lørdag 8. mai 2010

Nydeleg vårtur

Rett vest om Synste Stauren ser vi mot Kvammen og Førdefjorden.
På motsett side ligg Vevring og det omtala Engebøfjellet med Håsteinen bak

Eg vakna litt over halv 6 og keik ut glaset. Ein fantastisk raudfarge frå morgonsola spegla Størdalsstauren. Ikkje ei sky på himmelen. Eg jumpa ut av senga med det same. Etter å ha fått i meg ein solid porsjon havregrynsgraut, stakk eg nasen ut om altandøra.... Berre skyer! Snakk om antiklimaks... Vi hadde fått skyene som skulle vere i Nordfjord til Sunnfjord. Ja, ja,meldigane var jo gode ut over dagen, så eg gjekk for Blegja likevel....

Eg køyrde inn i Rørvika. Måtte knipse eit morgonbilete i Løvika. Førdefjorden og himmelen i aust er vakker her i frå. Stadig flotte lyssettingar. Dette er ei perlene eg har på pendlarvegen min. Ein dag kjem eg vel til å køyre utfor her....

 Morgonstemning i Løvika kl 06.57 i dag tidleg

Som nemnt var eg i blodbanken på torsdag og tappa mi halvårlege dobble dose på blodtappemaskina. Som regel merkar eg ikkje så veldig mykje til dette. Iallefall etter eit par dagar. Men eg var litt spent på formen oppover bakkane frå Rørvika likevel. Det gjekk litt comme ci comme ca. Bra ei stund, så andpusten. Kva som skuldast kva var jo håplaust å vite. Fekk berre ta det som det kom.

Eg kom meg ganske greitt opp under Rørviknipa. Vèret var diverre framleis overskya, men heldigvis nesten heilt vindstille. Det var kome litt meir snø etter forrige lørdag. I somme småparti måtte eg vabbe. Likevel tok eg på broddane. Hard snø inn i mellom. Oppe i ura under sjølve topplatået, skifta eg ut broddane med stegjern. Og tok meg ei kjeks og ein god støyt XL-1, sette att sekken og begynte klyvinga mot toppen. Med stegjern sit ein som planta i skaren. Her er bratt oppe under toppen, så det er jammen greitt å kjenne at ein sit på. Isøksa var òg grei å ha med seg. Spesielt ned. Eg kom meg fint over skavlkanten og inn på det flate partiet på toppen og bort til varden. Det gjekk lettare i dag enn forrige lørdag då her var meir is.

På toppen av Blegja i dag tidleg

Så var det tid for bilder og ein liten snutt. Sjølv om det var grått, var det forbausande stilt. Eg vog litt fram og tilbake på kva eg skulle gjere vidare. Eg hadde ein plan. Men denne krevde krefter. Og vèret då? Tja, det virka lettare. Meldingane var bra ut over dagen. Mat hadde eg smurt meg. Og alt nødvendig utstyr var med. På veg ned igjen i ura, der sekken stod, letta det endå meir. Det kom eit skin av sol gjennom skylaget. Eg hadde toppen innabords og klokka var ikkje meir enn 10. Eg hadde heile dagen på meg. Nei, det gjekk ikkje an å gå ned igjen no. Eg ville dra utover Blåegga som forrige lørdag. 

Då eg kom opp på Synste Stauren braut sola skikkeleg gjennom. Dette var omlag heilt omvendt frå forrige lørdag. Då var det sol på Blegja, medan skyene kom her ute. Kjempegreier. Nydeleg! 

 Praktfullt på Blåegga i dag

Og vidare utover Blåegga fekk eg meg ein fantastisk tur. Panoramautsikt til Dale, Dalsfjorden, Lihesten og mot Stølsheimen på venstre handa og framfor meg trona Kringla, Heileberget og Eitrenipa. På høgre hand låg havet, øyane, Leknesvatna og bygdelaga ved Førdefjorden, spegla i den damstille fjorden med grøne bøar omkring! Og her var det drivande kvit snø med nydeleg sol. Fantastisk. Som det reinaste Guds under.... Det er utrulig fint utover Blåegga...!

Frå Blåegga ser vi mange av fjella i Askvoll.
F.v ser vi Kringla S&N og Eitrenipa i høgre kant

Eg gav meg god tid utover fjellet i dag. Retta opp nokre vardar og bygde på andre. Så toppa eg greitt ut Eitrenipa, og fekk meg nokre fortente skiver, drikke og litt melkesjokolade. Det var varmt i lyngen, og sola steikte inn i mellom nokre lette skyer. Vindstille! Minneboka fekk påfyll i dag... 

Bror min, Sillan blant vener, hadde eg ein avtale med. Eg tok kontakt med han igjen no, og fortalde kvar eg var i lendet. Han kunne hente meg i Fossevikja og skysse meg til Eikenes, der Olaug kunne hente meg.

Ned skaret på sørsida av Eitrenipa var det blaut snø. Eg sakk skikkeleg gjennom. Men framme på kanten mot stupa var snøen tina vekk og lyngen stakk opp. Så eg balanserte ned framkanten. I Eitreskaret var snøen vekke inn ved fjellsida. Det gjekk fint å ta seg ned her. Ved vatnet låg det litt snø og is igjen. Eg følgde så trassèen for DNT-løypa Massbu-Nipebu vidare ned i botnen av dalen, før eg tok sør og ned i Øvre Fossedalen. 

 Ved Fossedalsvatnet ser vi tilbake på Eitrenipa og sela i Øvre

Frå øvst i dalen på solsida, og resten av vegen til fjorden, er det no snøfritt. Eg knipsa nokre bilder på veg ned til Fossedalsvatnet, og følgde deretter den vanlege austsida av vatnet ned til fossen mot Nedre Fossedalen. Her tok eg litt meir foto og fekk meg noko god XL-1. 

Eg trakka mykje mine barnsbein i Fossedalen. Området her oppe betyr noko spesielt for meg. Og mange minner dukkar opp på vandringane . Gode minner over ein god oppvekst og ungdomstid. Eg sat ei stund oppe på dei blankslipte svaberga med elva rennande ved mi side. Vatn i eit evig kretsløp... Ja vatnet vi sjølv har i oss går ein dag inn i det same... for mengda vatn på kloden er alltid konstant... Mange tankar...

Elva frå Fossedalsvatnet til Nedre Føssedalen renn over flotte berg

Eg fekk sendt ei melding til broderen kvar eg var, og gjekk deretter ned i Nedre Fossedalen. Der var det tydeleg folk på helgabesøk. For det norske flagget flagra i vinden på frigjeringsdagen. Og solstolane var plasserte ut. Det er alltid kjekt å sjå kor fint her er.

Eg var òg bortom Elraki for ei vitjing. Her blomstra påskeliljene i rikt monn. Og marka var overfløymd av kvitveis. Vakkert og idyllisk.


Våren kjem seint men godt på Elraki òg

Så bar det ned Kleivane til Dalsfjorden der Sillan venta. Han skyssa meg ut til Eikenes. Vakkert spegla Dale og landskapet seg i den nesten stille fjorden. 

 Bror min, Sillan blant vener, skyssa meg frå Fossevikja til Eikenes i ettermiddag. 
Bak ser vi Blegja, Laukelandsfossen og Laukelandshesten.

Ein fantastisk dag var til endes. Eineståande vakker. Frå fjord til fjell til fjord. Frå Førdefjorden til Dalsfjorden. Frå vår til vinter til vår. Vi er heldige vi som har det slik rundt oss...

Fra Blegja_Eitrenipa 080510

2 kommentarer:

Eli Kristin Magnussen sa...

Nyyydelige bilder Gustav!! Fantastisk flott der oppe :D

Unknown sa...

Takk for kommentar Eli Kristin. Kjekt du er innom og legg igjen ein flott kommentar.

Ja, det er utrulig fint oppe i desse traktene. Spesielt på denne tid av året. Det blir liksom fleire årstider på same turen. Og våren får ei vidare tyding for meg!