torsdag 7. januar 2010

Mot stjernene

Frå Toreheia 717 moh kl 19 i kveld Det var 11 minusgrader då eg kom heim frå arbeid i dag. Strålande vèr. Eg pakka difor nokre gode klede i sekken, kledde meg sjølv og la i veg oppover på Toreheia på ski. Og for ein flott tur. Gnistrande føre, glitrande snøkrystallar, funklande stjernehimmel og heilt vindstille! Stavane spraka av den tørre og samanpakka, kalde snøen. Det kunne ikkje blitt finare. Eg gjekk med feller, så om snøen var trå gjorde det ingen ting. Til og med på toppen var det dammande stilt. Så om det sikkert var 15-16 minusgrader, så kjendest det ikkje så gale ut sidan vinden uteblei. Sjølvsagt merka eg det når eg vrei av meg alle kleda på overkroppen og skifta til nye og tørre, men då var eg så varm at det gjorde ingen ting. Kleda rauk som frå ein varm hest i kulden...:-) Ned igjen tok eg det ganske så med ro som hin dagen. Ikkje lett å renne i lyset frå hovudlykta på skiftande føre. Og mange plassar er det både steinar og lyng som stikk opp av snøen, der denne har blese av. Men eg kom meg heilskinna ned igjen i kveld òg:-) Eg har merka at Olaug har vore litt meir skeptisk på desse kveldsturane mine på ski på fjellet no når det er så kaldt. Men det går heilt fint berre ein tek det med ro og ikkje bryt seg sund. For du skal ikkje liggje så lenge skada der oppe no før det kan bli alvor. Elles er det ingen problem med kulden. Faktisk berre friskt og godt, berre ein har med seg rette kleda.

Ingen kommentarer: