søndag 31. januar 2010

Søt premie

På Fossedalshengenipa i dag tidleg Snøen som lava ned i går var nesten slik som eg hugsar det frå då eg var liten... (Då var det alltid veldig mykje snø...:-)) Eg hadde full jobb med å halde tunet nokolunde snøfritt. Difor var det litt galskap å ta avgarde på Fossedalshengenipa i dag tidleg. Men eg gjorde det no likevel, førebudd på at det ville bli tungt. Rett før kl 08 var eg difor på plass i Skjerlia, og la i veg oppover i djup snø. Kor mykje tørr nysnø som låg her varierte litt. Men at det på jamna låg bort i halvmeteren er eg sikker på. Det er mykje snø å trakke spor i åleine... Og tungt vart det. Eg var allereie sveitt då eg kom bort til vatnet. Og det er jo her i frå stigninga tek til... Med fellar under skia gjekk eg likevel nesten opp kva bakkar det skulle vere. Under hammaren ovanfor vatnet var faktisk einaste staden eg tok skia av i dag, utanom på sjølve toppen. Også oppe i ura under Krokavatnet heldt eg fram med å ha skia på, og gjekk opp det bratte skråberget her. Det har no sine fordeler med mykje snø òg. Også det å falle er jo ei meir behageleg oppleving! Sjølv om det var blytungt oppover, gjekk eg likevel jamnt og trutt. Eg kava ikkje på, men tok tida til hjelp. Og oppe i sjølve bratthenget mot toppen, gjekk det forbausande lett, sjølv om det låg nesten like mykje snø her oppe. Så eg toppa ut akkurat klokka 10 i eit aldeles nydeleg solskin. Dette var verdt slitet opp. Reine gullmedaljen. Det er vel gjerne ofte slik at det du har slite mest for smakar best! På toppen var det faktisk ganske mykje is i dag. Tvilar vel på om mildvèret nådde opp hit i veka som var, så det må ha vore vinden og sola som har polert snøen. Eg tok ein del bilder før eg gjekk ned igjen same vegen. For det var ganske friskt, med god søraust trekk. Eg var kald både her og der... Eg brukte stort sett sporet ned som eg hadde gått opp. Og det vart andre bollar. Så ned igjen gjekk det fort, sjølv om eg tok eit par bilder då òg. Kjempetur igjen. Fantastisk flott å få slike vinterdagar!
Fra Fossedalshengenipa 310110

Ingen kommentarer: