lørdag 30. januar 2010

Vinterdagar

Foto mot vest teke i bakkane nedanfor Krikavatnet i dag. Eg var i grunn innstilt på å ta det med ro i dag. Det var nemleg dels kraftige snøbyger og skodde oppe i fjellet. Så eg putla på litt heime. Tømte peisovnen for oske, fyrte i omnen og rydda uteområdet for snøen som var komen i løpet av natta. Eg vart likevel rastlaus igjen då eg gjekk i hus og tok meg ein kopp kaffi. Var liksom ikkje innstilt på å sette meg ned. Det gjer eg jo (nesten) heile resten av veka.... Så eg sa til Olaug at eg går på Toreheia, igjen, sjølv om eg nesten nett var komen ned... (Eg har sett meg eit mål der oppe som eg tenkte eg skulle gjere meg ferdig med, før eg går laus på dei andre toppane...:-)) I dag var eg iallefall ikke i tvil om at det var rett å gå opp på ski. Det hadde igjen snøa nokre cm. Så eg tok oppover i ei skikkeleg snøbyge... Det lava ned. Og ovanfor Rinda såg eg ingenting. Alt var kvitt i skodda og snøen. Og særs dårleg sikt. Så eg lurte ein augneblink på kva eg gav meg ut på... Men berre cirka kvarteret seinare, nedanfor Krikavatnet, såg eg blå himmel i sør. Det var jo oppløftande! Og etter endå nokre minuttar, klårna det faktisk ganske bra opp! Herlig! Og for eit lysspel det vart av nysnøen, sola, skodda og skyene. Nydeleg... Oppe mot toppen låg diverre skodda framleis. Så her var det lita sikt. Medan eg var der oppe merka eg at det kom nokre nye snøfjon i lufta, så no var det nok ei ny snøbyge på gang. Så eg rende ganske enkelt og greitt ned igjen til Krikavatnet, unnateke eit fall då skia stod i ro i nokre steinar og eg tryna framover og slo brystpartiet ned i nokre steinar. Jo, jo eit stk blått bryst...og nokre bannord, men ingen brotne bein. Nede på Krikavatnet var alt heilt kvitt igjen. Men det var ingen problem trass i blindeføret. Eg brukte stort sett spora min opp ned igjen. Dessutan snøa det ikkje så gale førebels, sjølv om det raskt vart tettare. Og blindeføret vart berre verre og verre. Det vart vanskeleg å renne.... Likevel gjekk det fint ned til hytta til Skåren, ved å ta tida til hjelp. Og her i frå og heim var det piano. Eg sprang mesteparten av vegen ned frå Rinda i spora eg laga opp.... Nok ein fin vintertur dette. Eg kan nesten ikkje hugse at vi har hatt SÅ mykje vinter som denne sesongen på mange, mange år. Kjekt med skikkeleg vinter...:-)
Fra Toreheia 300110

Ingen kommentarer: