søndag 1. november 2009

Vått på Hengenipa

Motiv frå Grunnevatnet i føremiddag. Lite visste eg at det låg ein kar med gevær rett ved sidan av... Eg fekk med meg vèrmeldinga heime kl 08, før eg køyrde i Skjerlia og gjekk på Fossedalshengenipa i dag tidleg. Opplett melde dei. Vel, det var meir enn eg fekk oppover iallefall. Vind og kaldt regn. Heldigvis har eg eit par gode, vasstette lommar i RAB-jakka, slik at kameraet ikkje blir vått. Dessutan ei veldig god og lita innerlomme. Det er sjølvsagt alltid viktig å ha høve til å oppbevare kameraet tørt på ein eller annan stad når det slår til med regnvèr. Regnet gav seg heldigvis igjen, omlag oppe ved toppen. Men det bles. Og etter nokre knips med kompakten var det berre å snu ned igjen. Eg kvapp litt på myra under hamrane nedom Krokavatnet. Først såg eg ein fyr med raud cap omlag midt i turstien, då eg var på veg nedom denne til Grunnevatnet for å ta nokre bilder. Då eg etterpå passerte kollen med furutrea, såg eg ein cap til av same lèten. Han låg med geværet klart. Eg var litt usikker korleis eg skulle bevege meg vidare, men han skjønte poenget og vinka meg til seg. Det var jo greitt. Og karen med Rogalands-dialekt var kjekk han, så vi vart no pratande litt. Men så klappa det oppe i lia då jagarane var på veg. Eg fann det greiast å trekke vidare ned mot Markavatnet. Og sa ha det til fyren som ynskte meg god tur vidare. Eg gjekk ventande på smellet bak ryggen resten av vegen til bilen. Men møtet med folk og skarpladde gevær gjekk heilt greitt denne gongen iallefall.
Fra Fossedalshengenipa 011109

Ingen kommentarer: