mandag 26. oktober 2009

Nydeleg feriedag

Nydeleg ved Krikavatnet i dag tidleg... Kunne vel knapt ha håpa på to så flotte feriedagar som eg fekk fredag og i dag. Med så mykje dårleg vèr i det siste, var desse dagane og helga, ja, rein ferie.... No er det vel ikkje akkurat nokon sensasjon at eg har trekt opp i fjellet i dag òg... Eg nådde oppom Toreheia i dag tidleg, før eg hadde meg ein tur til legen etter ordre frå fruen. Vel det var no greitt nok - for eg kom heim igjen med ein plastpose med pencellin. Det var jo berre eit tidsspørsmål kor tid borreliaen dukka opp. Eg er like rask og frisk eg, men kuren får eg no ta. Turen opp på Toreheia var nydeleg. Blikkstille. Landskapet spegla seg i Krikavatnet - som eg aldri har sett det. Såg eg for lenge på vatnet, visste eg ikkje kva som var opp og ned. Utruleg. Det brunoransje landskapet stod som i brann då sola skein sine første strålar for dagen... Eg fekk teke nokre bilder, før eg diverre måtte springe ned igjen for å nå legen... Dusje hadde eg ikkje tid til, men det sat så mange gamlingar der nede, på det små og provisoriske venterommet, at eg trur lukta blanda seg lett med resten av aromaen...:-)) Det er visst hektisk med vaksinering på alt som kan krype å gå om dagen.... Klokka var omlag 12 då eg endeleg kom meg heim igjen til Stongfjorden. Det var framleis like nydeleg ute. Eg bestemte meg for å gå på Smørskornova frå Oslandsbotnen. Det er lenger enn frå Rivedal, men det er ein nydeleg tur. Oppstigninga er frå skaret i Svædalen og opp nordsida av fjellet. Det var kjempeflott både ved Botnastølen og oppe i Svædalen. Svelivatna, som er regulerte, var smekkfulle av vatn. Vatnet stod heilt i kanten på demninga. Noko som klart gjer det flottare å vandre her for min del. På toppen av Smørskornova var det begynt å blåse meir. I tillegg skya det til. Og i Nordfjord såg eg bygene gjekk i fjella. Eg skifta litt klede og fekk meg noko drikke i livet. Men eg var like fast bestemt på å gå vestover igjen. Først passerte eg Langevatnet, gjekk opp bakken nord om Hekkelfjellet, og ned igjen til Siklabergvatna, som hin dagen. Her føl ein DNT-løypa som kjem opp frå Stongfjorden vidare til Mannskaret og opp høgdedraga igjen til Fanafjellet. Det var kald vind frå nord her ute. Den siste tørre trøya og hua måtte på. Men eg gjekk raskt ned mot nord, og hytta til Frode G, og følgde utsida av elva ned Gjerdedalen. Vel nede på butikken i Stongfjorden, hadde eg tima det slik at eg nådde fruen som kom frå jobb. Saman køyrde vi i Oslandsbotnen og henta bilen min. Jepp, då var på nytt ein eineståande turdag i boks. Heilt utrulege fargar det er oppe i fjellet no når sola strålar gjennom. Reine gulljakta... Eg slepp heldigvis å drepe eitkvart for å nyte hausten...
Fra Toreheia_Smørskornova_Fanafjellet 261009

Ingen kommentarer: