søndag 7. februar 2010

Is og skavlar

Med utsikt sørover til Flekkefjorden og Lihesten frå toppen av Smørskornova i Rivedal i dag tidleg. Eg gjekk ruta frå Oslandsbotnen til Smørskornova, Fanafjellet og Stafsnes i dag. Olaug køyrde meg opp i botnen like før kl 8.30. Det var ikkje ei sky på himmelen og den vanlege, kalde austatrekken bles ned frå Botnastølen. Berre å få opp dampen og varmen i kroppen... Eg merka fort av det ikkje akkurat var pudderforhold. Fòksnøen var godt ihopepakka. Ikkje for det, då vart oppturen til Smørskornova litt lettare, tenkte eg. Og det gjekk kjapt opp Brekke og forbi Botnastølen. Snøen var som sagt temmeleg hard, likeeins opp skaret til Svelivatna. Den biten gjekk greitt unna, sjølv om snøen var knallhard i det brattaste partiet mot kanten til vatnet. Dei første forsiktige og raudlege solstrålane for dagen nådde Skålefjellet då eg passerte inne ved andre demma på Svelivatna. Eit godt teikn for dagen. Denne nordlege ruta på Smørskornova er for det meste fri for sol på denne tid av året. Frå Stongfjorden er det likevel dette ei fin rute, då vi slepp køyringa til sørsida i Rivedal for å gå opp. Morgonstrålar over søraustsida av Skålefjellet. Stille, stille i morgontankar gjekk turen vidare opp gjennom Svelia og forbi vatna. Utfordringa låg framfor meg. Det austlege skaret opp i enden på vèrebeitet i Svelia. Sidan det allereie var temmeleg hardt i skaret opp frå Botnastølen, var eg litt på allerten. Det var allereie isete nede i botnen ovanfor det vestre Svelivatnet. Eg bestemte meg difor for ikkje å ta opp under fjellet, og opp slik eg pleier, men å gå meir i søkket opp. Og det gjekk forsåvidt ok. Eg banka stålkantane inn i skaren og isen, og dei breie fellane under var til god hjelp. Skrekkscenariet frå Blegja i haust då eg segla ned skaret, dukkar av og til opp! Når du først misser festet og seglar på så hardt underlag, tek berre farten deg. Du har ikkje sjanse til å stoppe. Berre overleten til tyngdekreftene. Som ei filledokke. Gore tex buksa er dessutan ypparleg som glidemiddel...! Den flatare delen av nordsida på Smørskornova opp t.h. Men opp til sjølve nordkammen kom eg meg. Her måtte skia av. Eg hadde med meg isbroddar i sekken, men i lè låg her faktisk eit bra lag med tørr nysnø opp igjen på skaren. Ikkje det, den var litt skummel den òg, då eg glippa opp på dette... Men forsyne meg gjekk det ganske fint opp. Når eg i tillegg fekk første solstrålane i auga, kom godkjensle i kroppen. Eg starta like godt å plystre på Lola med Kinks...:-) Når den dukkar opp i minnet har eg det godt...:-) Vèrgudane hadde herja godt med landskapet i veka som var. Det hissige lågtrykket hadde polert og laga skavlar av snøen som ikkje hadde blese ned på nordsida av fjellet. Sjølve topplatået var veldig isete. Issvullar og klink is på steinar og berg. Det ligg mykje is på toppen av Smørskornova no... Eg fekk av meg dei to tynne ulltrøyene eg hadde under Rab-jakka. Fekk fram den solide Brynje-trøya med netting inst og merino utatt på frå sekken. Herleg å få på seg. Opptur. Det fekk halde med denne under i dag. Duntrøya fekk ligge i ro. Det var noko trekk i lufta, men så mange minusgrader var det kanskje ikkje. Neppe tosiffra. Sola stod som ei stødig påminning i sør om at det no er fart på dei lysare dagane. Nydeleg spegla ho seg ut Flekkefjorden. Dalsfjorden låg òg fint utetter. Ikkje ein lyd. Dunkande hjarte. Fjellsuset i øyra. Kjelande. Rivande i kjakane og nasa. Kviskrande.... du er til - du er til... Turen ned sørsida av fjellet vart litt annleis enn eg hadde førestilt meg. For det var ikkje berre på toppen der låg is. Mykje av sørvestsida var glasert i hard skare og is. Eg fann det difor best å ta av meg skia å gå ned med isbroddane på. Også sørsida av Smørskornova var temmeleg glasèrt i dag. Vi ser Rivedalskletten i midten og Flekkefjorden sørover bak. Snøforholda kom seg monaleg då eg kom meg ned under fjellet. Turen nordvestover Langevatnet og til Siklabergvatna vart reine påskeidyllen. Her låg det meir snø, og sjølv om han delvis var litt pakka her òg, var her flotte skiforhold. Hekkelfjellet på venstre sida låg bada i morgonsola, og lyset i nysnøen var spektakulært. Tusenvis av diamantar nådde netthinna... Eg rennde vestover frå høgdedraget ovanfor Langevatnet og ned på Siklabergvatna. Her låg landskapet i skugge, men berre nokre minuttar seiare, var eg på veg opp stigninga under Svarthamrane og til Mannskaret. I sola igjen... Oppstigninga frå Siklabergvatna i flotte påskeforhold Men her oppe skifta igjen snøforholda. Så vèrhardt som det er på fjellet mellom Holmedal og Stongfjorden, var all snø vekkblesen. Berre isen igjen. Og heile partiet frå Mannsskaret til under Fanafjellet bar eg skia. Vinden hadde blankpolert den snøen som var, resten var hamna langt nede i lia mot Stongfjorden. Trass i isen, og litt spaning på eit par utsette plassar, kom eg meg relativt fint opp til siste stigninga på Fanafjellet frå aust. Her var det som om det hadde vore bombenedslag i snøen. Voldsomme krefter hadde forma snøen i digre skavlar. Og sjølve toppen på Fanafjellet var likeeins som på Smørskornova. Klink is dei fleste plassar, og vanskeleg å fòte seg! Det er bra havutsikt frå toppen av Fanafjellet. I dag låg her mykje is Etter å ha knipsa nokre bilder rennde eg vidare nordvestover og til nedstigninga mot Stafsnes. Første biten gjekk greitt på hard snø. Men lenger nede var omlag all snø vekke igjen. Av med skia og småluffe var beste framkomstmiddel. Men nede i bjørkebeltet hadde all laussnøen frå lenger oppe samla seg. Og vidare nedover til vegen, låg det bra med snø. Denne delen var grei å renne i, sjølv om eg måtte vere obs på å ikkje få ei bjørk i fleisen. Vel nede til vegen på Stafsnes kom Olaug og henta meg. Kjempetur igjen. Men jammen har snøforholda endra seg radikalt oppe i høgda no. Silkeføret som var, er førebels ei saga blott - iallefall her ute ved kysten... Tenke nok vi snart må til med isbroddar og fjellsko igjen for å nå opp på toppane. For det er jo toppane som er interessante...
Fra Smørskornova_Fanafjellet_070210

Ingen kommentarer: