lørdag 13. februar 2010

Vinterdraum

Sola står opp i sør ved Kringla. Foto frå oppstigninga på Fossedalshengenipa i dag tidleg.

Eg sa shit ute på trappa i dag tidleg klokka 06.30. Det var snø i lufta og skodde oppe i Yndestadfjellet. Lite visste eg då kva dag det skulle bli. Meldingane for dagen var nemleg gode. Men eg bestemte meg for å satse på det opplegget eg hadde sett meg føre kvelden før. Iallfall å ta Fossedalshengenipa først. Sekken hadde eg gjort klar i går kveld, men smurde nokre skiver og la opp i.

Eg var på plass ved Markavatnet litt før klokka 08 og tok oppover den faste DNT-ruta.
Snøen var tørr og fin. Og det var eit spor frå i tillegg til mitt eige frå forrige helg, så det gjekk ganske raskt oppover. Ein litt sur morgongufse traff meg oppe på myra før stigninga opp ura, så eg laut knappe godt igjen.


Oppe ved skråberga ovanfor Krokavatnet vart himmelen i aust ved Eitrenipa rosa. Eit praktfullt skue! Og skodda var som blåst bort. Herlig! Eit skikkeleg boost for dagen. Dette skulle bli bra...

 
Ovanfor Krokavatnet åpna landskapen seg mot og sør til flott morgonlys.

Eg toppa ut Fossedalshengenipa klokka 09.05. Det hadde gått rimeleg kjapt opp ja, sjølv om eg hadde teke ein del bilder undervegs. Nokre ryper hadde spankulert rundt ved varden og dansa i snøen såg det ut til. Det var nesten slik at eg skulle teke meg ein eg òg. Ein vinterdans til æra for alt det flotte rundt meg. Ein djup nytelse over å kunne vere frisk og rask nok til å ta slike stunder inn over seg i fulle drag...

 
På toppen av Fossedalshengenipa i dag tidleg

Eg rennde ned igjen ryggen på fjellet, og datt så det sang med ein gong. Med is, stein og nysnø oppatt på, var det berre å ta det heilt piano. 

Ned under sjølve fjellet svinga eg opp igjen den vanlege ruta til Nipebu. Flotte skavlar og formasjonar på snøen oppover. Men dette partiet ligg enno i skuggen, dekka i sør av den bratte nordveggen på Hengenipa. Over Nipevatnet og Langevatnet låg nysnøen til opp på leggen. Som ei glitrande dyne. Silkeseng. Låge skuggar frå landet. Og hytta låg så perfekt til på sørsida av vatnet med dei praktfulle, duvande og solgylte toppane ikring. Det var ein fantastisk dag. Og perfekte skitilhøve. 

Nipebu var tom. Hadde i grunn ikkje venta noko anna heller. Eg stakk nasa som snarast innom og skreiv meg inn i protokollen. Tok meg ein slurk XL-1 og litt salte nøtter. Nokre fotos. Og heldt fram vidare vestover Langevatnet. 


 
Etter å ha helst frå Agnar vinkar eg farvel til Nipebu klokka 10

Det var tungt å gå ut heile Langevatnet. Og vatnet ved Nipebu ber sitt namn med rette. Snøen var ganske djup og eg kjende såvidt til ei murring i eine lyska. Den likte tydlegvis ikkje den monotone gangen. I nokre minuttar lurte eg faktisk på om eg hadde forma inne til å ta heile runda ut igjen i Stongfjorden som eg hadde sette meg føre. Men slike negative tankar må ein berre skubba frå seg så fort som mogeleg. Destruktivt. Eg prøver alltid å tenke positivt når eg går mykje åleine. Positive tankar er oppbyggjande. Ein må berre vri hjernen eit hakk i ein annan retning....

  Stigningane vest om Nipebu

I enden på Langevatnet var eg heit rundt øyra. Eg letta litt på kleda. Tok meg litt meir å drikke og begynte på oppstigninga på fjellet i vest. Sola hadde eg fått igjen i fulle drag. Det var berre heilt utruleg. Midt i februar og sola varma inn i stille bakkar. Det var ikkje eit vindpust. Høgt til fjells. Berre å nyte dagen. Ingenting hasta sa eg til meg sjølv.

Eg kom meg flott ut mot Vardenova. Som ein draum! I dei bratte hamrane ned mot Langedalen måtte eg av med skia. På ein issvull med snø på segla eg nokre meter, før eg vann igjen feste med føtene i høgste lufta (korleis det gjekk an veit eg ikkje). Eg fekk meg eit kakk i albogen, men det rista eg fort av meg. Ut ura under fjellet er det alltid litt slitsomt. På sommaren. I dag var det reine nytelsen. Eg rennde ut heile ura, slakt unna, i ein fei, og før eg visste ordet av det var eg komen ut på sørsida av Røyrbotnholten. Supert. Men her var det gått eit ras i hellinga. Det såg ikkje heilt greitt ut. For her er det bratt. Det hallar ned mot Rivedal. Men sola stod slik inn i bakken at det var nesten snøen var blitt bra blaut. Ingen problem i det heile med å trakke seg ut høgt oppe i fjellsida. Det er flott utsikt ned mot Dalsfjorden her. 

 
Fin utsikt mot Dalsfjorden, Straumsnes og Rivedalskletten frå partiet rett sør om Røyrbotnholten.

Eg heldt fram ut til oppstinginga av Smørskornova frå nordaust. Du kjem opp litt lenger mot aust her enn frå Svelia. Her er det òg bratt opp, og eg måtte av med skia igjen. Berg med is på stakk opp av nysnøen. Og der steinen ikkje stakk opp gjekk eg gjennom til knea i snø.  Så eg måtte skifte litt på kvar eg kunne gå (det er slitsomt å trakk i så mykje snø bratt opp...). Men utanom ein lengre skrens kom eg meg likevel ganske greitt opp. Men det kosta... 

I siste stigninga mot toppen såg eg tre personar komme frå vest ved Langevatnet (Holmedal). Eit par jakkar drog eg raskt kjensel på, ei raud og ei blå/kvit. Trekløveret (Dag-Tore, Anita og Vigdis) var på gang. Ikkje noko stor overrasking akkurat. Det var vel som venta ein slik fin dag. Dei tok sørsida opp. Så eg skreiv meg inn i boka, knipsa nokre bilder og rennde til møtes nede om fjellet. Etter å ha teke eit svalestup i nysnøen som velkomsthelsing, slo vi av nokre ord der nede. 

Etter ein liten passiar, heldt eg fram vidare vestover mot Siklabergvatna. No hadde eg spor å gå i, og det var jo fint, rett nok noko breiare enn det eg likar, men det var sjølvsagt god hjelp likevel. Spesielt å renne i. 


Moldura t.v frå Siklabergvatna i dag

Eg gjekk raskt bort på vatna, og tok til på stigninga mot Mannskaret. Oppe i solhellinga her tok eg meg ein liten pause og fekk i meg nokre skiver. Egentleg første pausen for dagen... Eg hadde nydeleg utsikt mot Holmedal, Moldura og Blåfjellsåta. Sola steikte inn i bakken. Som den flottaste påskedag. Knall! 

Ved toppen av Mannskaret og på hamrane vest om, var det lite snø. Som forrige helg. Så eg bar skia forbi dette partiet, før eg tok dei på att i oppstigninga rett aust om Fanafjellet. På toppen av bakken her, med utsyn til toppen av Fanafjellet, såg eg to personar ved varden. Dei var der framleis då eg nådde ut. Det viste seg å vere to karar frå Kvammen. Den eine visste eg kven var. Så vi vart pratande. Eg forklarte litt om fjella i aust og turruter. Medan dei rennde ned igjen mot vassverket i Holmedal, tok eg ruta til Stafsnes. 

 

Utsyn frå Fanafjellet mot Stavenesodden, Mjåset og øyane i Florø

Det var lite snø i enkelte parti ned igjen. Så eg kryssa litt fram og tilbake før eg kom lenger ned i lia der det låg meir snø. Her gjekk det i tillegg eit ganske ferskt spor som eg meir eller mindre følgde heilt ned igjen. Det måtte vere Ansgar Bjarne sitt tenkte eg, for sporet såg så "lokalkjent" ut. Stadfestinga på det fekk eg ved hovudvegen igjen då eg traff den utpeika som bur her. Vi vart ståande å preike litt før drosja frå Yndestad (Olaug) kom og henta meg. 

Det er vanskeleg å sette ord på fine naturopplevingar. Dette var ein av dei. Av mange egentleg. Men ein utsøkt fjelldag var iallefal til endes. Klokka var 14. Det hadde gått med omlag 6 timar i bra framdrift....


Fra Fossedalshengenipa_Nipebu_Smørskornova_Fanafjellet 130210

Ingen kommentarer: