onsdag 3. februar 2010

Stjerner og smaragdar

Utsikt heime før eg tok på meg skia i kveld Eg reflekterer stadig meir over kor heldig eg er som bur her ute ved kysten. Som har den praktfulle kveldshimmelen som nabo ute i vest. Same kva årstid og vèr det er, himmelen i vest er unik. Horisonten - der auga finn ro. Lyset. Håpet og trua. Skaparverket... Med klare religiøse overtonar. Ei botnlaus beundring over kor fint vi har det rundt oss. Og ikkje minst kor stille det er. Berre hjarta hamrar i brystet - av uendeleg glede over å vere frisk og kunne ta i, ta i av alle krefter og kjenne at kroppen fungerer. Slik var det på Toreheia i kveld. Frå 0 til 717 meter over havet, i praktfulle omgjevnader. Med stadig mørkare horisont. Himmelen i vest skein i oransje, raudt og blått, før alt til slutt vart mørkt. Heilt mørkt. Og berre lyset frå hovudlykta viste veg. Visst var det kaldt på toppen, austatrekk og ein del minusgrader, og visst var det til tider tungt å lage spor i djup nysnø. Men veit du kva? Eg berre gløymer det når eg har det så fint rundt meg. Tindrande smaragdar i tørr nysnø. Blenkjande i tusental. Og herleg, frisk og kald luft å dra inn - i litervis. Eit vimsande harefrøken-spor her og eit revespor der... Det susa i bakkane ned igjen. I mørke kvelden. I djup, tørr snø. Pudder på nymotens språk. Fantastisk nydeleg vinterkveld. Så godt for helsa, så godt for humøret, så godt for alt. Sjølve livet - i kveld!
Fra Toreheia 030210
Utsikt mot vest nedom Krikavatnet i kveld

Ingen kommentarer: