lørdag 31. oktober 2009

Friske vindar

Fantastiske fargar på austhimmelen over Stongfjorden i dag tidleg Olaug hadde lyst å bli med på rundturen Oslandsbotnen-Smørskornova-Fanafjellet-Stongfjorden i dag tidleg. Turen er oppom to av dei nye fjelltrimpostane. Vi starta i Oslandsbotnen vel kl 08 i ganske sterk søraust vind. Opp Brekke er det derimot lett å få varmen i kroppen. På toppen ved Botnastølen bles det endå meir, men i skaret opp til Svelivatnet stilna det heilt av. Og så var det på an igjen heile vegen opp i Svædalen. I heile tatt vart det ei ganske så frisk affære dette. Det var nokre år sidan Olaug hadde gått denne runda. Faktisk så langt tilbake som forrige gong toppane stod på programmet for fjelltrimmen. Då gjekk vi opp til hytta, som vèrlaget i Svædalen disponerer, og opp til Langevatnet i skaret her frå. I dag tok vi den litt kortane vegen direkte opp skaret på sørvestsida av Svædalen, og opp nordsida av fjellet. Frå Svædalen og til topps er det ganske bratt og krevjande. Inga kvile å få, men berre opp, opp... Det tek likevel ikkje særleg lenger enn ein halvtimes tid dette... Smørskornova ligg på toppen av fjellet mellom Stongfjorden og Rivedal. Raskaste vegen opp er truleg frå Rivedal. Spesielt sørover til Rivedal og mot Dalsfjorden er det flott utsikt. I vest ser vi Dokka, Moldura, Hekkelfjellet m.m Og mot nordvest ligg Svarthamrane og Skålefjellet. I austleg retning ser vi alle dei kjende fjella som Eitrenipa, Blegja, Storehesten, Kringla etc. Turen vestover mot Langevatnet (Holmedal) tok ved å gå ned sørvestsida av fjellet. Ved vatnet følgde vi den vanlege DNT ruta forbi Siklabergvatna og vidare opp fjella på sørsida av Stongfjorden, før vi til sist kom ut på Fanafjellet. Dette ligg rett på nordsida av Moldura i øvste enden av Fagredalen. Det bles skikkeleg bra her ute. Spesielt mot toppen av Mannskaret, rett sør av Stongfjorden, får vinden ekstra tak opp dalen frå sør mellom Moldura i vest og Blåfjellet i aust. Ein spesielt vèrhard plass. Vinden ylte om øyra. Det brunlege haustgraset låg piska etter bakken (sjå bilete)... Vi prøvde ei ny rute ned igjen, og gjekk bortom hytta til Frode G. Det er diverre ikkje særleg lett å finne igjen vegen til bygds, så vi bomma litt undervegs. Utan at det betydde så mykje. Litt einerkavar er ein jo vand å kjempe med...:-) Flott tur og nøgd frue etter ein fin 4-timars tur. Slikt blir det jo ein flott lørdag ut av...:-)
Fra Smørskornova_Fanafjellet 311009

Ingen kommentarer: