lørdag 10. oktober 2009

Dramatikk på Blegja

Mismodig, men like heil... Alt låg til rette for ei flott vinterbestigning av Blegja i dag. Så eg var på plass i Rørvika før kl 08. På turen inn stoppa eg i Løvika først, og tok nokre bilder av ein veldig flott austhimmel. Løvika har nydeleg utsikt inn Førdefjorden og mot morgonhimmelen. I tillegg utsikt opp på Blegja, nesten rett over hovudet. Løvika i dag tidleg... Det er mykje tre av bjørk og rogn opp frå Rørvika. Dei gule bjørkeskogen låg bada i gullskimrande lys frå austhimmelen. Fantastisk flott. Rogna lenger oppe bar endå på bæra, men lauva var for det meste blesne av. I bakkane er det nydeleg utsikt over husa ved fjorden. Førdefjorden låg spegla blå og fin i morgonlyset. Sola var komen på Vevring-sida av fjorden. Oktobermorgon i Rørvika... Håsteinen og Vevring på motsett side av Førdefjorden Første snøen traff eg på etter ein halvtimes tøff stigning. Men det gjekk rimeleg greitt opp til omlag der hytta står. Eg såg det var fotspor i snøen oppover, og lurte på om det var frå i går. Og om vedkommande låg på hytta. Ovanfor hytta såg eg ein rypejeger. Eg passerte han litt lenger nord, og var ikkje i prat med vedkommande. (Eg meiner rypa skulle vore raudlista og freda, så lite som det er av fuglen...) I partiet oppover frå hytta mot Rørviknipa vart snøen betydeleg djupare. Sikkert ein 30 cm eller noko slikt. Her i frå og opp på toppen av Blegja ligg det berre stein og urar.... Det vart eit sværa slit vidare. Ikkje berre det - det vart eit blodslit! For heile tida trakke eg gjennom snølaget og ned mellom store steinar. Eg stod til skrevs rett som det var i snø og holer. Men eg beit tennene i hop og gjekk på... Ved elva under Rørviknipa vart snøen djupare... Då eg kom opp under Rørviknipa og svinga sørover, gjekk det litt lettare. For på ranane her var snøen blesen mykje vekk. Så partiet bort til Nipevatnet gjekk relativt greitt. Den vidare delen oppover og i starten på dei bratte urane, gjekk det forsåvidt ganske bra òg. Det var veldig tungt, men det stod sin prøve. Men i øvste delen av ura mot salen mellom Rørviknipa og Blegja, nesten oppe mot toppen, starta problema. Snøen gjekk meir og meir over til is. Eg var i stuss om det var nødvendig å ta med broddar i dag. Men her var eg glad eg hadde dei med. Så dei kom fort på... Eg kom meg difor eit stykke til før heile dramaet starta.... Mot sør og skaret mellom Blegja og Synste Stauren... For dei som er litt kjende her oppe, så hallar ura bratt mot sørvest. For å komme opp må du traversere ura på langs i øvste kanten oppe under nipa. Og i dag låg isen knallande hard. Broddane berre skrapa toppen på isen. Og tyngdekrafta virka nesten rett ned... Og brått glei eg - og segla mange meter før eg greidde å stoppe i eit snølag, ein 10-20 meter lenger nede. Svarte svingande... Stegjerna hadde ikkje vore i tankane ein gong... Men eg klatra opp igjen og fann ein litt annan passasje, før det glapp igjen...! Og denne gongen vart eg redd. For eg skaut fart på isen nedover, greidde ikkje å stoppe og hadde null kontroll. Ekkelt! Men heldigvis unngjekk eg nokre steinar som stakk opp og havna nesten heilt i botnen av den iseete ura - sikkert 50 meter nedanfor. Ukontrollert segletur frå traversen rett under fjellet... Kor hardt og bratt her er kjem dårleg fram... Eg var jammen glad det gjekk bra! Men fortvila over å måtte gje meg etter alt slitet. Helsike! Så nær, men likevel så langt i frå. Og til topps som eg har gått så mange gonger.... Eg prøvde meg til igjen på ein ny trassè. Det gjekk bra opp igjen, men så måtte eg ut på meir is - og då gjekk endeleg gardina ned for dette teaterstykket. Eg skalv i beina, og fann ut at det sjølvsagt vart endå verre når eg skulle ned igjen. Hvis eg kom meg opp då... SÅ mykje stod det ikkje om å få skifte ut fjelltrimboka... Det var berre ein ting å gjere - SNU! Eg gjekk temmeleg mismodig ned igjen der eg var komen frå. Eg veit ikkje om eg har snudd ein einaste gong siste året... Men etter litt tid kom det seg. Blegja ligg no der i morgon òg... Det vart ein ganske stri tørn heim att òg. Men no var det mogeleg å sjå kvar eg hadde trakka gjennom, så litt lettare gjekk det jo. Eg var likevel ganske utsliten då eg kom med ned igjen til bilen i Rørvika. Og Mission Uncompleted! Trøsta var no at eg gjekk på eigne bein, og ikkje låg i eit helikopter....
Fra Blegja 101009

Ingen kommentarer: