lørdag 19. september 2009

Suffolk og skodde

På veg mot Breiskora på Heilevangstaurane
dukkar Litlehesten opp i morgonsola i aust

Agnar henta Vigdis og meg i Rørvika 7.30. Og saman køyrde vi til Ospelia i Solheimsdalen. Ei fantastisk morgonsol møtte oss der oppe då vi begynte å gå. Utruleg fint og varmt lys omkransa dei haustlege fargane. Det gløda over alt. Som skimrande gull. Eg hamna sjølvsagt etter fordi eg måtte forevige alt dette praktfulle. Eg dreiv ei slags form for intervalltrening bak for stadig å måtte ta igjen tetduoen! Men vi kom oss fort og greitt fram i botnen på Heilevangstaurane.

Ingen av oss var heilt sikre på kvar vi skulle finne beste vegen opp. Breiskora som vegen opp heiter, hadde vi lite kjennskap til. Vigdis og eg hadde aldri gått der. For Agnar sin del var det visst 16 år sidan! Vi bomma difor i oppstarten, og måtte klive opp over nokre glatte hamrar og småskårar, før vi kom oss på rett kjøl. På toppen av Breiskora vart vi møtt av ein frisk synnavind. Dette ligg beint nord for Storehesten. Skodda låg i tillegg tjukk og langt ned i fjellet.

Etter å ha fått på oss litt tørre og vindtette klede, bar turen vestover fjellet. Ganske fort gjekk vi inn i tett skodde. No var det vel egentleg berre eg som hadde gått utover her. Men det hadde berre vore på ski. Bortsett frå ein gong til fots for fleire år sidan. Utover staurane mot Blegja er det berre stein. Stein på stein. I skodda som låg tjukk som graut, var det nærast uråd å orientere seg.

Vindretningen var det greiaste å merke seg. Eit par gonger letta det brått heilt opp slik av vi fekk komme oss inn igjen på kurs. Og litt lenger ute fekk vi heldigvis meir hjelp, då skodda forsvann til vi nesten var komne heilt ute på toppen. Dette var nok ei påminning om at skodda ikkje er noko å spøkje med - iallefall i slikt landskap utan eit einaste haldepunkt. Vardar er her minimalt av!

Eit lite stykke før toppen fekk vi oss ei skikkeleg overrasking då 4 personar kom oss i møte. Folk i denne skodda! Endå større vart forbauselsen då første mann var Sigmund, svogeren min, og neste mann Sillan, bror min, og dei to andre var Rolf K. og Arild L. Dalingar... Dei hadde gått opp frå Fossedalen og ut Blåegga. Og skulle vidare til Langeland til hytta til Rolfen. Det var jo litt av ein plass for eit slikt møte. Men ikkje dessto artigare. Dalegjengen var rett nok så tynnkledde at møtet i den kalde vinden vart av kort art. Og på motsett kurs stakk dei 4 innover der vi var komne frå.

Vi vurderte om vi skulle få oss litt mat etterkvart, men bestemte oss for å gå heilt ut medan skodda var vekke. Det var ei rett avgjerd. For skodda seig på tjukkare enn nokon sinne då vi kom ut på toppen. Ny overrasking møtte oss ved varden då der sat ein mann og ei dame frå Bygstad. Kjende frå langrennseliten i fylket. Dei hadde kome opp frå Hestad. Ganske kjapt gjekk dei òg innover etter gps. Vi fekk i oss noko mat i ly av varden. Likevel vart det så fort kaldt der i vinden og skoddehavet at vi gjekk vest mot kanten og nedstigninga av ura.

Her er det sjølvagt ingen problem med å finne vegen, så godt som vi er kjende.  Med alle vardane som er sette opp i tillegg. (Måtte skryte litt til Agnar over størrelsen på den største der nede..:-))

Hovudgrunnen for turen i dag var å få med seg nokre sauer som hadde gått i området ved Rørviknipa. Eg tok bilde av 6 stk for 14 dagar sidan. Ved fjorden nedanfor hadde ein sett på 14 stk siste dagane. Sidan Vigdis måtte heim til ungane, gjekk ho beint i Rørvika. Medan Agnar og eg vart trålande i området.

Agnar gjekk nord om Rørviknipa. Eg heldt fram ned under hamrane av Rørviknipa og sør mot Tobbedalsvatnet. Eg sat på eit par knausar med god oversikt og saumfòr landskapet med kikkert, men såg ingen ting. Eg hadde nærast gitt opp då eg såg ein kvit dott lenger sør, og eit stykke opp igjen aust av vatnet. Då eg kom nærare dukka det opp fleire dottar. Snart talde eg 11 Suffolk. Eg fekk dei på kjøl mot Nipebua og retning Rørvika. Etter å ha teke ein kikk til rundt eit par hamrar dukka det opp ei søye til med to lam som eg fekk i same leia som dei andre. Kjempegreie!

Suffolksauene stakk stadig vekk til høgre og venstre. Eg sprang som ein hund frå side til side. Men etter ei stund gjekk dei ganske greitt. Neste utfordring var elva dei måtte krysse ovanfor hytta. Dette gjekk forbausande bra òg. Eg var imponert. Og sauene som aldri hadde gått ned igjen denne vegen, gjekk stort sett eksemplarisk.

Det var sjølvsagt eitt dyr som stadig skulle bryte ut, men snart kom det òg på betre tankar... Eg har jammen vore ute for verre dyr enn dette! Eg var ganske happy då Agnar tok meg igjen nede i bakkane under Nipebua. Det vart jo ganske mykje lettare å halde dei på kjøl når dei braut ut, då vi no var to til å ta kvar vår side. Så utanom eit par stunt på kanten av to loddrette stup (det eine minst 200 meter høgt) kom vi oss rimeleg greitt ned igjen i Rørvika! Mission completed! Og vi kunne ta ei lita feiring ilag med eigaren der nede.... Så etter å ha køyrd Agnar i Ospelia til bilen hans, bar det rett heim i dusjen. Ein minnerik tur var til endes i dag òg. Herlig!!


Fra Blegja 190909
Agnar og Vigdis bak varden på Blegja i skodde og vind...

2 kommentarer:

Laila Anita sa...

Utrolig fine bilder fra høstfjellet!

Unknown sa...

Takk skal du ha Laila Anita. Det varmar med kjekke kommentarar:-))