauene fint oppe i området. Eg synest sauebjøller kling ekstra fint når eg kjem over skoggrensa og på fjellet. Eg heldt forresten på å trakke på ei rype der oppe i ettermiddag.  Merkeleg at ein skal kveppe like mykje kvar gong dette skjer. Eg såg ikkje nærare etter reiret i denne omgang, men let plassen få fred.

Ingen kommentarer: