lørdag 2. januar 2010

Magisk start på det nye året

Kaldt, stilt og fint på Smørskornova i dag tidleg Eg køyrde opp i Oslandsbotnen i dag tidleg noko før kl 09, og ville gå på ski på Smørskornova og vest til Fanafjellet med retur på Stavsnes i Stongfjorden. Det var nettopp lysna av dag. og oppe i Botnen svei den kalde austatrekken som knivar i ansiktet. Det var vel ein 10-12 minusgrader kan eg tenkje meg. Skikkeleg friskt med andre ord. Det gjekk fint opp Brekka. Tek alltid nokre minuttar før ein kjenner at kroppen kjem i siget. Eg måtte dekke til fjeset oppe i bakkane. Det var bitande kaldt. Austavinden hadde blese stien rein for snø på toppen. Men det låg nokre skikkelege fonner i lè av nokre steinar. I skaret opp frå Botnastølen til Svelivatna, låg snøen derimot i tjukke lag. Første delen var noko tung. Men det kom seg mot toppen. Den raude morgonsola farga sørsida av Skålefjellet i rosa morgondrakt. Fantastisk flott! For ein vinterdag. Gnistrande snøføre og frisk kulde. Skålefjellet i rosa morgondrakt og månen er med... Svelivatna er regulerte. Men etter tjukna på isen som låg oppe på land, tok eg likevel sjansen på å gå inne vatna. Litt å spare på dette i forhold til å klive langs land og over demma midt på første vatnet. Over det smale partiet som deler vatna, var det derimot sørpe under snøen. Vart litt usikker på dei greiene, men heldt likevel fram inn heile vatnet utan problem. Det bratte skaret opp frå det vestre Svelivatnet mot Smørskornova var tung. Djup snø somme plassar, men mot toppen var snøen blitt ganske hard av vinden. I det brattaste og hardaste partiet fann eg ut at det var liten vits å sjå seg ned igjen. Opp måtte eg... I første delen på oppstigninga av sjølve fjellet litt lenger oppe måtte eg av med skia. Snøen rakk meg til livet, og eg hadde faktisk problem med å forsere første nakken. Men etter litt kaving gjekk det greitt. Flott syn på toppen av Smørskornova i dag tidleg... På toppen fekk eg dei første solstrålane for dagen i fjeset. Opptur. Psykisk stimuli. Og etter at eg fekk bytta klede var Adam i paradis. Nydeleg. Gnistrande vinter og nyttår. Det kunne jo ikkje bli betre. Eg måtte berre lage ein snutt på kameraet i tillegg til bilda. Etter å ha filma litt, rennde eg ned igjen på sørvest sida av fjellet og ned på Langevatnet. Hekkelfjellet låg drapert i vare rosa januarstrålar. Og T-en "min" der oppe i synsranda skein velkomen. Eg var på heimebane. I det flottaste skiterreng ein kunne tenkje seg. Heilt ute ved kysten. Fantastisk. Det var ein dag ein kunne ta med seg til dei evige jaktmarker... Eg rennde vidare ned på Siklabergvatna som låg i skugge, gjekk over vatna og heldt fram opp under Svarthamrane. Her opnar landskapet seg mot sør igjen og Holmedal og Holmedalsfjella dukkar opp. Likeeins Dalsfjorden. Sola spegla Blåfjellet og Blåfjellsåta i gull. Blåfjellet, Blåfjellsåta og Holmedal bada i januarsol... Rett vest om Mannskaret er det to vegar ein kan velje vidare utover til Fanafjellet. Over høgste hamrane med utsikt til Stongfjorden. Eller rett sør om, med utsikt til Dalsfjorden. I dag valde eg sistnemnde. Stien føl nærast ei hylle under toppen på fjellet. Men i dag låg her så mykje snø at stien halla ganske så bratt rett ned. Her valde eg difor å ta av meg skia for ikkje å risikere noko. Følte meg litt tryggare då. Men det gjekk heilt fint. Det som ikkje gjekk så fint var at BC-bindingen fraus til etterpå slik at eg ikkje fekk fast skoen. Men litt kluring og til slutt litt frisk og varm ånde løyste floka. Likevel - dette er eit lite aber med desse bindingane no når det er så kaldt. Kanskje litt Vaselin på førehand hjelper på isinga. Eg fekk på meg skia igjen og kom meg raskt og fint ut på Fanafjellet. Her viste det seg at det hadde vore folk i går. Og etter litt filming, høyrde eg stemmer nede i lia. Etter eit minutt dukka ein raudkledd skapning opp. Det tok meg 2 sekund å gisse på kven det var, Vigdis, og litt lenger bak Anita og Dag Tore. He he, skulle du sett slikt. Det var nesten heilt tima. Så då måtte vi jo fotografere litt... Eg traff to blide damer... ...og ein blid mann på Fanafjellet i dag... Det tok likevel ikkje så mange minuttane får kulden beit seg fast. Så eg svinga vestover igjen, og tok til på nedstigninga mot Stavsnes. Øverst oppe var snøen nesten heilt avblesen. Og det gjekk over mark og lyng. Lenger nede i lia låg snøen i djupe lag. Her gjekk eg på 4 hjortar òg. Dei hadde greve etter lyng og gras fleire plassar. Eg heldt meg heilt roleg til dei hadde komme seg lenger vest. Eg fann greitt ned igjen etter merka til Ansgar Bjarne. Litt verre var det sjølvsagt å skulle stå på ski etter stien. Nesten nede igjen måtte skia av, og då isa bindingen igjen, så då vassa eg resten av stykket ned til hovudvegen. Turen varde nesten 5 timar. Ganske krevjande, men aldeles praktfull. Kjempestart på det nye året..:-))
Fra Smørskornova_Fanafjellet 020110

2 kommentarer:

Eli Kristin Magnussen sa...

Friskt og herlig Gustav! :D Godt nytt år, du har hatt en herlig start på nyeåret iallfall! :) Mitt første "toppmål" med dinna ryggen min blir Brandsøyåsen, ha-ha :P Får ta tiden til hjelp, gleder meg til fjellturer og lysere tider iallfall!!

Klem fra Florø

Unknown sa...

Fantastiske dagar... Ta det piano til å begynne med Eli Kristin. Men det er gjerne viktig å komme i gang igjen!

Takk for kommentar og nyttårsklem frå Stongfjorden...:-)