torsdag 13. mai 2010

Nydeleg Kristi Himmelfartsdag

Foto på Smørskornova i dag. Skålefjellet i midten bak.

Eg var i stuss i går kveld om eg skulle gå opp igjen på Blegja i dag òg. Men sidan eg har vore der dei to siste helgane, og i tillegg fekk nyss om at det skulle opp mange andre, valde eg det vekk. Eg likar best å lage mine eigne spor...

Eg var derimot i Skjerlia allereie før kl 07. Eg gjekk veldig lettkledd for ein rask tur opp, og sekken sette eg igjen i bilen for neste etappe. Materialen til å byggje ein tørrare sti over myra låg på plass. Ferdig til å begynne på. Men akkurat dette stod ikkje på programmet i dag. Det var tydeleg at det var gått litt folk oppover i det siste, for her var spor i snøen lenger oppe ved Krokavatnet. Og opp berga låg det framleis bra med snø som eg seig igjennom.... Stor var mi undring då eg trefte på Audun E. oppe ved toppen. Så tidleg trudde eg ingen andre var ute. Vi vart ståande og prate litt, men med å lite klede på meg, måtte vi berre bryte opp. Eg tok nokre bilder på toppen, og sprang så ned igjen. 

Ei kjø fekk det travelt ved Grunnevatnet i dag tidleg...

Ved nede ved bilen igjen, køyrde eg ut igjen til Oslandsbotnen, og tok opp Brekka med Smørskornova som mål. Det var framleis rimeleg kaldt i det skuggelagde partiet oppover mot Botnastølen. Som så mange ganger før var her ein sur vind ned dalen. Men no hadde eg fått kledd meg om med tørre klede som gjorde godt. 

Det var snøfritt både til Botnastølen og Svedalen, men det låg ein del i dei nordvende skara. Og opp på sjølve Smørskornova frå nord, låg det endå rikeleg med snø. Men her oppe var den ganske fin å gå på føtene i. Saka er likevel den at mange av områda her oppe framleis er fine å på ski i


 Frå Svedalen i dag med skaret til Smørskornova t.v.

Eg toppa ut Smørskornova i eit fantastisk solskinn. Sola var no begynt å varme litt, og vinden var heller ikkje allverda. Nydeleg utsikt til Rivedal, Flekkefjorden, Dalsfjorden, Leite og mot Straumsnes. Og sjølvsagt til alle fjella i aust, og Dokka, Moldura og Skålefjellet mot vest. Mot nord ser vi faktisk ein bit av Førdefjorden herifrå òg.


Frå Smørskornova ser vi m.a. parti av Rivedal, Rivedalskletten, Rivedalsstølane og
Flekkefjorden, Leite og Straumsnes på sørsida av Dalsfjorden

Eg gjekk ned igjen på sørvest sida av fjellet. Sigla leande på rumpa ned bakken mot Langevatnet, og heldt fram over vatnet. Ja, for den kvite flata heldt meg endå. På veg opp igjen bakkane mot nord, heldt derimot snøeikkjen meg . Det vart ei hard affære å komme seg opp, då eg seig gjennom til langt opp på leggane for kvart steg. Det kom seg litt i partiet nord om Hekkelfjellet mot Siklabergvatna. Desse tok eg sjansen på å gå over òg, sjølv om osane var gått opp fleire plassar. På vestsida av vatnet blanda eg meg noko drikke, og heiv innpå nokre raske karbohydratar. Så gjekk eg opp bakkane mot Mannskaret og utover mot Fanafjellet. 

Motiv ved Siklabergvatna i dag. Hekkelfjellet t.h.
Her ligg endå bra med snø...

Det er nydeleg utsikt både til Stongfjorden og Holmedal på dette stykket. Og Moldura ligg beint fram, Skålefjellet rett bak. Det ligg mindre snø her ute enn lenger inne. Så det gjekk fint å komme seg ut og opp på Fanafjellet. Framleis ingen menneske å sjå. Og ingen hadde heller vore her på morgonen. Eg sat ei stund ved varden og tok meg eit par skiver og noko XL-1. Nydeleg utsikt ut mot havet og øyane ved Florø. Klår nordaluft og nesten heilt stille. Det har vore mykje av det heilt motsette vèret på Fanafjellet tidlegare i år... Har nokre skikkeleg sure turar rundt påsketider med null sikt friskt i minne...

Vi ser mot Stongfjorden frå vest om Mannsskaret

Så gjekk turen vidare ned den vanlege ruta til Ansgar Bjarne, og til fjorden og Stafsnes. Olaug som var på Toreheia med Sissel kunne ikkje hente meg i dag, så eg måtte plent gå heile runda rundt fjorden og heim. Men så fekk eg teke nokre fine vårbilder på denne turen òg... Etter mange timar i fjellet er likevel det verste eg veit å trakke asfalt med fjellsko siste timen heim... Det er då føtene verkeleg blir møyre og lyskene brenn... Men det kan sjølvsagt ikkje ta brodden av denne fenomenalt flotte Kristi Himmelfartsdag 2010...  

Utsikt ved Stafsnes

Fra Fossedalshengenipa_Smørskornova_Fanafjellet 130510

1 kommentar:

AG sa...

Flotte bilder, eg stjeler eit:)