mandag 5. oktober 2009

Sesongavslutning Hjartåsen

Foto frå Hjartåsen i kveld Det vart ei flott avslutning på fjelltrimmen i 2009 på Hjartåsen òg. Til og med sola skein på veg oppover. Diverre var det ikkje så mange minuttane dette varte. For medan eg stod på toppen og tok nokre bilder, kom det ei solid snøbyge siglande nord frå Stavfjorden. Og jammen mørkna det fort i denne byga òg... Men det skiftande vèret gjorde sitt til at sola ute i havet igjen spegla Alden i fantastisk lys. Gullskimrande lys. Og i nord ved Ålfotbreen var det flott sollys på fjella òg. Det var blitt veldig gjørmete i stien oppover. Sleip gjørme og vatn. Eg brukte dei gamle fjellskoa, og det var omlag som å stå på skøyter ned igjen. For i øverste partiet låg det litt snø i tillegg som gjorde bakkane ekstra sleipe. Og med god fart ned såg det sikkert ut som ein mislukka isdansar... Nei, no ser det ut som eg må ta i bruk dei nye Scarpa skoa. Har spart litt på dei:-) Jepp, då er det berre ein tur igjen på fjelltrimmen for denne sesongen før neste startar. Må ha meg ein tur til på Stølsfjellet. Så er prosjektet fullført. Etterpå gjenstår det berre å hente boka på Blegja som eg har teke på meg. Det kan jo bli litt moro i all snøen som er komen der oppe...:-)
Fra Hjartåsen 051009

Ingen kommentarer: