søndag 22. november 2009

"Syndefloda"

Frå Fossedalshengenipa i dag Olaug gjekk med Anne og Audun på Siktanuten i dag tidleg. Det var vel meininga først å gå på Toreheia, men det ligg ein del høgre og er lenger å gå enn Siktanuten. Og vèret var jo elendig med vind, skodde og regn. Eg vart difor heime med Peter til Olaug kom igjen. Og det tok si tid. Eg køyrde då avgarde for ein kjapp ein på Fossedalshengenipa. Var det vått opp der i går, var det nesten berre førbokstaven i forhold til i dag. Det var elvar og overvatn overalt. Heldigvis hadde eg teke på meg gummistøvlane. Det var eit lurt val. Eg heldt meg tørr og fin, god og varm på føtene heile turen. Og dei ganske så nye gummistøvlane sat som smurt på dei våte steinane og dei bratte berga mot toppen. Faktisk bedre enn nokon fjellstøvel. Med godt mønster og relativt mjuk såle, var det heilt perfekt skoutstyr i dag. Så sjølv om det var tungt og vått, gjekk det bra unna. På omlag timen frå Skjerlia. Og jøss, det var surt der oppe. Spesielt når vindròsene tok tak. Nokre få plussgrader, vind og regn og nevane er is på eit blunk.... Eg må jo innrømme at eg ikkje akkurat har fiskarnevane frå Bulandet heller... Gore-tex klede med minimalt under er ikkje akkurat noko varmekjelde heller! Eg greidde å knipse nokre bilder i alt vèret og det skiftande lyset, før eg berre måtte komme meg derifrå. Ned igjen var det berre å gje på for å halde varmen. Det gjekk fort gjennom myr, søle, skit og vatn. Så gòvet stod! Slikt er jo moro òg...
Fra Fossedalshengenipa 221109

Ingen kommentarer: