lørdag 17. oktober 2009

Early bird

Det vart "landligge" dei to siste dagane. Kjekt å ta turen til Dale i går og feire 75-års dagen til onkel min. Han går ein heil del i fjellet, og held seg veldig bra... Og som i alle dagar, utruleg godt humør! Ein nøkkel til eit langt og innhaldsrikt liv. For fjell og humør heng no i hop meiner eg...:-) I dag gjorde eg ein liten vri. Eg testa nemleg ut refleksstengene på Toreheia FØR det vart lyst... Så eg stakk oppover med hovudlykta klokka 06. Eit eple fekk halde til frukost så lenge. Verda blir bokstaveleg tala noko mindre ved å gå på fjellet i lyset av ei lykt. No lyser Led Lenser`en ganske bra då, men det er likevel begrensa kva du ser...:-) Og du kjem ganske tett på deg sjølv slik åleine i mørket. Når kattugle og orrhane brått brasar ut framfor føtene dine, skvett ein jo litt. Ja sjølv når det er lyst meiner eg... Ting fungerte elles heilt som planlagt. Ingen problem whatsoever, som det heiter. Refleksane skein meg i møte oppe over Svartevatnet, alle som ein. Som perler på ei snor. Kun to stenger flytta eg på. Elles viste minst ein refleks ruta vidare frå den førre, heile vegen til toppen av Toreheia. På toppen var refleksane gode å ha for skodda sin del òg, for der låg morgonskodda ganske tjukk. Så merkinga er av det gode for både mørke og dårleg vèr. Og ikkje minst for ukjende. Tenker at det skal bli fjelltrim i mørketida òg eg...:-)) På veg ned igjen, flytta eg litt på eit par stenger til i inste enden av Krikavatnet. Fekk endra ruta frå eit myrlendt parti til eit litt tørrare. Her nede gjekk eg elles sør at på Yndestadfjellet, og fekk med meg Stongfjorden i morgonlys. Ei veldig fin stund med flott lys over bygda og ut fjorden. Dagens tur vart avslutta nesten før andre var stått opp. Med eit kne som kranglar litt for tida fekk det halde med dette. Eller det vil seie - det vart ein tur inn Solsidevegen der det var samla folk for dugnad og rydding av skog. M.a. Olaug og Peter. Her nådde eg tidsnok fram til kaffi og mat, då rikeleg med folk hadde fått jobben gjort. Men eg bar no heim igjen ei motorsag for Gisle...:-)) Olaug reiste deretter med Dag Tore og Anita på Fanafjellet. Eg har difor teke livet med ro på altanen i t-skjorta, og lada opp til Blegja med Agnar i morgon. Må fullføre jobben frå forrige lørdag.... denne gongen med stegjern og isøks i sekken. Det ender vel opp med at eg ikkje treng nokon av delene denne gongen, er det likt seg....:-)
Fra Toreheia 171009

1 kommentar:

Olga sa...

Wonderful pictures!!
congratulations