lørdag 15. mai 2010

Vår ved fjord og i fjell

Utsikt ned Størdalen mot Mjåset, Høgeheia og Stavfjorden i førmiddag.
Størdalsstauren opp t.h.

Nok ei nydeleg lørdag. Det kjem seg no, trass i ein til tider iskald nordatrekk. Eg høyrde forresten dei sa det var luft frå nordpolen på tv`en i går kveld som strøymde nedover kysten.

Eg gjekk meg ein morgontur på Fanafjellet frå Stafsnes. Greitt og raskt oppover til sangen av nyankomne løvsangarar og morgonfriske raudstruper. Fjorden låg krystallblank nede, knallblå i morgonsola. Arild var allereie på tur utover til Heggøyna med seglbåten. Då var vi to som var godt i gang med dagen...

 Arild er på veg ut fjorden i seglbåten oppe t.h.
Klokka er 08.05 i dag tidleg
 
Ein times tid seinare toppa eg sveitt og god ut Fanafjellet. Fantastisk. I den klåre lufta og vindstille. Hurtigruta passerte drivande kvit ute ved Askrova på det irrande blå havet. Som i Middelhavet. Eg keik bort på den drivande kvite Moldura og bestemte meg for å gå opp. 

Sørgåande hurtigrute passerer sør av Askrova i dag tidleg

Eg gjekk så bort og ned slukta på toppen av Fagredalen og tok bratt opp nordsida av Moldura. Snøen var perfekt å gå på med fjellskoa. Akkurat passe mjuk frå morgonsola i aust. Alden, Bulandet, Værlandet, og øyane ved Florø dukka opp igjen. Og hurtigruta (den er visst med på mange bilder i dag...:-))

Eg følgde nokre hjortespor som gjekk heilt på austsida av fjellet opp på toppen. Kjempetur opp! Himmelsk! Vindstille, sol frå blå himmel og drivande kvit snø.... Eg var bort på kanten og tok eit par bilder mot Holmedal og Straumsnes og nokre fleire frå toppen. Deretter gjekk eg bort på toppen mot vest og tok nord og vest ned mot Størdal for retur den vegen. 

Toppen av Moldura i dag

Dalen viste seg frå si finaste side i morgonsola. Gyllen i haustfargar frå i fjor, med den blå Stongfjorden i bakgrunnen og dei grøne bøane ved fjorden. Og ytst Stavfjorden og havet...! Det var fleire årstider på ein gong... Nede ved fjorden igjen låg denne like stille. Med sola framleis i austleg retning var det nydeleg å ta bilder ut fjorden i den klåre lufta. Eg fekk meg deretter ein spasertur på asfalten inn igjen til bilen på Stafsnes. 

 Vi ser Størdal og mot Mjåset og Stavenesodden i føremiddag

Etter litt kaffi og mat på altanen i føremiddagssola, slumra eg like godt av i solstolen. Men ei stund etterpå fann eg ut at eg hadde eit par ærend i Askvoll. Så eg tok like godt på meg noko lette joggeklede og stakk oppom Siktanuten i same snuren. 

Det er nesten utrulig kor sauesymre det er opp gjennom dalen i skogebeltet no. Heile flatene er dekte med blomar. Vinden hadde friskna på litt frå nord no, og den var ganske kvass i kantane då eg kom opp Bjørndalen. Men eg gav på litt ekstra og heldt heten.

 
Skogbotnen er dekka av saumesøme (kvitveis) opp gjennom Askdalen

Havet og øyane kjem veldig nær når du kjem opp hit. Nett bortom i vest ligg nordsida av Atløyna, Alden, Heggøyna og Smelværet m.m. I dag var sikta upåklageleg i nordalufta. Eg sat likevel ikkje mange minuttane her før eg sprang ned igjen heile vegen til bilen. Men då var eg iallefall varm nok....:-)

Utsikt frå Siktanuten i dag

På veg opp frå Stafsnes i dag tidleg

Fra Fanafjellet_Moldura_Størdal_Siktanuten 150510

Ingen kommentarer: