søndag 20. desember 2009

Rennefòk og isande vindar

Bitande kald vind på Toreheia i dag... Det vart lite turgåing forrige veke. Skuleavslutning og avslutning for kulturskulen tok to kveldar. Så var det ei visdomstann som vart trekt ein ettermiddag som gjorde meg litt i ulage. Og som om ikkje dette var nok fekk eg spysykja natt til laurdag. Den sit no delvis igjen endå... Men eg klarde likevel ikkje å dy meg i dag. Veit ikkje kva som var mest ilt - å ligge som eit anna slakt ute i senga å gaule eller å komme seg opp på fjellet. Eg valde det siste. Vel, kroppen var i ulage. Tappa og svekt. Ute var det kome plenty med snø og snødrevet gjekk til og med ute på tunet. Men eg traska no i veg oppover til Rinda. Snøen låg litt ujamt. Det kan eg vel seie for heile vegen opp på Toreheia. Berghamrar og nakkar var avblesne, så eg prøvde i mest mogeleg grad å halde meg til dei. Men frå der det var avblese, var det sjølvsagt samla seg opp i digre fonner andre stader. Og mange av desse måtte eg òg over. På jamna gjekk snøen til knærna. I motabakkar er dette sjølvsagt tungt. Krikavatnet var frose. Så det gjekk eg beint over. Men her oppe tok vinden og fokket noko alvorleg. Og sjølvsagt midt imot heile resten av stigninga. Brillene var heilt nødvendige i dag, så mykje som det bles og fauk. Eg kom meg sånn nokolunde greitt opp, sjølv om det gjekk mykje lenger tid enn vanleg. Men jammen var det kaldt her oppe. Isande vind. Men eg var berre nøydd å få av meg på overkroppen og få på meg varme og tørre klede. Etter den seansen var nevane gjennomfrosne. Aj, aj kor valne dei var. Så eg greidde berre å få knipsa av eit bilde av meg sjølv på toppen. Arcteryx jakka som var fuktig innveldig av turen opp, vart flattbrød på eit par minuttar der ho låg ved varden medan eg bytta... Så eg kom meg rimeleg kjapt der i frå. Det tok ikkje så mange minuttane før eg fekk varmen igjen i dei gode klede. Og på veg heim dukka sola fram òg ei stund. Og det gjekk fint. Men dette var nok tøffaste turen på Toreheia i år. Noko sympati å få i heimen etter turen var det derimot lite med...
Fra Toreheia 201209

2 kommentarer:

Hannesol sa...

Hei Gustav! Her er jeg igjen,din usynlige følger i ytre Oslofjord :) Har fulgt deg jevnt og trutt hele året og det har vært en sann fryd! Du skriver knakende bra, bildene dine er bare sååå flotte (og eksotiske sett med Østlandsøyne..hehe)men trim- og naturgleden din er det som begeistrer og inspirerer meg. Har fått mange gode mil i beina selv dette året, både til skogs og til fjells. Doggen & jeg er nok mere vandrere enn trimmere, og dokumenteringa har det blitt så som så med. Men bare det å være ute i naturen gir stor glede! Ønsker deg og dine en God Jul og godt nytt trimår! Hilsen Hanne

Unknown sa...

Hei Hanne.

Takk for at du fortsatt er med meg på tur. Det var kjekt. Ikkje minst hvis det kan vere litt inspirasjon i bloggen også. Det er egentleg noko av vitsen.

Når du nemner vandring kontra trimming, så er nok det eit poeng. Det er klart du opplever fleire detaljar ute ved å sette ned tempoet. Men det er noko med rusen av å gi slepp på kreftene som pirrar òg...:-) Eg jobbar med saken...:-) Men poenget med å vere ute i naturen er jo gyldent uansett. Som du skriv.

Vi er heldige vi som er i stand til dette livet. Og ikkje minst å vere bevisst det. For naturen gir overskot og glede i livet. Dette er ikkje alltid like lett å fortelje om - det må i grunn erfarast sjølv. Slik sett er eg glad for å ha fått nokre år på baken...:-)

God jul og godt nyttår til deg og dine òg. (og så veit eg du er her av og til...:-))

Helsing Gustav