torsdag 23. juli 2009

Tysk besøk

Skodda på Dokka 19/7 var av det varme slaget. Faktisk vart det kaldare kvar gong skoddedottane forsvann. Spesiell oppleving... Må nesten starte dagens blogg med ein par SMS eg fekk av 9-åringen min i går, på veg til Bergen med Olaug for å besøke Kirsten, søstera til Olaug, nokre dagar. Han har sett på ein serie om akvariet i Bergen på TV og vore oppslukt av dette. Akvariet står difor på programmet i by`n. Første SMS`en kom ganske fort etter avreise. Eg fekk melding om at han kjeda seg i bilen. Eg sende tilbake at han kunne no sjå fram til is på ferja Lavik - Oppedal. Svaret som kom igjen var: "Det har eg på ete lista"...:-) Det gjekk ikkje så veldig lenge før det kom ei ny melding - denne gongen med bilda av meg sjølv og meldinga "Du er flink til å ta bilde men nor du blir tat bilde av so blir det en fiasko" med smileansikt bak... Eg har kosa meg og ledd mykje av denne kommentaren etterpå:-)) Eg hadde besøk av Viola & Ben i fleire timar i går kveld. Dei tok ein tur opp frå sommarhuset ved fjorden. Dei når ikkje i det trådlause nettet mitt der nede... Det er 9 år sidan vi vart kjende no. Og dei har vore her fleire gonger. Veldig kjekt og artig å sjå bilder frå bustaden i Pulsnitz og Dresden der dei begge jobbar. Og "inside information" frå Tyskland... Til helga tek eg dei med på ein overnattingstur på Nipebu. Olaug, Peter og Andreas, kompisen til Peter, blir med òg. Har hatt Viola & Ben med på dei fleste fjell her tidlegare, men akkurat Nipebu er eit nytt bekjentskap for dei. (Vel, nytt og nytt - dei er jo faste lesarar av bloggen min...) Ser faktisk ut til at vèrgudane kan vere med oss òg... Nokre feite, blanke fjellkjø på bålet om kvelden, kan jo bli knas... Det her skal bli kjekt! Sosialisering på høgt nivå...:-) Eg tok meg ein kjapp tur på Dokka i kveld etter arbeid. Regnet hadde gitt seg og temperaturen var såpass bra at eg la i veg i berre shortsen igjen. Det var ganske blautt opp over, og eg vart ganske fort våt. Men kva gjer vel det i sommarvarmen...:-) Oppe mot toppen låg det ein heil del skodde. Det betyr lite, for du er ikkje på toppen før det sluttar å gå oppover...:-) Og ned igjen er det egentleg utfor på begge sider i øverste delen... og SÅ tjukk er sjeldan skodda at du ikkje ser om du trakkar utfor...:-) God trim!

Ingen kommentarer: