søndag 28. mars 2010

Det vart vått...



Utsikt mot Markahengenipa og Florø frå Fossedalshengenipa i går...
Som vi ser er det lite snø i høgda...

Eg hadde ikkje så rare forhåpningane til nokon stor fjellutflukt i dag, etter meldingane som vart servert oss i går. Difor var det ganske overraskande å sjå at det likevel var brukbart vèr i dag tidleg. Eg bestemte meg difor for ein tur på Fanafjellet frå Stafsnes, og tok høgde for å gå inn på Smørskornova og ned igjen på Osland.

Eg var ikkje komen så langt opp i bakkane før eg såg skodda komme sigande frå sør mot Svarthamrane og inn på toppen av Skålefjellet. Dette var eit dårleg teikn. Litt lenger oppe i bakkane såg eg det dreiv inn skodde på motsett side av fjorden òg. Og like etterpå starta det å regne. Shit! Så gjekk regnet over i sludd, for så å gå over i snø. Heldigvis var det nokolunde stilt slik at drevet uteblei. Men skodda og snøen gjorde sikta nesten lik null! Eg bestemte meg der og då for at her var det berre å komme seg opp på toppen og ned igjen. Nokon lengre tur innover fjella slo eg frå meg. 

Toppen fann eg ganske greitt i dei usynlege tilhøve som vart, men nokon bildeserie var heilt utelukka. Det var som å skyte i blinde. Eg fekk namnet i boka og tok same vegen rett ned igjen. 

Skia hadde eg sett igjen heime i dag. Men hadde teke med meg trugane bak på sekken. Dei brukte eg likevel ikkje. Det låg noko blaut snø midt i lia, og oppe i nordhellingane mot toppen. Seig stadvis gjennom til knærne, medan andre plassar heldt snøen som låg opp på skarelaget nokolunde. Første stykket oppover frå Stafsnes var snøfritt og veldig vått av regn og smeltesnø. Så sjølv om turen ikkje er så lang opp på Fanafjellet (0-713 moh) så virkar underlaget som er no bra inn på føtene likevel.... Vi får berre krysse fingrane for lettare vèr framover...!

1.Utsikt mot Toreheia i lia ovanfor Stafsnes
2. Ikkje mykje å sjå på toppen av Fanafjellet i dag


Ingen kommentarer: