lørdag 13. mars 2010

Endå er det vinter


Ved starten på ryggen av Fossedalshengenipa i dag tidleg. 
Ikkje så mykje som minner om vår i fjellet endå nei...

Det vart endeleg eit høve til å komme seg til fjells igjen. På torsdag gjekk det ikkje an å komme seg over elva nedom Rinda.  Den var flomstor. Søkkvått, blaut snø og elvar overalt. Men i dag tidleg tok eg turen på Fossedalshengenipa igjen. Etter den særs tunge turen forrige søndag, var eg litt spent på forholda der oppe i dag òg. 

Bilvegen opp til Skjerlia var ikkje heilt enkel i dag. Med nokre centimeter våt snø og sørpe, gjorde at det måtte eit naudskrik til for å komme seg opp siste brekka. 

Austover til Markavatnet var snøen blautt, med eit lag våt nysnø opp igjen på det gamle, våte underlaget, så sakk eg ein del gjennom.... Rimeleg tungt. Snøen vart gradvis tørrare di lenger oppover eg kom. Fellene gradvis våtare.... Det er ein dårleg kombinasjon. Det vart rett nok ikkje så gale med ising som forrige søndag, og i dag hadde eg teke med meg smurning òg... 

Det var dårleg sikt oppover ryggen mot toppen som sist. Nordavinden hadde òg glasert snøen, og blese vekk den nye, så her oppe var det hardt skareføre. Det gjorde det ganske lett å komme seg opp på våte feller - iallefall i forhold til forrige søndag. Og eg toppa ut på ein, to, tre - følte eg... Nesten ikkje trøtt heller... På toppen bles det ganske friskt. Med nokre minusgrader i lufta, vart det fort kaldt både her og der. Sedvanleg fotodokumentasjon med retur same vegen.

Rennet til Markavatnet er vel ikkje så mykje å skrive om. Det gjekk radig, veldig kjekt og lys til sinns... Denne gongen også med friske bein, så eg trur ikkje eg datt ein einaste gong. Det må ha vore første gongen i år! Jepp, det gjorde utruleg godt for sjela å komme i gong igjen...

Fra Fossedalshengenipa 130310

Ingen kommentarer: