søndag 27. september 2009

Tøft på Stølsfjellet 2

Frå Stølsfjellet i dag tidleg (MMS) Eg tok turen til Rivedal og Stølsfjellet igjen i dag tidleg. Eg hadde jo nesten nett vore der. Men det var for å fullføre det eg hadde sett meg føre med fjelltrimmen i 2009. Det var eit veldig optimistisk mål eg tenkte ut i fjor på denne tid... Så no kveiker eg meg ein sigar - iallefall symbolsk sett (trur ikkje det finst noko slikt her i huset...:-)) Det er vel ikkje så mykje å seie om turen. Den var omlag på ein prikk lik den i går kveld. Einaste skilnaden må vere at eg tok på meg gummistøvlar i dag. Det er lenge sidan eg har gått med sjøstøvlar på fjellet. Er ikkje heilt sikker på om det er god kutyme...:-) Sjø og fjell meiner eg... Men slik forholda er no om dagen, er det iallefall fornuftig. Kom meg greitt over elvane og var like tørr på føtene då eg kom ned igjen som då eg starta! Det hadde eg aldri vore i fjellsko - i dag heller... (To par står no våte på skotørkaren i kjellaren...) Vel, no har det seg ikkje slik at eg har tenkt å slutte å gå. Må halde både kroppen og sjela ved like. Og 10. oktober blir dei nye toppane lagt ut... Då får vi tenke ut ein eittårsplan...:-))
Fra Stølsfjellet 270909

2 kommentarer:

Eli Kristin Magnussen sa...

Jeg er helt imponert over din villighet til å springe i fjellene hver minste ledige tid - uansett vær og føreforhold, he-he :P

Jeg er ny i dette gamet og oppdaget at det er noe som heter Turboktrimmen 2009 i Florø litt vel sent for perioden 1/5 - 30/9. Jeg har gått mange flotte turer i denne perioden men mangler en tur fra å kunne delta, grrr. Det rekker jeg ikke innen fristen heller. Har lært nå, såååå neste år blir det detaljplanlegging. Kan ikke vente på go'vær her på disse kanter. Ut på tur - aldri sur, hi-hi! :P Stå på Gustav, kjekt å lese om turene dine - og ikke minst blinkskuddene!

Unknown sa...

Takk for alle mulige kompliment Eli Kristin. Slikt varmar eit fjellhjarte!

Kjempeartig med fjelltrimmen. Herlig å vere i god form. Du berre MÅ...:-) Litt hekta kanskje...:-) Vèret er berre å gløyme. Fiks deg litt gode klær (eg kan tipse...:-)) Stå på sjølv - og tar du turen over Stavfjorden står eg klar...!