onsdag 21. oktober 2009

Eit flott turmål

Fantastisk solnedgang på Toreheia i kveld... Ein dag vart eg spurd om greiaste vegen på Toreheia. Eg er rimeleg kjend med dei fleste. Det vil seie: eg har ikkje gått opp frå nordsida. Truleg er det mogeleg å gå opp frå Stavestranda ved elva her, sjølv om det verkar bratt og ulendt. Frå aust, på Osland, er det to fine ruter opp. Den eine startar på nordaustsida mot Vågane. Her tek du av ved dei gamle minene, og føl den godt rydda vegen oppover på nordsida av fjellkammen til Ytrevågefjellet. Rett vest for toppen her, og på hi sida av dalen ein halv times tid unna, kjem du opp på Toreheia. Du ser den store varden på lang lei. Den andre greie trassèen opp, er ved brua frå avkøyrsla til garden på Osland. Her føl du sørsida av elva som kjem ned. Det er ein heil del fjellbjørkeskog oppover, men stien er rimeleg grei å finne dersom du startar rett. Du passerer den store steinen eit stykke oppe i lia. Denne ser du godt frå hovudvegen og har då retningen. Vidare opp og vestover er det berre å finne seg ei høveleg rås. Høgaste toppen er Toreheia med sin store varde i nordvest. Varden på Toreheia er svær. Skålefjellet t.h. Foto 12/10 kl 18.20 Alternativet, som eg nyttar mest, er frå Yndestad heime. Her tek du av på skogsvegen til naboen. Det går òg fint å starte frå den store fellesfjøsen litt lenger ute. Du ender opp på same stien ved granfeltet oppe i lia. Frå begge stadar er det god sti oppover til Rinda. Her i frå og vidare nordover, er det god sti til den raude hytta ved Svartetjørna. Vidare opp og austover er det særs godt merka med refleksstenger no i vinter...:-) Dette alternativet går over vadet på Krikavatnet, og føl vidare opp dalen (pga veir og snøforhold i vinter). Alternativt kan du følgje nordsida av vatnet og ta fjellkammen opp og austover. Kanskje den finaste ruta er å ta opp ved grinda/nemnde granfelt i lia nedom Rinda, og gå opp Selda, som vi seier. På denne ruta føl du heile fjellmassivet på nordsida av Stongfjorden austover. Her er det luftig og fin utsikt over bygda. Stien opp Selda er ganske lett å finne når du er obs på starten av granfeltet. Den er grei når du tek av på rette staden. Men noko tyngre då du raskt tek høgde opp her. Dette er ruta eg likar best...:-) Luftig og fin utsikt over Stongfjorden frå ruta mot Toreheia. Foto 17/10 kl 8.48 Ein del lenger er det å gå frå Grimelia og austover. Fin som dagstur. Landskapet er så ope og oversiktleg at i godvèr er det bort i mot umogeleg å gå seg vekk. Toreheia er høgaste punktet på heile nordsida av Stongfjorden. Det er her alle retningar går nedover...:-)) Finaste turane er alltid der du kan velje ei rute opp og ei anna ned igjen. Ein kombinasjon av ruter aust/vest eller vest/aust er suverene på Toreheia. I utgangspunktet ville eg ta førstnemnde. Det er alltid finast å ha havet i gåretningen... Det flotte med Toreheia er at her er sol heile året. Iallefall der det no er merka, som hensikta er. Dette gjer fjellet fint å gå på heile året. Her ligg sjeldan mykje snø så langt ute mot havet. Mild havluft og vind fjernar effektivt mykje av snøen. Når eg nemner vind, er det vel greitt å presisere at det sjeldan er stilt ute ved havet. Og vinden kan ofte ta godt! Eg sjølv var oppatt ein tur etter arbeid i kveld. Heldt god fart oppover og nådde ein fabelaktig solnedgang på toppen. Men det mørknar særs fort no. I kveld hadde eg heller ikkje lys med meg, så eg måtte springe heile vegen ned igjen for ikkje å mørkne ute... Det gjekk såvidt...:-)
Fra Toreheia 211009

Ingen kommentarer: