søndag 14. mars 2010

Perfekt tima

Foto frå Fossedalshengenipa i dag tidleg

Vèret var ein liten skuffelse då eg stod opp i 06.30 tida i dag. Overskya, skodde i Yndestadfjellet og snø i lufta. Meldingane på nettet var bra i går kveld. Eg var i grunn tenkt ut på ein litt lengre tur, men det avlyste eg der og då.

Ein god frukost og ein kaffikopp seinare, bestemte eg meg for Fossedalshengenipa igjen. Eg la nokre byteklede i sekken og kledde på meg. Då eg steig ut av kjellaren nokre minuttar seinare, snøa det noko grasat. Heilt kvitt ute... Eg rekna det likevel berre for å vere ei byge, og køyrde rett i Skjerlia....

Då eg kom opp der, var det nesten slutta å snøe. Spora frå i går låg klar med nokre få centimeter nysnø opp igjen på.. Eg la i veg. 

Heldigvis var snøen tørr heilt frå starten. Då vart ikkje fellene våte. Og føret var faktisk ganske brukbart. Det gjekk fint og raskt oppover. Framme ved myra skein det faktisk opp og vart blå himmel. Sola skein på fjella i vest. Oppmuntrande...
Oppe ved myra og utløpet av Grunnevatnet skein det opp

Eg heldt fram opp bakkane til Krokavatnet. Her låg det meir snø enn lenger nede, men den var ikkje særleg tung å gå i, så fin og tørr som han var. Eg fekk første sola for dagen oppe ved skråberga. Fantastisk flott. Perfekt påskestemning. Drivande kvit og tørr nysnø og sol. Lyset var så sterkt at det svei i auga. Eg plystra meg ein melodi... Humøret kunne ikkje bli betre...

 
Første sola for dagen var ein stimuli. Ryggen på Fossedalshengenipa i midten...

Eg tok til på klatringa opp ryggen. Føret var akkurat som i går. All snø som var komen ned var effektivt blåst bort. Berre det harde skarelaget igjen. Men til ein forandring kunne eg sjå noko i dag. Det var faktisk fleire turar sidan sist. Det er super utsikt frå Fossedalshengenipa i alle retningar. Spesielt likar eg utsikta til Eitrenipa, Blegja og Nordre/Søndre Kringla. For oss som likar fjell, kan jo dette synet få håra til å røyse seg på kroppen...



Frå ryggen på Fossedalshengenipa viser foldane i fjellet ved Eitrenipa godt. 
Krokavatnet ligg frå ende til ende på bildet retning nord/sør

Frå toppen såg eg at det gjekk ei god snøbyge i fjella i aust. Det kom òg ei ny byge i nord ved Florø. Men her eg stod skein sola. Frå farten på skyene såg det ut til at det ville vare ei stund. Så eg skifta nokre klede og tok nokre fleire bilder. Fann meg noko å drikke og kosa meg nokre minuttar. Men jammen vart det fort kaldt. Eg gjekk ned igjen til under første toppen der skia stod og rennde ned igjen ryggen. 


Toppen av Fossedalshengenipa til venstre. Frå høgda rett aust om...

Perfekt start på dagen. Og toppen inn i mellom to nordabyger. Dette var som bestilt. I puddersnøen lenger nede strøymde gutaktig glede gjennom blodet... Eit par dukk i nysnøen var berre moro...

Eg var tidleg heime igjen. Det var framleis berre morgon. Og veret var nydeleg. Sol frå skyfri himmel inn i mellom snøbygene. Eg lurte faktisk på Toreheia litt seinare. Men etter å ha ete eit par skiver og fått i meg noko drikke, tok eg likegodt avgarde med ein gong. Vèret var for fint til å krype i hus....  

Blingsane heime måtte ha gjort godt. Bakkane opp på Rinda gjekk unna i ein fei. Gåpå-lysta skein om kapp med sola. Draumanes teater! 


Utsyn frå bakkane mot Yndestadfjellet i dag

Omlag oppe ved hytta til Lasse ved Krikavatnet, såg eg det kom ei ny snøbyge i nord ved Florø. Ja, ja, denne kom eg meg ikkje unna, tenkte eg. Det var berre å ta i mot ho... Eg gav på litt ekstra over vatnet og oppover for kanskje å nå til topps før snøen og kulingen kom. Eg klarde det nesten. Men mot sjølve toppen vart alt kvitt. Greitt å ha eit par stenger å orientere seg etter. Vel bak varden bles det skikkeleg opp. Rennefòket piska hamrane, og sikta var berre nokre få meter. Eg skifta på meg nye klede og venta nokre minuttar. Og det var jammen ikkje så mange heller, før eg såg det lysna i nord att...! Som bestilt for rennet ned igjen! 

 
Supert å renne ned frå Toreheia igjen i dag (toppen ligg bakom toppen her...)

Eg låg langflat eit par gonger i djup, tørr og drivande kvit nysnø. Og eine gongen såg eg ingenting etterpå - solbrillene var heilt dekte med snø...! Eg måttte le... Å "bade" slik med toppen av fjellet "innabords", er reine lukkekjensla... 

Heim igjen gjekk det som ein røyk - der venta Olaug med middagen...! Oj, eg har det godt...:-) Perfekt tima, perfekt søndag - come Monday...:-)

Fra Fossedalshengenipa_Toreheia 140310

Ingen kommentarer: