søndag 30. mai 2010

Den beste tida...

Ein fantastisk morgon ved Øyravatnet i dag tidleg.
Eitrenipa i midten lengst vekke.

Eg vakna opp til eit eventyr utanfor glaset klokka 06. Ikkje ei sky på himmelen, blikkstille på fjorden og morgonsol på fjella. Kven kan leggje seg til å sove igjen då? Planane eg hadde kvelden før om å gå på Blegja/Eitrenipa/Skjerlia la eg likevel frå meg. Eg var trøtt i kroppen og overskotet var ikkje heilt på topp. Eg valde difor å gå opp igjen på Fossedalshengenipa, sidan Olaug òg hadde ymta frampå om eg ville vere med på Smørskornova seinare. Vel - eg fekk ta ein ting om gongen. 

Eg måtte berre stoppe bilen oppe ved Øyravatnet. Når det er tidleg nok, og sola ikkje er komen heilt opp, er det perfekte forhold for nokre spegelbilder her. Spesielt er eg glad i Eitrenipa, i fasongen og stoltheita i den kneisande framtoninga. Fjellet kjem til sin rett her i frå. I spegelen av sin eigen glans. 

Det var ingen andre bilar på parkeringsplassen. Så stilt så stilt. Ikkje ein lyd. Ikkje eit vindpust. Og i enden av austre delen av Markavatnet var det heller ikkje ei krusing på yta. På slike morgonar er det strålande utsikt vestover vatnet til Mandelida. Alt speglar seg i alt. Ser du lenge nok veit du ikkje kva som er opp og ned. 

 Austenden av Markavatnet i dag tidleg

Eg heldt fram oppover, forbi myra og opp røysa til Krokavatnet. Dette stykket ligg noko i skuggen tidleg morgon. Ofte er det her ein møter litt kald trekk. I dag var det lite av den. Ved Krokvasstølen/Svortevikstølen får ein på denne tid sola igjen ved Eitrenipa. I den klåre morgonlufta låg vatnet knallblått og som namnet seier, i krikar og krokar sørover. Kringla spegla seg i morgonsola. Blå i lèten. Det var som om fjella strekte litt ekstra på seg. Opp mot sola. Som å ynskje denne flotte dagen ekstra velkomen. 

Opp tørre svaberga. Skoa sat som støypt. Kroppen gledde seg over å ta i. Sola lo og løvsangarane song. Herre min Jeremias. Kunne det bli flottare...? Eg saug i meg nokre drag med vatn frå den kalde elvasitla før sjølve oppstigninga av ryggen. Godt å skòle panna og nakken litt i friskt vatn. Og så var det opp berga. 

Eg tok opp på nordsida av ryggen igjen. Her er det flott utsikt mot nord til Florø og Markahengenipa. Sette opp nokre nye vardar til bruk for ein heilt annan vèrtype enn i dag. I søkket før toppen var vatnet igjen frose på om natta. Og endå ligg her igjen noko snø i nordhellinga.

Lufta var krystallklår. Nydeleg utsikt i alle himmelretningar. Litt trekk gjorde at eg tok på meg den lette og vasstette vindjakka (280 gram). Når ein er sveitt i kleda kjem kulden fort. Og klokka var berre 8.30.... Eg tok nokre bilder frå fleire vinklar. Sat og funderte litt over livet. Kikka mot Nipebu, Langevatnet og Stordalen og måtte nok ein gong kjenne på kor heldig eg var som fekk oppleve dette. Åleine "On top of the world"...

 Med zoom mot Nipebu i midten av bildet


 Flott morgonstund på Fossedalshengenipa

Eg snudde så ned igjen. Og åleine fekk raskt ei anna tyding. For i søkket nedom toppen kom ein raudkledd person i godt driv. Eg såg fort at det var Ingvar S. Vi vart ståande å preike litt. Ingvar går mykje i fjellet han òg, likandes fyr som han er. Heilt sikkert noko av same blodet som renn i årane som underteikna. Det er eitt eller anna med fjellfolk som er sams. Slike dagar er det som om overskotet dette livet gir nærast sprudlar ut øyra. Og kven vil ikkje ha det slik? Du får berre lyst å skrike ut kor herleg livet er...

Eg jumpa så vidare ned berga. Stoppa eit par gonger og tok eit par shots, og var ganske raskt nede til bilen igjen. Eg var heime igjen får klokka 10.30. Endå var det berre morgon. Og allereie var ei kjempeoppleving i boks. 

Etter kaffi og Cottage Cheese på altanen i morgonsola, ville Olaug som sagt ha meg med på Smørskornova. Eg var klar igjen eg... Tredje turen dit på like mange dagar... Men i dag gjekk vi opp frå Oslandsbotnen. Der oppe var det reine stimen av bilar. 5-6 stykker nede i botnen, eit par oppe i brekka, ein på toppen av brekka og ein heilt oppe ved Botnastølsvatnet (den trur eg var SFE sin)... Eg lurte på om dette kunne ha med vèreslepp i Svedalen å gjere. Men der oppe er det  knapt næring endå. Litt seinare viste det seg at det m.a. var dugnad på vèrehytta + folk på Morkstølen og nokon som var i Norddalen.

Olaug la friskt i veg opp Brekka. Eg likar å starte litt forsiktig. Vi kom oss fort opp på Botnastølen, og vidare opp skaret til Svelivatnet. Dette er no sterkt nedtappa. Eit frykteleg syn. Eg har stadig diskusjonar med min fru korleis ho ser på dette med slike reguleringar og kraftlinjer. Og merkeleg nok bit ho seg ikkje så mykje merke i det. Ein ting er iallefall sikkert - ho er ikkje skrudd i hop slik som eg. Eg får åndenaud. Og kraftlinjene og reguleringane her på Askvollhalvøya, spesielt i regi av SFE, er katastrofale. Og meir er under planleggjing. Vedlagt nokre knips frå i dag i eigen serie...

Fruen i huset er i bra form. Det gjekk flott oppover mot skaret i Svelia til toppen. Men stykket her i frå og opp krev si kvinne. Snøen som låg igjen i bratta var rimeleg blaut. Så det var det ingen problem med. Lufta gjekk likevel såpass ut av Olaug at vi måtte stanse på eit par gonger før vi nådde opp. 

Olaug tek ein liten pust i bakken i skaret opp frå Svelia

På Smørskornova i dag

Perfekt føremiddag. Utan vind. Kjempeutsikt, spesielt sørover til Rivedal, Dalsfjorden og Flekkefjorden. Eg forklarte Olaug kva fjell vi såg i alle retningar. Og vegen vidare vestover m.a. til Fanafjellet. Etter ei lita stund der på toppen gjekk vi ned att same vegen. Sigla skaret ned på skoa og heldt fram nord igjen ved Svelivatnet til Botnastølen og Oslandsbotnen. Nok ein kjempetur var i boks... Men no var eg svolten...:-)

Fra Fossedalshengenipa_Smørskornova 300510

Litt å drikke i skaret i Svelia

Fra Kraftskjemsel

Slik er realitetane i Svelia og ved Krokavatnet

Ingen kommentarer: