søndag 4. april 2010

Variasjon over kjendt tema

Foto ved Fanafjellet i dag
Vi ser mot Florø og øyane

Eg vakna til at huset nærast riste i søraustvinden som kom ut fjorden. Men vèret var brukbart. Overskya, men ikkje regn i sikte. Eg sjekka på nettet òg, og det såg ut til å halde seg opplett utover dagen. Så eg tenkte som så at noko Blegjavèr var det ikkje (det er det som står meg høgst i tankane no). Det vart difor til at eg bestemte meg for å ta ein variasjon over eit kjendt tema. Ta deler av turen frå i går, men starte frå Oslandsbotnen. Det ville ikkje ta heile dagen, berre nokre føremiddagstimar.

Så eg var på plass der oppe i 8.30 tida i sterk sørausttleg vind. Denne vindretningen tek grassat der oppe i botnen. Likeins opp Brekka. Og på toppen, nedom Botnastølen, er det som om vinden kjem ut av ei trakt, og i eit par av kasta heldt eg på å misse balansen. 

Frå skaret til Svelia. Botnastølsvatnet t.v.

Ved Botnastølsvatnet tok eg på meg skia. Og vinden gav seg litt på veg opp skaret til Svelia. Eg kom meg forbi til høgre for skavlen på toppen av skaret. Heldigvis var snøen ikkje glasert, så eg kom meg greitt over kanten. Same procedure i skaret opp i søraustre hjørnet av Svelia. Berre at her er det endå brattare og lenger å sigle hvis ein misser taket med stålkantane. Eg hamra dei inn i snøen for kvart tak... 

 Motiv i Svelia ved elva frå Langevatnet

Opp nordvestsida på Smørskornova måtte eg ha av meg skia (dette er litt meir vestleg enn der eg kom opp på turen frå Nipebu i går). Her er det bratt òg. Endå brattare ennlenger nede. Heldigvis var det ikkje is, og heldigvis seig eg ikkje særleg langt gjennom snølaget  på veg opp. På toppen bles det grådig igjen. Sjølve toppen her ligg på eit platå, så vèr og vind får godt tak. Eg knipsa nokre bilder før eg rennde ned same vegen som i går på sørvestsida. 


Utsikt frå Smørskornova mot Dalsfjorden, Flekkefjorden og Straumsnes i dag

Turen vidare vestover vart flott! Ved Langevatnet og ut til Siklabergvatna er det nydelege skiforhold om dagen. Godt med snø og eit par flotte slake renn. Og opp mot Mannskaret, og ut til Fanafjellet, er det òg godt å gå på ski. Berre ein plass må skia av der snøen er vekkblesen. Men bles det i går, så var det berre førbokstaven mot i dag. Vinden fekk veldig tak opp Fagredalen på Holmedalsida. Og oppe på toppen av fjellet mellom fjordane, er det heilt vilt av og til kor vinden tek...! I dag fekk eg han dels frå sida, så det var ein fordel. Og eg kom meg ganske kjapt ut på Fanafjellet. 


Lite snø på toppen av Mannskaret. Fanafjellet heilt i venstre kant

Det var sjølvsagt ikkje verande der ute på grunn av vinden heller, så eg rennde fort ned igjen mot nordvest til Stongfjordensida og Stafsnes. Det er fantastisk fine snøforhold å renne i eit stykke her òg. Heilt prima og veldig moro... Siste partiet til fjorden derimot er framleis berre til å bli våt på føtene av...! Vi får håpe det tørkar opp litt snart...

Jepp, då var endå ein fin tur i boks. Synest i grunn det er litt rart at eg ikkje treff ei sjel, eller ser andre skispor enn mine eigne, her oppe om dagen. Vèret er no ikkje hakkande gale - inn i mellom iallefall...


Osland t.h. i dag tidleg

Ingen kommentarer: