lørdag 21. november 2009

Friske vindar

Utsikt mot Mangevatna i dag Det vart to fjell i dag. Køyrde først i Skjerlia i dag tidleg og gjekk på Fossedalshengenipa 713 moh. Det var gjennomblautt terreng. Men det heldt seg stort sett opplett både opp og ned. Ganske heftig på toppen med vind og skodde. Og som forrige søndag var det ingenting å sjå. Så det var i grunn berre å komme seg opp og ned. Det har vore gjort ein heil del dugnad på tilrettelegging av sti til Nipebu. Med Agnar som primus motor. Mykje av ruta til Fossedalshengenipa føl denne DNT-løypa. I det høve tok eg ein del bilder på veg ned igjen som kan brukast andre stadar ein planlegg sti. Eg har nemleg fått ein førespurnad om eg kunne gjere dette. Etter at eg kom heim igjen i 11.30 tida gjekk eg på direkten til Toreheia 713 moh. Er no kjekt å gå her når det er lyst òg...:-) Det vil seie - det vart rysje på veg opp på toppen frå Krikavatnet. Ei solid regn- og haglebyge dreiv inn frå havet. I tillegg vart skodda tjukk som graut. Heldigvis fekk eg alt bak at i frå og slapp å få "knivane" i fjeset. Eg stod ei stund i ly av varden i håp om at vèret skulle lette, men den gong ei... Så då kulden kom snikande inn i den sveitte kroppen, var det berre ein ting å gjere - knyte igjen så godt eg kunne og legge til palings ned igjen... No fekk eg sjølvsagt heile skiten fram at i frå. Eit par gonger i verste kasta stod eg heilt i ro og sprang. Artig. Det minte meg om gymtimane i gamle dagar med kneløft, der på same flekken...:-) Som ved eit trylleslag var byga slutt nede ved Krikavatnet. Rett ut av skoddeheimen sprang eg, til blå himmel ute mot havet. Utruleg kor det skifta. Eg fekk teke nokre bilder ber, før eg sprang vidare heim. Svolten gnog i tarmane. Det var minst 7 timar sidan eg hadde ete... Jepp, då var to fjell i boks. Det vart nokre høgdemeter i dag òg... Godt å kome heim til graut, fyr i omnen og godteppet då... I morgon har Olaug førsteretten, så eg får sjå kva det blir til etterkvart...
Fra Fossedalshengenipa_Toreheia 211109

Ingen kommentarer: