lørdag 16. januar 2010

Friskt rundt øyra

Utsikt mot Dalsfjorden og Flekkefjorden frå Smørskornova i dag tidleg Hadde vel ikkje verdas best start på turen i dag, då eg med fruen i bilen køyrde meg fast i ei snøfonn utanfor kraftstasjonen i Oslandsbotnen. Eg hadde allereie brukt bilen som plog gjennom nokre av fonnene bortetter vegen til Botnen frå hovdvegen, men den siste framfor stasjonen førte til bom stopp! Olaug var berre med for å ta bilen ned i gjen, og var ikkje kledd for uteliv. Så eg måtte berre bite i det sure eplet, og grave fram snø frå under bilen åleine. Peter venta heime, rennefòket stod rundt øyra, og det var framleis ikkje heilt lyst! Ja, ja godt med litt action i kvardagen... Fekk no omsider laus bilen. Det tok vel kvarteret. Men eg ville sjølvsagt framleis gå. Noko Olaug meinte var galskap, der rennefòket stod som eit brureslør rundt hovudet på ho...:-) Og eg tok så oppover Brekka til Botnastølen. Sjølv om skaret opp frå stølen til Svelivatnet var tungt i djupsnøen som hadde samla seg, gjekk det likevel rimeleg greitt. Her er det litt livd for søraustvinden. Men den fekk eg til fulle igjen oppe på kanten ved vatnet. Det viste seg å vere mykje nedtappa sidan eg var her 2/1. Svære isflak låg langs land. Reine kaoset. Så slik det såg ut i dag, tok eg ikkje sjansen på å gå sørvest over vatna. Men sjølv om eg måtte ha av meg skia ved demninga, gjekk det fint og raskt opp i Svelia. Skaret opp frå dalen til Smørskornova gjekk derimot seigt. Det er bratt opp her. I tillegg låg snøen som mjøl oppatt på ei hard yte, noko som gjorde at kvart skråtak med skia oppover, førte til at eg sklei halve steget tilbake... I brattaste partiet på toppen følte eg meg ikkje heilt trygg for å segle endå lenger nedover...! Men opp kom eg meg. På sjølve oppstigninga på Smørskornova måtte eg ha av meg skia til å begynne med. Her er det ein hammar som ikkje er heilt god å ta seg opp med ski på føtene. Slik snøen ligg no. Men nokre meter lenger oppe, på nordvest sida, var det på igjen med skia, og då var det ikkje så lange biten igjen til topps. På toppen tok vinden godt sjølvsagt. Rennefòket og snøen stakk som nåler i fjeset. Men eg fekk teke nokre bilder med vinden i ryggen, før eg rennde ned igjen på sørvestsida som sist. Faktisk viste spora mine frå 14 dagar sidan mange plassar på ruta vestover Langevatnet og Siklabergvatna. Her var det nesten heilt stilt utover på grunn av fjellformasjonane. Så det gjekk raskt og greitt vestover. Faktisk veldig fint, sjølv om sola var lite tak i og mykje av dette partiet er skuggelagt. Vinden fekk eg likevel til fulle igjen ved Mannsskaret og vest mot Fanafjellet. Det bles så det ylte rundt øyra. For vinden kjem som ut frå ei trakt her oppe, med Moldura i vest og Bakkefjellet og Blåfjellet i aust som vegger på kvar side. Gòvet av snøen og vinden stod som eit piskande og evigvarande slør rundt kroppen. Og i verste kasta hadde eg problem med balansen. Men eg beit tennene i hop og kom meg til slutt opp på Fanafjellet. Her bles det noko infernalsk. Så eg kom meg raskt vidare nordvestover med retning Stafsnes. Heldigvis fekk eg vinden i ryggen no. I tillegg spakna han rimeleg fort av, så det meste var over. Nestigninga til Stafsnes gjekk ganske greitt. I djupsnøen og gjennom bjørkeskogen er det jo grenser for korleis ein kan renne. Så eg tok det heilt piano nedover. Jepp, då var lørdagsturen over. Flott, luftig og friskt får eg seie.
Fra Smørskornova_Fanafjellet 160110

Ingen kommentarer: