tirsdag 8. juni 2010

Dugnad på DNT-stien til Nipebu

 Over nordvestkanten på Blegja 5/6 skin sola...

Vi var 4 mann som bar 5 toms impregnerte plankar, saga og spikra og la dei ut i kanten på myrane ved Grunnevatnet i kveld. Totalt ca 200 meter. Dette er ein del av DNT-stien til Nipebu. No skal det bli mykje betre både å ta seg fram og halde seg tørr på føtene forbi denne våte plassen. Lendet er slik her at det ikkje let seg gjere å gå utanom myrane heller. Difor denne jobben. Paradoksalt har det vel knapt vore så tørt her før, men det passa jo bra for oss i kveld då...


Eg rakk likevel oppom Fossedalshengenipa først. Men det gjekk visst litt på halv åtte i dag tidleg då eg heiv utstyr inn i bilen, for då eg kom opp i Skjerlia etter arbeid mangla eg treningsbukse. Og kameraet var eg smerteleg klar over låg att heime frå før. Heldigvis hadde eg no skoa. Småsko passar iallefall dårleg her oppe. Så eg rende av garde i jeansen eg stod i og fjellsko, og trøsta meg med at det var vel cowboyane i uniten som først introduserte olabuksa som arbeidsantrekk, så då måtte eg no klare å komme meg på Fossedalshengenipa i same utstyret...:-) Og det gjekk sjølvsagt fint, sjølv om steglengda av og til vart litt redusert, og det vart temmeleg varmt inn under der. No trur eg neppe det var noko som tok skade av dette, sjølv om det var noko uvant...:-)


Det som eg måtte fline endå meir av med meg sjølv, var at eg på toppen kunne konstatere at nøkkelkortet til banken og GO3 brikka til nettbanken, hang og slang bak frå buksa... Då kan eg nok heilt sikkert gå ut i frå at slikt utstyr iallefall aldri har vore på Fossedalshengenipa før. Og truleg aldri vil komme der heller. Det er no måte på å ta jobben med seg kvar ein går...:-) 


Som de sikkert forstår av alt dette gjekk turen fint både opp og ned. Utan noko særleg anna å bemerke enn at det blir buksebyte på arbeid i morgon...

Ingen kommentarer: