lørdag 4. juli 2009

Soloppgang på fjorden

Morgon ved Smelværet Eg får seie som Arild sa for litt sia: Kor er Ole Lukkeøye blitt av... Olaug kom igjen frå tur på Høgeheia kl 00.30 der ho, Anne og Magni skulle nyte solnedgangen. Så vakna Peter. Tisse og tørst... Varmt på soverommet og full pakke! Litt før 04 stod eg opp, laga meg frukost og reiste på sjøen for å få med meg soloppgangen og prøve morgonbettet. Soloppgangen i morgondisen i aust var nydeleg. Ny dag. Ulevd... Og egentleg likar eg betre soloppgangen enn solnedgangen! Eg har vel kanskje nemnt det før, men soloppgangen er på ein måte framtidsretta, medan solnedgangen er eit symbol på fortid. På ein måte, tykkjer eg. Sjølvsagt er solnedgangen fin, det er ikkje det eg meiner, men den er melankolsk, nostalgisk. Soloppgangen derimot er positiv og optimistisk... Det var det filosofien då...:-) Fisk vart det ingen ting av ute på Hollevika. Trur eg har gløymt korleis det er å fiske. Eg prøvde med alle slags greier. Men noko småtteri som forsvant ut att i var alt som var. Så miste eg lysta på heile greie, og surfa heller rundt ute i Smelværet i staden og tok nokre bilder. Eg var i land igjen i Stongfjorden allereie i 10-tida. Og sidan har det blitt Stangfjæra og bading. Slaraffenliv. Og ingen fjell... Ja, ja like greitt. Eg har jo vore både tilgjengeleg og sosial. Ikkje verst berre det...:-))

1 kommentar:

AG sa...

Du har heilt rett, ingen ting sler soloppgangen ein fin sommarmorgon :)