lørdag 18. juli 2009

Tre fjell

Raudlèt på austhimmelen ved Høgefjellet sør om Gjelsvikstølen i dag tidleg Det gjekk ikkje HEILT som planlagt i dag... Meteorologen bomma iallefall ganske kraftig då han melde om sol og fint vèr det meste av dagen. Det var iallefall minimalt eg såg til sola dåeg stod opp i 6-tida. Så det første eg bestemte meg for var å kutte ut Blegja... (Eg hadde nemleg først tenkt på Rørvika/Blegja/Eitrenipa/Nipebu/Markavatnet) Vel, eg køyrde opp til Markavatnet og fekk meg ein fin morgontur opp standardvegen på Eitrenipa. Overskya og flott temperatur til å gå i berre shortsen. Eg hadde pakka sekken og litt klede, samt smurt meg niste for å gå ut på Nipebu der Agnar er. Der i frå halde fram vestover mot Stølsfjellet til Rivedal. Vel, no gjekk det ikkje slik heller. For då eg kom opp på toppen såg eg regnbyene komme i Guddalsfjella sør om Dale. På Atløyna var det tjukna heilt til. Og medan eg sat der oppe kom dei første regndråpane... Eg var verken innstilt på, eller utrusta til, fleire timar i regn, så det var berre å bite i det sure eplet å returnere til Markavatnet. Den eine bitre pilla å svelgje vart etterfølgt av nummer to, då vèret vart mykje lettare allereie før eg var komen heilt ned igjen. Dette var visst ikkje heilt min dag... Eg reiste iallefall heim igjen. Og vart møtt av eit overraska blikk av fruen i kjøkkenglaset då eg svinga inn på tunet... Men eg var ikkje heilt innstilt på å sitte ved ein benk nede på Skjærgårdstreffet. Solbrillefaktoren var for låg...:-) Så etter ei stund drog eg avgarde på eit nytt raid og tok med meg Dokka på den vanlege ruta. Herleg! Same fine temperaturen og overskya som i føremiddag. Perfekt i berre shortsen. Ikkje for heitt og ikkje for kaldt når eg helt speeden oppe. Og etter å ha sprunge ned igjen frå Dokka, tok eg med meg Stølsfjellet i Rivedal òg. På same måten. Det vart jo ein nydeleg dag egentleg. Berre så synd at eg lèt meg lura av regnbyga eg fekk på meg på toppen av Eitrenipa. Men aldri så gale at det ikkje var godt for noko - for no fekk eg jo med meg tre fjell...:-)) Denne furua søkjer ly for vèret ved å krype etter berget
Fra Eitrenipa 180709
Graset er som ei seng av silke...

Ingen kommentarer: